Var det vanleg å bruke kokain i Noreg?

1 month ago 23


Tidleg i episoden ser vi dykkarar som hallusinerer under ein test. Skjedde det?

Fra Lykkeland. En av dykkerne drømmer at han danser inne i trykkammeret, sammen med en kvinne i kort kjole.

Tidleg i episoden ser vi ei kvinne danse i trykktanken.

Foto: Maipo

Ja, det skjedde i verkelegheita òg.

I eit av forskingsdykka på 1980-talet, fortalde for eksempel fleire av dykkarane at dei såg ting som ikkje var der. Dei fortalde også at dei høyrde musikk.

I episode to blir det snakka mykje om pustegassen trimix. Det er ei blanding av helium, nitrogen og oksygen.

Denne blandinga kunne føre til at dykkarane kjente seg rusa. Fleire av dykkarane fortalde at dei høyrde musikk og såg syner.

Hovudet fungerte rett og slett ikkje slik det skulle.

Når det er sagt – om dei heilt konkret såg dansarar i korte skjørt, er ikkje sikkert.

Diskuterte dei å sende dykkarar ned til 400 meter?

Fra Lykkeland. Måler som viser trykk og antall meter dykkerne skal prøve.

I sesong tre blir dykkarane testa på mange måtar, blant anna er det snakk om å sende dei ned til 400 meter.

Foto: Maipo

Ja.

Det blei også testa. Det var fleire eksperimentelle dykk i Noreg på 1980-talet.

Utbygginga i Nordsjøen, og dessutan at olja skulle i land i Noreg, stilte stadig større krav til djupare dykk. Osebergfeltet kravde dykking ned til 300 meter.

I sesong tre av «Lykkeland», snakkar dei mykje om Troll-feltet. Troll-feltet kravde dykking ned til 400 meter. Kunne ein dykke så djupt?

Fra Lykkeland. Nærbilde av karakteren Martin, som har store smerter.

Karakteren Martin får problem i episode to.

Foto: Maipo

Kor gjekk eigentleg grensa for kor djupt dykkarane kunne dykke?

Dette blei testa, blant anna i eit prøvedykk i ein dykkesimulator i Bergen i 1985.

Då arbeidde dykkarane i 11 dagar under eit trykk tilsvarande 450 meters djup, etterfølgd av 17 dagar med dekompresjon.

I 1987 slo Oljedirektoratet fast at det var forsvarleg å sende dykkarar ned til 400 meter. I dag er det utenkeleg. Grensa for arbeidsdykk i Nordsjøen er regulert til 180 meter i dag.

Grunnen til at vi har ei grense, er at det er helsefarleg å dykke djupare. Fleire dykkarar fekk store helseskadar av å delta i forsøka.

Det djupaste arbeidsdykket i Nordsjøen var på 248 meter.

Fanst selskapet Komponent?

Fra Lykkeland. Karakteren Anna er på vei inn i et moderne bygg.

Foto: Maipo

I serien går Anna opp trappene til det som skal vere eit heilt nytt bygg, bygd for selskapet «Komponent».

Er det eit ekte selskap?

Nei. Firmaet er berre oppspinn, det fanst aldri.

Likevel fanst fleire selskap som kan minne om Komponent. Det var fleire oppstartsselskap som prøvde seg på det same som Komponent gjer i serien.

Bygningen ligg heller ikkje i Noreg. Trappene Anna går opp, er til eit konferansesenter i Belgia.

Inngangspartiet til en bygning med mange vinkler og asymetriske glassvinduer. Bygningen tilhører Roularta Media Group i Belgia.

I røynda er dette fasaden og inngangen til belgiske Roularta Media Group.

Foto: Alamy Stock Photo

Så datamaskinene slik ut?

Fra Lykkeland. En mann med lyst hår og grønn skjorte holder på en datamaskin.

Sture Molvik er stolt over datamaskina.

Foto: Maipo

Jepp. Dette var ei nyvinning på 1980-talet.

