– Nå har «A-laget» komme, og folk ser at han har ei mjuk, fin side. Han er berre ein genuin godgut, hyggeleg og sjarmerande, og når du kjem litt innpå han så skjønner du kva han står for. Han er berre ein god mann.
Det seier landslagsprofil Sander Berge til NRK om Erling Braut Haaland.
I Martin Ødegaard sitt skadefråvær er det nettopp Haaland som blir kaptein i den uhyre viktige VM-kvalikkampen mot Israel på laurdag.
KOMPISAR: Sander Berge og Erling Braut Haaland.
Foto: Lise Åserud / NTB«Sjå det monsteret der»
Berge kjenner Haaland svært godt – og har spelt med jærbuen i ei årrekke.
Men han opplever at dei unge eller uerfarne spelarane som kjem inn på landslaget kanskje er meir usikre på kva slags superstjerne dei plutseleg har blitt lagkamerat med.
– Eg skjønar at folk kjem inn og tenker «sjå det monsteret der», men så drar han ein vits på alle og gjer det på sin måte. Han spreier kjærleik utan at ein heilt forstår det. Han er kaptein nå, men eg meiner han har vakse på seg eit naturleg ansvar over tid, seier Berge.
– Spreier herleg atmosfære
Fulham-spelaren fortel at han ser på Haaland meir som ein venn, enn lagkamerat eller kaptein.
Han rosar Haaland for å forstå sin enorme posisjon – og korleis han kan utnytte han til Noregs beste.
– Eg kjenner han har gått i ei fin retning og tatt meir ansvar. Eg trur det er veldig forløysande for mange å sjå at han berre er ein audmjuk profil med glimt i auget. Han er ikkje berre ein stor profil som gjer jobben sin, og så sit han på hotellrommet for seg sjølv, seier Berge.
– Ein tenker ikkje «å, eg vil ikkje møte på han». Han møter du gjerne på, enten du er ny eller gammal, om du er kokk eller banemannskap på Ullevaal. Det er alltid gøy med han, han spreier ein herleg atmosfære same kor han går. Han har herleg balkan-mentalitet over seg. Han har eit «killer-mode», men så har han også det fine, norske inkluderande i seg òg, seier han.
– Kan drepe med eit blikk
Landslagssjef Ståle Solbakken seier til NRK at inntrykket hans er at Haaland trivst godt som kaptein – og beskriv jærbuen som ein leiar.
– Samtidig er han seg sjølv, og vi har ein sterk kultur, seier Solbakken.
Noreg-sjefen er klar på at særleg Ødegaard og Haaland må forstå kva innverknad dei kan ha på resten av laget.
– Eg har sagt til Martin og Erling at dei må vere klare over makta dei har når det kjem nye spelarar. Dei kan drepe spelarar med eit blikk. Det er viktig at dei er ordentlege folk som tar dei imot med respekt. Det er ein brå overgang å komme hit om ein har spelt i skandinaviske ligaer, seier han.
David Møller Wolfe hugsar godt måten han blei tatt imot på av Haaland da han først spelte seg inn på landslaget. Han rosar City-spissen for behandlinga han fekk den gongen.
– Han er ein ekstremt morosam og «tilbakelent» fyr. Han tok meg veldig godt imot da eg var ny, og snakka mykje med meg. Han forklarte korleis vi har det her og korleis vi skal spele. Sånn er han her òg, seier Wolfe til NRK.
– Korleis var det å møte Erling første gong?
– Det var kult, sjølvsagt. Samtidig er han ein lagkamerat, så eg spør ikkje om selfie, det gjer eg ikkje, seier Wolfe med eit smil.
LAGKAMERATAR: David Møller Wolfe, Erling Braut Haaland, Andreas Schjelderup og Thelo Aasgaard under VM-kvalifiseringskampen i fotball der Noreg slo Moldova 11-1 på Ullevaal Stadion.
Foto: Cornelius Poppe / NTB– Imponerer meg mest
Kristoffer Ajer, som også har spelt med Haaland på landslaget i fleire år, seier han berre har lovord å seie om superstjerne-lagkameraten sin.
– Det som imponerer meg mest med Erling, er at han er den beste fotballspelaren i verda. Men så har han ikkje forandra seg i det heile personlegdomsmessig sidan eg trefte han første gong, seier Ajer til NRK.
I Manchester City får Haaland mykje ros i City for å ta godt imot nye spelarar. Den italienske landslagsmålvakta Gianluigi Donnarumma takka nordmannen for måten han hadde behandla han på sidan overgangen frå PSG.
– Det er det som gjer han enda betre, på ein måte. Eg har eit utruleg forhold til han. Han ønskte meg velkommen med ein gong, sa Donnarumma til Citys nettside.
Ajer kjenner godt igjen den sida av han.
– Han er veldig fin. Han pratar med alle og er like open og omgjengeleg med absolutt alle på landslaget. Så ein kan få eit litt anna bilde gjennom media av han. Fordi han er ein skjerma person, ein av dei mest ettertrakta personane å prate med. Og da blir ein kanskje litt skjerma for dei verkelege utsegnene. Men eg synest han gjorde ein god figur på A-laget, der han viser kven han verkeleg er, meiner Ajer.
KAPTEINANE: Martin Ødegaard (t.v) er skadd, nå skal Erling Braut Haaland vere kaptein mot Israel. Her blir dei intervjua av TV 2s Marius Skjelbæk etter sigeren mot Moldova.
Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån– Før tenkte ein på motstandaren
Før Israel-kampen står Noreg med åtte strake sigrar. Rekorden er ni strake sigrar, han kom under daverande landslagssjef Nils Johan Semb i 1999.
Sander Berge meiner, i tillegg til eigenskapane utanfor banen, at Haaland har gitt landslaget noko heilt nytt også når det gjeld psykologien inn mot kampane Noreg skal spele.
– Eg trur det er ein tryggleik for mange å sjå han i garderoben før kamp. At vi har ein sånn spelar. Før spelte Noreg, og ein tenkte på profilane til motstandaren, nå ser du deg rundt i garderoben og fryktar ingen. Vi kjenner heller at dei fryktar dei gutane vi har. Det gir ein morosam inngang på kampar, meiner Berge.
Kampen mot Israel laurdag kveld har avspark 18.00. Den kan du sjå på TV 2 eller høyre direkte på NRK Sport på radio.
Publisert 09.10.2025, kl. 07.11