I Stårheimselva i Nordfjord er det lite som minner om ein buldrande vårflaum når NRK er på besøk.
Men for dei 29 grunneigarane som akkurat har opna sitt eige småkraftverk, er vassmengda gode nyheiter.
– Akkurat no er det gode prisar. Då ser det lyst ut for at dette skal vere eit leveleg prosjekt, seier Ole Martin Rafshol, som er leiar i det lokale elveeigarlaget.
Lite vatn betyr nemleg høge prisar.
Og akkurat no er det uvanleg tomt i fjellmagasina som forsyner Noreg med straum.
– Vi tener pengar med ein gong, seier Ole Martin Rafshol.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK40 prosent under normalen
– Den samla magasinfyllinga er 40 prosent under normalen. Det er unormalt, seier Eivind Samseth i Volt Power Analytics.
Berre to gongar dei siste 30 åra har den hydrologiske balansen vore så låg, viser tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Konsekvensen kan vere at folk i Sør- og Midt-Noreg må førebu seg på ein dyr straumsommar.
Samseth anslår at prisane vil halde seg stabilt høge, og berre falle marginalt i sommarmånadene.
– Kanskje berre 20 øre under det nivået vi har sett no i mai, seier kraftanalytikaren.
Statkraft og Eviny: – Ikkje kritisk enno
Hos dei store kraftgigantane er tonen meir avdempa. Dei minner om at halvtomme magasin er ein naturleg del av årssyklusen før snøen i fjellet smelter.
– Det er lågare enn det var i 2025, men at vassmagasina er låge på denne årstida er heilt normalt. Årsaka er ein kombinasjon av ein kald vinter og at snøsmeltinga kjem noko seinare i gang enn ho pleier, seier seniorrådgivar Thomas Kallevik i Statkraft.
Han slår fast at det er lite snø i fjellet i heile Sør-Noreg, men vil ikkje forskottere sommarprisane:
– Det er ikkje vår rolle å meine noko om.
– Med lite snø i fjellet må vi vere forberedt på at prisane kan bli høgare til sommaren, sa direktør Kjetil Lund i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tidlegare i vår.
Foto: OEDKristina Lysen i Eviny seier at Vestlandet trass alt er velsigna med mykje regn:
– På denne tida skal det vere lågt, for då skal ein ha plass til å ta imot snøsmeltinga.
– Får vi nedbør, kan dette snu.
Dette er drivarane bak straumprisen. Sjå under.
Tomme magasin
Fyllingsgraden i Sør- og Midt-Noreg er kritisk låg, heilt nede i 14 % på Vestlandet. Sidan det er historisk lite snø i fjellet i år, blir den kraftige snøsmeltinga som normalt fyller magasina borte. Då må kraftprodusentane halde igjen på vatnet for å sikre neste vinter.
NRK
Høge gassprisar
Blokkeringa av Hormuzsundet har skapt energikrise og dobla gassprisane i Europa. Sidan gasskraft ofte set prisen på kontinentet, smittar dei høge europeiske prisane direkte over til Sør-Noreg via utanlandskablane, spesielt når den norske eigenproduksjonen er så låg.
Polar Kraft
Vedlikehald i straumnettet
Omfattande oppgraderingar og vedlikehaldsarbeid på overføringslinjene i sommar gjer at vi ikkje får flytta kraft effektivt mellom regionane. Dette isolerer marknader som Midt-Noreg, som tidvis har hatt Europas dyraste straum fordi dei ikkje får avlasting.
Ukjent
Høgt forbruk
Det norske straumforbruket har halde seg uvanleg høgt gjennom våren, med ein auke på opptil 23 % i delar av Sør-Noreg samanlikna med i fjor. Den kalde starten på året gjorde at folk måtte varme opp bustadene mykje lenger. Dette høge forbruket har tappa magasina raskare enn normalt før sommaren.
PAWEL KOPCZYNSKI / Reuters Creative
Dyrare kolkraft i Europa
Europeiske CO2-kvoteprisar har stige, noko som gjer fossil kraftproduksjon på kontinentet dyrare. Sidan Noreg er kopla til dette marknaden via utanlandskablar, importerer vi desse høge kostnadene. Når den norske vasskrafta må sparast på, blir dei europeiske kvoteprisane retningsgjevande for sommarprisen vår.
Matthias Schrader / AP Photo
Svingingar og risiko
Kraftsystemet er meir følsamt for vêr og vind enn før. Sidan Europa satsar massivt på sol- og vindkraft, stig prisane kraftig dei timane det er vindstille eller overskya. Straumselskapa må prise inn denne risikoen, noko som pressar det generelle prisnivået opp.
Kraftig vekst for norgespris
Om regnet blir borte, vil «norgespris»-avtalen skjerme mange norske hushald.
Ordninga garanterer ein makspris på 50 øre per kilowattime, men er ikkje tilgjengeleg for bedrifter og næringsliv.
– Indirekte påverkar dyr straum oss alle. Næringslivet må betale det straumen faktisk kostar, og dei rekningane vil merkast, påpeikar Lysen.
Sidan Europa produserer enormt med solkraft på solfylte dagar, vil kundar i Sør-, Øst- og Vest-Noreg (prisområda NO1, NO2 og NO5) også oppleve dagar og timar der spotprisen går mot null (og under).
Fleire norske straumselskap har likevel oppfordra kundane til å vurdere å teikne kontrakt på «norgespris».
Grafane viser straumprisprognosane til straumselskapet Fortum ved inngangen av mai 2026 og ut året i alle prisområda i Noreg. Prisane i grafen er oppgitt utan moms.
Foto: FortumBakgrunnen er prognosar som viser at prisane vaker mellom 100 og 130 øre/kWh på forsommaren – avhengig av kor langvarig konflikten rundt Hormuzsundet blir.
Tilbake i Stårheim vart timinga på det nye småkraftverket perfekt.
– Det går fint, smiler elveeigarleiar Ole Martin Rafshol.
– Vi tener pengar med ein gong.
Publisert 26.05.2026, kl. 16.22















English (US)