I 1981 lykkast selskapet IBM med å lage ei datamaskin som blei standard for resten av marknaden.

Meir enn nokon annan enkeltmodell har denne maskina blitt ståande som sjølve symbolet på dataalderen.

Fanst baren «Rockokko» i Stavanger?

Fra Lykkeland. Bartender i blå skjorte heller musserende vin i et glass med stett

Bartenderen er raus med sjampanje i sesong tre, men er baren ekte?

Foto: Maipo

I sesong tre blir vi godt kjende inne på staden «Rockokko», som blir drivne av Toril.

Er det ein ekte stad?

Nei, dette er eit påfunn frå serieskaparane. Utestaden «Rockokko» har aldri funnest. Det er heller ikkje basert på ein ekte stad, men bygd spesielt for fjernsynsserien.

Fra innspillingen av Lykkeland. Skuespiller Pia Tjelta klemmer en av de involverte i produksjonen, med det som forestiller baren Rockokko i bakgrunnen.

Frå innspelinga. Skodespelar Pia Tjelta gir ein klem i kulissane på den fiktive utestaden «Rockokko».

Foto: NRK

Når det er sagt er «Rockokko» basert på straumdrag i tida. Serieskaparane har laga ein stad som var typisk for 80-talet, og altså tidsriktig.

Budde dykkarane så tett?

Fra Lykkeland. Seks dykkere bor tett i en liten test-tank

Null privatliv for dykkarane i test-tanken.

Foto: Maipo

Ja.

For at dei skulle få gjort jobben sin, blei det vanleg at dykkarane budde lange periodar under trykk i spesielle trykkammer. Då budde dei like tett som vi ser det i Lykkeland.

Der kunne dei bu i fleire veker.

Det hadde sine utfordringar. Blant anna var det vanskeleg å hindre at sjukdom spreidde seg i kammeret.

Sjå dykkarlege Svein Eidsvik fortelje om kvardagslivet som dykkar i NRK-serien «Arbeidsplass Nordsjøen».

Dei hadde vel ikkje kaffimaskinrobotar?

Fra Lykkeland. En gul robot står på et bord og deler ut kaffekopper i et møterom.

Kaffimaskinroboten imponerer i Lykkeland! Men fanst han?

Foto: Maipo

I serien imponerer selskapet Komponent med å ha ein kaffimaskinrobot som serverer kaffi i eit møte.

Dette er fri dikting frå serieskaparane si side. Vi har spurt manusforfattaren Mette Bølstad, som seier:

Nei, han er det eg som har funne på.

Var det vanleg å bruke kokain i Noreg på den tida?

Fra Lykkeland. Karakteren Toril sniffer kokain

Toril sniffar mykje kokain. Men var det vanleg i Noreg?

Foto: Maipo

I dag er kokain eit rusmiddel vi høyrer mykje om i Noreg.

Men var det vanleg på 1980-talet?

Tja.

I andre land blei det snakka om ei kokainbølge på 1980-talet. I USA var crack, altså ein variant av kokain, det mest populære rusmiddelet.

Ifølge Folkehelseinstituttet blei det første beslaget av kokain i Noreg gjort allereie på 1970-talet. Alt tyder likevel på at det var beskjeden bruk av kokain i Noreg på 1980-talet.

I mai 1988 rapporterte NRK Dagsnytt at det ikkje var snakk om noka kokainbølge i Noreg, men at bruken var aukande. Særleg i Oslo var det lett å få tak i kokain.

Sjå episoden her!

Vil du ha meir faktasjekk? Sjå tidlegare artiklar her.

Kjelder:

Frode Fanebust: «Djupt urettferdig». Kristin Øye Gjerde og Helge Ryggvik: «Nordsjødykkarar». Ole Martin Ihle: «Da He-man kom til Noreg. Ei forteljing om å vekse opp på 80-talet». Finn Jørgen Solberg: «Ung på 80-talet». Havindustritilsynet. Store Norske Leksikon. NRK. Aftenposten. NTB.

Publisert 27.10.2024, kl. 19.46

Read Entire Article