Demonstrantar og politistyrkar barka saman i den georgiske hovudstaden Tbilisi natt til fredag.
Tusenvis av menneske samla seg på plassen utanfor parlamentsbygninga og blokkerte bygatene etter at regjeringspartiet, Georgisk draum, erklærte at dei ville utsette all forhandling om EU-medlemskap til 2028.
Georgisk draum er eit russisk-støtta parti. Leiaren er milliardæren Bidzina Ivanishvili.
Tbilisi i natt.
Foto: Zurab Tsertsvadze / APFleire videoar delt på sosiale medium og av lokale medium viser at politiet fyrte med vasskanon og brukte peparspray og tåregass mot dei maskerte demonstrantane, som prøvde å bryte seg gjennom politisperrene til parlamentet.
Ifølge Reuters, som var til stades, ropte demonstrantane «russarar!» og «slavarar!» mot politiet.
Innanriksdepartementet seier at tre politibetjentar blei skadde.
Undergrev EU-ønske
For omtrent eitt år sidan, i november i fjor, marsjerte tusenvis av georgiarar i hovudstaden av ein heilt annan grunn.
Dei veiva blå flagg med gule stjerner på, og feira at landet hadde blitt ein kandidat for EU-medlemskap. Det vesle landet har målet om EU skrive inn i grunnlova si, og no var dei eitt steg nærmare.
Sidan har forholdet mellom Brussel og Tbilisi blitt stadig meir anstrengt.
EU-flagg i Tbilisi også i natt, men med heilt andre tonar enn i november i fjor.
Foto: Zurab Tsertsvadze / APEU hevdar at regjeringa misbruker makta si og stiller seg meir på den prorussiske sida enn folket ønsker.
I mai vedtok parlamentet det som på folkemunne blir kalla «russarloven», ei lov som har blitt brukt til å slå ned på sivilsamfunnet.
Omstridt val
Avgjerda om å utsetje EU-samtalar kom etter at EU-parlamentet sjølv vedtok å innføre sanksjonar mot dei georgiske leiarane.
Sanksjonane er ein respons på det omstridde valet i oktober, der krigen i Ukraina blei eit flittig brukt valkampløfte på begge sider.
– Valet var verken fritt eller rettferdig, heiter det i ein resolusjon som blei vedtatt med stort fleirtal i parlamentet torsdag.
Det enda med at begge sider erklærte seg valvinnarar. Sidan har opposisjonen boikotta nasjonalforsamlinga og oppmoda til folkeprotestar.
EU-parlamentet krev også at Georgia held nye val.
Same kveld smalt det altså frå regjeringa. Dei skulda EU for å prøve å presse georgiske leiarar. Som konsekvens, vil dei sette alle samtalar om EU-medlemskap på pause i tre år.
Politiet hentar ut demonstrantar i natt.
Foto: Zurab Tsertsvadze / APGeorgias president, Salomé Zourabichvili, skulda regjeringa for å «erklære krig mot sitt eige folk».
– Kven er det eigentleg de tener? Georgia eller Russland? spurde ho politiet.
Zourabichvili er ein tidlegare alliert av regjeringspartiet Georgisk draum, men sit som uavhengig og er tydeleg for EU-medlemskap.
Publisert 29.11.2024, kl. 07.01