Her får stjerneskotet spansk politi etter seg: – Fekk ein klump i magen

1 hour ago 1


I skjønne omgivnadar skulle Håkon Moe Berg filme nokre kule videoar av leigebilen. Lite visste han at det låg to sivile politibilar på hjul.

– Eg fekk ein klump i magen: Å dæven, no har eg gjort noko gale.

Sjå video lenger nede i saka.

Ungguten som i fjor fekk sitt nasjonale gjennombrot på mellomdistanse, håpar i år å imponere på den største scena, Diamond League.

Men i oppkøyringa stod nok ikkje dette politimøtet på bingokortet.

Håkon Moe Berg

HOBBY: Håkon Moe Berg hadde med seg drone og VR-briller til Japan i fjor.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Under eit høgdeopphald i Spania ville Håkon Moe Berg og treningskameratane hans gjere noko anna enn å trene, sove og slappe av.

– Det å ha med seg drone er ein fin ting, fortel friidrettsutøvaren.

Sjølv om han tidlegare har klart å få droneutstyr med seg gjennom diverse sikkerheitskontrollar rundt om i verda, skulle det bli ein brå stopp på eventyret på den iberiske halvøya.

– Fullt blålys

Frå toppen av eit fjellpass skulle han, frå passasjersetet, filme leigebilen i det den svinga seg nedover terrenget på veg til trening.

Dronen følgde etter frå alle vinklar. Men då den kom seg opp på sida av bilen sa det stopp.

– Plutseleg var det fullt blålys bak, og det var skikkeleg alvor, fortel Moe Berg.

Videoen er tatt like før politiet stoppar den fremste bilen.

Politiet reiv dronen ut av handa på løparen, som prøvde å gjere seg forstått på engelsk.

Nede i dalen venta trenaren til kompisgjengen, Ola Sakshaug. Han trudde først dei hadde køyrt for fort.

– Viss du skal komme deg kjapt fram, set du Håkon bak rattet. Men då kan du risikere å vere død på tur ned, seier han spøkefullt.

en mann iført en blå jakke

TRENER: Ola Sakshaug var letta over at det ikkje var farta som var problemet i bilen til Moe Berg.

Foto: Sør-Trøndelag Friidrettskrets

Han vart letta over at det berre var ei drone-hending.

– Eg blei glad for at dei ikkje hadde gjort noko så dumt. Men dei kom jo for seint til trening, seier trenar Sakshaug.

Inn på stasjonen

For det var ikkje nok med tilsnakk på staden. Turen gjekk vidare til politistasjonen, for å vise pass og ha ein alvorsprat.

– Avhøyr er kanskje å ta i. Dei kunne ikkje engelsk, dei heller. Så vi måtte jo fram med både «Google Translate» og lokaltolk og alt mogleg, forklarar Moe Berg.

Likevel fekk dei rodd det i land etter ein god prat. Også politiet letta på humøret etter kvart.

– Dei drog på smilebandet då dei såg litt humoren i situasjonen. Det er jo berre ei leike, liksom. For meg er det vanskeleg å sjå kva problemet er.

Håkon Moe Berg

VM: Håkon Moe Berg kvalifiserte seg til VM i Tokyo i 2025, men kom seg ikkje vidare frå forsøksheatet.

Foto: SIMON HASTEGÅRD / Bildbyrån

Løpstalentet har likevel tatt lærdom frå hendinga.

– Men eg skjønnar at dei har reglar på det. Og vi gjer ikkje den same tabben igjen.

Trenar Sakshaug legg til at dronebruken gjekk ned etter dette.

– Då blei han litt meir skeptisk til drone. Han prøvde å overtale ein annan trener til å ta med drone. På enden av kvelden sende han ei ny melding: ikkje ta med drone.

Publisert 26.05.2026, kl. 20.38

Read Entire Article