Tyskland skal evakuere turistar: – Ingen planar om assistert utreise, seier UD

2 hours ago 3


Kamphandlingane i Midtausten held fram måndagsmorgon.

I underkant av 2500 nordmenn har registrert hos Utanriksdepartementet (UD) at dei er i konfliktområdet.

Jan Erik Søndeland er på ferie i Dubai, men kjem seg ikkje heim til Noreg.

En mann som står utenfor (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Søndeland sitter fast i Dubai. Han er ikke den eneste.

Foto: Privat

Flytrafikken i heile regionen er råka av situasjonen. Mange land i Midtausten har stengt luftrommet sitt, og flyselskap har kansellert og omdirigert flygingar.

Alle flygingar til og frå Dubai er kansellert måndag, berre nokon få flyselskap flyg i morgon.

Også internasjonale knutepunkt som Tel Aviv og Doha har innstilte flygingar, skriv BBC.

Tyskland skal sende fly for å evakuere turistar frå regionen. Norge har foreløpig ikkje planar om det same.

Flyet blei kansellert

Jan Erik Søndeland er ein av nordmennene som sit fast i Dubai. Han er på ferie med sambuaren.

Planen var å fly heim søndag. Så måtte dei booka om flyet til tysdag.

– Natta var roleg, så vi håpte å kunne sette oss på det flyet.

  • En person står på en balkong om natten, iført en lyseblå skjorte og grønne bukser. Bakgrunnen viser en by med moderne bygninger og gatebelysning. Veien nedenfor er trafikkert, med biler som passerer. Lysene fra bygningene gir et urbant preg til scenen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Jan Erik Søndeland

Men måndag morgon small det frå luftvernet utanfor hotellet. Det lova dårleg, tenkte han.

Nokon timar seinare kom kontrabeskjeden.

– Også den nye flyginga blei kansellert.

Søndeland håpar at konflikten roar seg, slik at dei kan fly ut så fort som mogleg.

Etter intervjuet fekk han ei gledeleg melding: Han har fått ny flyging – på torsdag.

Søndeland kryssar fingrane for at forsikringa dekker kostnadene han pådrar seg som følgje av kanselleringa.

– Men eg er redd for at alle berre peikar på kvarandre og at eg ikkje får det dekt.

Flyselskap skal «ta vare på deg»

For kven skal eigentleg ta rekninga når reiseplanane blir stoppa av krig?

Forsikringsselskapa If Skadeforsikring og Tryg Forsikring har opplevd stor pågang sidan laurdag frå nordmenn som er i konfliktområda, eller skal reise gjennom landa.

– Mange lurer på korleis dei skal komme seg heim, men dei må forhalde seg til flyselskapet kor dei har bestilt reisa. Det er dei som har ansvar for å frakte deg heim, seier pressesjef Sigmund Clementz i If.

Dersom flyet ditt ikkje går som planlagt, har flyselskapet ansvar for å «ta vare på deg» fram til flyet går, ifølgje Clementz.

Det inneber blant anna at flyselskapet har ansvar for å ordne overnatting.

  • Fleire fly som står på rekke ute på ein flyplass.

    Ingen fly får ta av eller lande ved Dubai internasjonale lufthamn måndag.

    Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP / NTB
  • Kvinne ligg med hovudet på bordet. Ute er det fly. Det er ein flyplass.

    Også reisande ifrå Asia er råka av situasjonen. I Manila har fleire fly til Midtausten blitt kansellert.

    Foto: Aaron Favila / AP / NTB
  • Digital tavle med flygingar. Mange er kansellert.

    Slik ser informasjonstavla på Indira Gandhi internasjonale lufthamn i New Delhi i India ut.

    Foto: Anushree Fadnavis / Reuters / NTB
  • Passasjerer sitter i en flyplasslounge, omgitt av bagasje stablet på traller. Flere personer er samlet med mobiltelefoner og drikke i hendene, tydelig ventende. Omgivelsene inkluderer store vinduer og sitteplasser. Bagasjen består hovedsakelig av røde, svarte og hvite kofferter innpakket i plast. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Reisande i Europa med mellomlanding i Doha eller Dubai er også råka av stengte luftrom og kansellerte flygingar. Her frå London Heathrow lufthamn i England. .

    Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB

Gjensidige utvidar reiseforsikringa til kundar råka av situasjonen i Midtausten, skriv selskapet i ei pressemelding.

