Det kjem fram i ei ny avgjerd frå Borgarting lagmannsrett, torsdag føremiddag.
Suel Kassembo blir sett fri og kan truleg reise heim til Sunnmøre midlertidig, mot meldeplikt til politiet.
Det har Borgarting lagmannsrett avgjort i dag, etter dei forkasta anken som politiet sendte, etter avgjerda til Oslo tingrett i helga.
Måndag hadde Kassembo eit møte med burundiske myndigheiter, og dei meiner at han ikkje kjem derifrå.
Bakgrunnen for at den burundiske ambassadøren ikkje trur at han er frå Burundi:
- han snakkar ikkje verken kurundi eller fransk
- har ingen kunnskap om burundisk namnetradisjon
- kunne ikkje seie noko om familien sin utover foreldre
- hadde ingen kunnskap om provins, region og kvartal
Møtte utan advokat
Møtet med dei burundiske myndigheitene føregjekk utan advokat, noko tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternat tidlegare har uttalt at kan vere bekymringsverdig.
Elizabeth Baumann i tilsynsrådet har tidlegare uttalt at tilsynsrådet på generell basis meiner at det bør vere advokatar til stades på slike møter.
Publisert 04.06.2026, kl. 10.50 Oppdatert 04.06.2026, kl. 11.00













English (US)