Unge utan jobb eller utdanning: Slik kan Nav hjelpe

12 hours ago 2


Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

Talet på unge som står utanfor arbeid og utdanning skaper bekymring, men eitt grep frå Nav kan bidra til at færre fell ut, viser ny forsking.

Forsker Marthine Thøgersen peiker på at ungt utanforskap er eit tema som har fått mykje merksemd, med overordna, nasjonale føringar, ungdomsgaranti og forsterka innsatsar. (Foto: Thomas Brun / NTB)

– Nav-kontor som jobbar førebyggande og som samarbeider godt med andre tenester, kan bidra til å redusere andelen unge som fell utanfor, seier Marthine Thøgersen. 

Ho har skrive doktoravhandling om korleis Nav og andre tenester jobbar for å hjelpe unge som står utanfor arbeid og utdanning, og meiner det må leggjast større vekt på tidleg innsats og samarbeid på tvers av tenester.

Færre står utanfor der Nav jobbar førebyggande

Saman med andre forskarar frå OsloMet samanlikna Thøgersen dei kommunane som hadde flest unge utanfor arbeid og utdanning med dei som hadde færrast. Forskarane kontrollerte funna for kjende risikofaktorar for at unge kan falle utanfor arbeid eller utdanning. 

Dette betyr at de undersøkte om det kunne vere alternative forklaringar på resultata (sjå faktaboks).

Marthine Thøgersen har forska på korleis Nav kan hjelpe unge som står i fare for å falle ut av skole og arbeid. (Foto: OsloMet)

Analysen viste eit klart mønster: Dei som jobba førebyggande og la vekt på samarbeid med andre hjelpetenester, hadde færre unge som stod utanfor arbeid og utdanning enn dei som først sette inn tiltak etter at ein utfordring hadde oppstått.

Store forskjellar mellom kommunane 

– Noko av det som er problemet når vi snakkar om ungt utanforskap, er kven som eig problemet. Når ungdommen både er arbeidsledig, har psykiske lidingar og det mange kallar skolevegring, så passer dei ikkje inn i sektorinndelinga i velferdsstaten, seier Thøgersen. 

I slike samansette saker er ofte både Nav, kommunen si teneste for rus og psykisk helse og oppfølgingstenesta på skolen inne.

Forskaren fann store forskjellar i korleis kommunane jobbar med denne gruppa unge.

– Det overraska meg, for det var ingen grunn til at eg skulle tenke at tilnærmingane til Nav-kontora skulle sjå så forskjellige ut, seier ho.

Ho peiker på at ungt utanforskap er eit tema som har fått mykje merksemd, med overordna, nasjonale føringar, ungdomsgaranti og forsterka innsatsar. 

Det var særleg var to måtar kommunane skilde seg frå kvarandre på. 

Mens Nav i nokre kommunar jobba førebyggande, valte andre å reagere først når noko gjekk gale. Det kunne bety at hjelpa ikkje blei sett inn før den unge sjølv tok kontakt med Nav, og først etter at dei hadde fylt 18 år. Da hadde dei kanskje allereie falle ut av skole eller arbeid.

Desse Nav-kontora prioriterte i mindre grad førebyggande arbeid, og dei var opptekne av å avgrense ansvarsområdet sitt opp mot andre tenester. Dermed var dei også mindre involvert i samarbeid med andre hjelpetenester rundt den unge.

Slik jobba Nav-kontora som lykkast 

Nav-kontora som jobba førebyggande, var særleg opptekne av tidleg innsats for å unngå at ungdommar mista tilknytinga til skole eller arbeid. 

Dei jobba oppsøkande og aktivt, ofte med ungdommar heilt ned i ungdomsskolealder.

For å få til dette, etablerte dei faste strukturar for samarbeid med andre hjelpetenester. Det kunne vere alt frå faste møte til å flytte inn i same kontorbygg.

– Kommunane som lykkast, skilde seg ut ved å ha strategiar for å finne ut av det dei var usamde om og samarbeide tettare. Dei hadde eit uttala ønske om å bryte ned grenser og etablere meir effektivt samarbeid. Og dei hadde tydelegare kommunikasjon og meir organisert kunnskapsdeling, seier forskaren. 

– Ikkje likeverdige tenester 

Forskjellane mellom kommunane fører til at unge blir behandla ulikt, avhengig av kor dei bur. Det bekymrar forskaren. 

– Denne gruppa får ikkje likeverdige tenester over heile landet. Kommunane gjer det ikkje likt, verken når det gjeld heilskaplege tenester eller grad av tidleg innsats. Og det er stor forskjell på om Nav gjer seg tilgjengeleg og tar imot eller avviser ungdom, seier Thøgersen.

Viss Nav seier at dei ikkje vil gå inn i saka før ungdommen har droppa ut av skolen, så er det veldig risikabelt, meiner ho. For når ein ungdom først har falle ut, så kan vegen tilbake vere lang. 

– Prioriterer det som blir målt 

Thøgersen trur ei årsak til at nokre Nav-kontor samarbeider lite kan ligge i korleis innsatsen deira blir målt.

– Når ein blir målt på heilt andre ting enn godt førebyggande arbeid eller tverrfagleg samarbeid, så vil tidsklemma kunne føre til at dette arbeidet blir nedprioritert. Det kan føre til at ein fokuserer meir på dei interne måla om kor mange ein har fått ut i tiltak eller arbeid på kort sikt, og ikkje på dei tiltaka som gir varig effekt, seier Thøgersen.

Kva bør styresmaktene gjere?

– Å få til eit velfungerande samarbeid er utfordrande - det krev tid, energi og ressursar. Forskinga mi viser likevel at når det gjeld unge utanfor arbeid eller utdanning, er denne innsatsen nødvendig. Det enklaste, men også kompliserte, rådet er å fortsette å samarbeide på tross av usemje og konfliktar, seier Thøgersen.

– Det er viktig å presisere at ansvaret ikkje berre ligg på lokale leiarar og tilsette, men også på direktorat og departement, seier ho.

Funna viser at det mest effektive for å motverke ungt utanforskap er ei heilskapleg og førebyggande tilnærming. Om ein ønsker at Nav-kontora skal ha lik praksis, trengs det tydelegare retningsliner.

Referanser:

Marthine Thøgersen: Tverrsektorielt samarbeid og tidlig innsats for å motvirke ungt utenforskap - Betydningen av lokale NAV-kontors tilnærminger og integrert tjenestelevering. Doktorgradsavhandling ved Oslomet, 2025. 

Marthine Thøgersen: NAV-kontorets rolle i å motvirke ungt utenforskap – proaktive og reaktive tilnærmingerTidsskrift for velferdsforskning, 2023.

Marthine Thøgersen: Integration and differentiation in collaboration between services for youth not in employment, education, or training (NEET)European Journal of Social Work, 2024. Doi.org/10.1080/13691457.2024.2306378

Marthine Thøgersen: Outcomes of Comprehensive Service Delivery and Early Interventions in Countering Youth Exclusion. Journal of Applied Youth Studies, 2024. Doi.org/10.1007/s43151-024-00126-1

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article