Dei opplever ei dobling i tal kundar som tar kontakt. Mange som tar kontakt har spørsmål knytt til reise.

No utvidar Gjensidige reiseforsikringa til å dekke meirutgifter til forlenga opphald. Det kan dekke utgifter som mat og drikke eller hotell.

Følg utviklinga i Midtausten her:

UD: – Ingen planar om assistert utreise

Utanriksdepartementet (UD) får mange førespurnadar frå personar som oppheld seg i dei råka områda. Dei skildrar situasjonen som uoversiktleg, og har framleis krisestab.

I Dei sameinte arabiske emirata er det no over 1400 registrerte nordmenn. Totalt i dei råka områda er det no i underkant av 2500 registrerte nordmenn.

Tyskland skal sende fly til Saudi Arabia og Oman for å evakuere turistar, seier Tysklands utanriksminister Johann Wadephul, skriv AFP.

– Vi skal sende fly til Riyadh og Muscat så fort som mogleg for spesielt sårbare grupper, seier Wadephul.

Dette seier UD til NRK:

– Det er ingen planar om assistert utreise, seier Mariken Bruusgaard Harbitz.

Heller ikkje britiske myndigheiter kjem ikkje til å gjennomføre ei evakuering slik situasjonen er no, men det kan endre seg dersom det ikkje blir opna opp for kommersielle flygingar.

UD rår nordmenn til å nytte deira nettsider for meir informasjon.

– Jagarfly, missil og dronar i lufta

Siv Emanuelsen og ektemannen hennar skulle fly heim frå Dubai måndag morgon.

Slik blei det ikkje.

Flyet blei kansellert. Det er egentlig heilt ok under omstenda, synest ho.

– Vi vil ikkje fly medan det er jagarfly, missil og dronar i lufta. Vi hadde vore bekymra for å bli trefte.

  • Kvinne i sorte klær og briller står på stranden. I bakgrunnen er skyskrapere og vann.

    Siv Emanuelsen

No avventar dei situasjonen og satsar på heimreise i løpet av veka.

– Sannsynlegvis tar det nokon dagar før vi kan reise heim, sier Emanuelsen.

Ho håpar at forsikringa legg ut, og trur at det løyser seg.

– Veldig stor utryggleik

Sjømannskyrkja i Dubai har erfart at folk er uroa over situasjonen.

– Vi tar i mot telefonar heile tida. Det er mange som er uroa. Eg trur vi hadde rundt 100 telefonar i går frå bekymra folk.

Det seier Espen Ingebrigtsen som er operativ leiar i Asia og Europa utanom Spania.

– Vi seier i utgangspunktet at dei må halde seg i ro, men om nokon kjenner seg aleine eller treng eit fellesskap å prate med så inviterer vi dei til kyrkja, legg han til.

Et menneske står foran en hvit bygning med stiliserte vinduer. Bakgrunnen inkluderer grønne planter og busker. Personen har på seg en lys skjorte og holder et par briller i hånden. Bildet er tatt i et solfylt miljø. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Espen Ingebrigtsen opplever at folk er uroa over situasjonen i Dubai.

Ingebrigtsen fortel at situasjonen i nærleiken av kyrkja er akkurat no roleg, og at dei er «forholdsvis trygge».

– Det er veldig stor utryggleik blant folk. Det er behov for informasjon. Det kan aldri bli nok informasjon, seier Ingebrigtsen.

Ingebrigtsen opplyser om at dei ikkje har kapasitet til at folk kjem til dei for å overnatte, men dei innlosjerte fire ungdommar som ikkje hadde noko anna alternativ.

Sjømannskyrkja har ikkje nokon informasjon om når folk kan reise heim.

Over 100.000 britar i Midtausten

Det er også registrert over 100.000 britar i regionen, som ikkje kjem seg heim til Storbritannia.

Storbritannias utanriksminister Yvette Cooper anslår at det er snakk om totalt 300.000 britar i konfliktområda, skriv BBC.

Største andelen av dei råka britane er ferierande, folk på jobbreise eller gjennomreisande, ifølgje Cooper.

Er du interessert i det som skjer i verda? Høyr siste podkast-episode frå Urix:

Publisert 02.03.2026, kl. 15.07 Oppdatert 02.03.2026, kl. 15.26

Read Entire Article