Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_8d5e774d6408d1d83003b6ec379ecb25, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Undervising om berekraft: uklart læringsutbyte - NorwayToday

Undervising om berekraft: uklart læringsutbyte

1 day ago 10


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– Korleis kan elevane forstå kva som vert venta av dei når det gjeld kunnskap om berekraft, når dei ikkje får klart definerte læringsmål?

Læringsutbytet til elevane kan delast inn i tre tema: kunnskap, ferdigheiter og tankesett. (Foto: Jarli & Jordan)

Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanen for den norske skulen er:

  • Berekraftig utvikling
  • Demokrati og medborgarskap
  • Folkehelse og livsmeistring 

Temaa skal bidra til at elevane oppnår forståing og ser samanhengar på tvers av fag.

I kor stor grad dei oppnår det, heng naturleg nok saman med korleis læraren tenkjer. Forskar Marthe Arntzen frå Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo har intervjua ti naturfaglærarar frå ungdomstrinnet i eit stort norsk fylke. 

Ho spurde om korleis dei oppfattar omgrepet berekraftig utvikling, og kva dei meiner bør vera læringsutbytet til elevane.

– Berekraftig utvikling vert gjerne delt i tre overlappande dimensjonar: den økologiske, den økonomiske og den sosiale dimensjonen. Sidan dette var naturfaglærarar, var det ikkje heilt uventa at dei fleste kom inn på den økologiske dimensjonen. Den har med miljø og klima å gjera, fortel Arntzen.

Godt utgangspunkt

– Mange nemnde òg økonomien, og rundt halvparten kom inn på det sosiale. I tillegg snakka nokre av lærarane om den politisk/etiske og den teknologiske dimensjonen.

– Naturfag er tradisjonelt faktabasert, med kunnskapar som er enkle å undervisa og vurdera, seier Marthe Arntzen. (Foto: UiO)

Arntzen forklarar vidare at sjølv om lærarane ikkje har nemnd ein eller fleire av dimensjonane eksplisitt når dei har blitt intervjua, har dei ei forståing om at berekraftig utvikling handlar om samspelet mellom dei ulike dimensjonane.

Utgangspunktet for å gje undervising i berekraftig utvikling var dermed rimeleg godt. 

Eit anna spørsmål er kva lærarane tenkjer læringsutbytet til elevane skal vera gjennom undervising om berekraftig utvikling.

Nokre typar kompetanse er enklare å vurdere

– Eg definerte tre tema som læringsutbytet til elevane kan delast inn i: kunnskap, ferdigheiter og tankesett. Kunnskap inkluderer både fagkunnskap, kunnskap om konsekvensar og kunnskap om tiltak , seier Arntzen.

– Temaet ferdigheiter handlar om å tileigna seg og bruka kunnskapen, å tenkja kritisk, og å kunna sjå perspektiv og samanhengar. Det siste temaet er tankesett: å ha berekraftige haldningar, vera bevisst på berekraftige utfordringar, og å ha empati.

Desse temaa femner det ein kan kalla kompetansar i berekraft. Arntzen fortel at dei fleste lærarane har forståing for at kompetansar innan temaa ferdigheiter og kunnskap er viktige for elevane.

– Men kompetansar innan tankesett er ikkje naturfaglærarane like gode til å inkludera som læringsutbyte. Kanskje det har samanheng med at naturfag tradisjonelt er faktabasert, med kunnskapar som er enklare å undervisa og vurdera, seier Arntzen.

Får ikkje klart definerte læringsmål

– Dermed ender det fort med at tankesett-temaet vert overlate til samfunnsfag eller KRLE. Det er eit poeng at naturfag òg må inn på denne biten.

Kunnskap, ferdigheiter og tankesett skal til saman gjera elevane i stand til å tenkja på berekraft som ein heilheit.

– Læringsutbyta som naturfaglærarane har identifisert reflekterer kompetansar som dei sjølv tenkjer er viktig for elevane. Likevel kjem det ikkje fram korleis dei vil setja i verk desse kompetansane i læringsmål for elevane, seier Arntzen.

– Men korleis kan elevane forstå kva som vert venta av dei når det gjeld bærekraftkompetansar, når dei ikkje får klart definerte læringsmål ut over rein kunnskapsoppnåing? Læraren sin intensjon med undervisninga vil dermed ikkje nå heilt fram til elevane.

Referanse:

Marthe Arntzen mfl.: Unveiling perceptions: how science teachers perceive sustainable development and their expectations of students’ learning outcomes through environmental and sustainability education. International Journal of Science Education, 2025. Doi.org/10.1080/09500693.2025.2499215

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article