Under ein pressekonferanse hos den amerikanske sentralkommandoen Centcom i Tampa kom USAs forsvarsminister Pete Hegseth med tydeleg åtvaring til det iranske regimet.
– Iran håpar at vi ikkje skal klare å stå i dette over tid, noko som er ei svært alvorleg feilvurdering av den iranske Revolusjonsgarden. Vi har berre så vidt begynt å kjempe, og vi kjempar snarrådig, sa Hegseth.
Forsvarsministeren heldt fram med ei oppdatering på krigen mot Iran, som blir omtalt som «Epic Fury».
Hegseth erklærte at USA har meir enn nok ammunisjon og ressursar til å fortsette kampane så lenge det er nødvendig.
– Tidslinja vår er vår, og den er det berre vi som har kontroll over, sa Hegseth.
Han varsla vidare at operasjonen nå går inn i ein ny fase der målet er å systematisk øydelegge Irans kapasitet til å produsere missil, og ikkje berre øydelegge det dei har av lager og utskytingsstader.
Over 30 iranske skip søkkt
USA har angripe rundt 200 mål i Iran dei siste 72 timane.
– Fram til nå har USA søkkt meir enn 30 iranske skip, sa admiral Brad Cooper som er sjef Centcom.
Han sa vidare at USA hadde angripe eit iransk drone-hangarskip. Han samanlikna størrelsen på skipet med eit hangarskip frå andre verdskrigen.
Han bekrefta at skipet blei treft kort tid før pressekonferansen.
– Det står akkurat nå i brann, sa Cooper.
USA trefte eit iransk droneskip torsdag som dei samanliknar med eit hangarskip frå andre verdskrigen.
Han indikerte at skadane på skipet var omfattande.
Talet på iranske ballistiske missilangrep har falle med 90 prosent og droneangrep har sokke med 83 prosent sidan USA og Israel starta angrepet mot Iran 28. februar.
Hegseth understreka at USA ikkje aksepterer Irans krigføring til sjøs, og at slike fartøy er legitime mål.
Publisert 06.03.2026, kl. 05.11 Oppdatert 06.03.2026, kl. 05.41









English (US)