Det var VG som først melde at Westerlin har meldt flytting ut av landet.
Ifølgje opplysningar frå folkeregisteret endra han adressa si frå Frogner i Oslo til Sveits 10. november.
Ei rekke nordmenn har valt å flytte til Sveits, særleg på grunn av gunstige skattefordelar i landet.
Sveits er nummer fire på lista over verdas skatteparadis, ifølgje organisasjonen Tax Justice Network.
Det har førebels ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Oskar Westerlin på denne saka.
– Stor trend
Stortingsrepresentant Simen Velle (Frp) opnar for at flyttinga kan vere eit påfunn.
– Det er jo ein ung mann som har ei historie med å drive med PR-stunt. Det er kanskje greitt å ta nokre atterhald her, seier Velle til NRK.
Men han meiner at om at flyttemeldinga er ein del av ein stor trend.
– Det er det berre ei dråpe i havet av det vi dessverre har sett dei siste åra med at nordmenn vel å flagge ut frå det norske fellesskapet på grunn av Arbeidarpartiet sitt skatteregime, meiner Velle.
Oskar Vesterlin er særleg kjend frå podkast-kollektivet «Gutta». Før valet intervjua dei blant anna har intervjua ein annan fersk Sveits-utvandrar, Øystein Stray Spetalen.
– Skadeleg avtale
Andreas Fjeldskår er dagleg leiar i organisasjonen Tax Justice Norge. Han vil ikkje kommentere flyttinga til Oskar Westerlin spesielt.
Men han meiner at skatteavtalen med Sveits er skadeleg for Noreg.
– Dei som jobbar heildigitalt kan jo jobbe frå kvar som helst. Men dei flyttar frå det som kanskje er verdas beste infrastruktur- og velferdssystem, seier Fjeldskår.
Han peikar på at då Kjell Inge Røkke melde flytting i 2022, så var den moglege gevinstskatten frå han på rundt 10 milliardar kroner.
– Det er same summen som kunne dekka to til tre år med gratis barnehage for alle i Noreg, seier Fjeldskår.
Publisert 12.11.2025, kl. 10.52 Oppdatert 12.11.2025, kl. 12.34














English (US)