Trump vil avslutte klimaovervaking: – Gir oss utruleg viktig informasjon

23 hours ago 4


Trump-administrasjonen har kunngjort at dei vil kutte stønaden til to Nasa-program kalla «Orbiting Carbon Obervatory» – OCO.

Programma overvaker klimagassutslepp i verda og tilstanden til naturen.

– Observasjonane som desse satellittane gjer er heilt avgjerande for å følgje med på klimaendringane over heile verda, seier Jonathan Overpeck. Han er klimaforskar ved universitetet i Michigan i USA.

Det er dei to einaste føderale satellittprogramma som er laga spesielt for å overvake klimagassar som varmar opp planeten, skriv NPR.

Ein av satellittane står i fare for å styrte og brenne opp i atmosfæren om stønaden blir kutta. Den andre er eit instrument tilknytta den internasjonale romstasjonen, ISS.

Det kan bety at viktig informasjon blir utilgjengeleg for forskarar, politikarar og bønder, skriv nyheitsbyrået Associated Press.

Forskningsleder Marianne Tronstad Lund

Marianne Trondstad Lund meier me mister ein viktig kjelde til informasjon om klimaendringar.

Foto: Astrid Arnslett / Cicero

Kan gi svar på viktige spørsmål

– USA har vore utruleg viktig for å drive klimaforskinga framover.

Det seier Marianne Tronstad Lund. Ho er forskingsleiar ved Cicero. Ho fortel at OCO mellom anna gjev oss eit bilete på CO₂ sitt kretsløp i atmosfæren.

– Det kan seie oss noko om korleis hav og planter tar opp CO₂, og om det kjem til å endre seg etter kvart som klimaet endrar seg, fortel ho.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)

Gå til NRKs Klimastatus

Programma gir og eit bilete av korleis klimagassar fordeler seg i atmosfæren. De kan gje svar på om ulike klimatiltak har ønskt effekt.

Ho meiner det er viktig å ha langvarige observasjonar. På den måten kan ein sjå korleis utsleppa endrar seg.

En storm i havet

Eit bilete teke av Aqua-satellitten. Han hjelper mellom anna å overvake skogbrannar.

Foto: HANDOUT / AFP / NTB

– Kombinert med modellar vi lagar, kan det gi oss kunnskap om kva som vil skje framover, held ho fram.

– Det er ikkje sånn at vi no mistar all kunnskap om CO₂ i atmosfæren, men vi mistar ein viktig kjelde til informasjon, seier ho.

Forskingskutt og oppseiingar

Det er ikkje dei einaste satellittprogramma som Trump-administrasjonen ønsker å kutte i. Mellom anna ønsker han å kutte finansieringa av Aqua-satellitten. Han hjelper mellom anna å overvake skogbrannar.

en rakett som skytes opp med en sky av røyk og et sterkt lys

Aura-satellitten var skoten opp i atmosfæren i 2004.

Foto: MASTER SGT. RODNEY JONES / AP / NTB

Andre program er Terra- og Aura-programma som skal følgje med på solstråling, kraftig nedbør og skyer, skriv CNN.

Tidlegare i år mista over 800 i NOAA og den nasjonale vêrtenesta NWS jobben.

USA har også slutta å måle luftforureining ved over 80 ambassadar rundt om i verda. Dette var eit program som gav data om alvorlege helsefarar, skriv Washington Post.

USAs president Donald Trump

Trump har fleire gonger uttrykt eit ønske om å kutte i forsking på klima.

Foto: Reuters

– Prinsippet verkar å vere at om vi stoppar å måle klimaendringar så vil dei berre forsvinne frå den amerikanske kollektive hukommelsen, seier klimaforskar Michael Mann ved universitetet i Pennsylvania.

Lund ved Cicero meiner kunnskap er grunnleggjande viktig for samfunnsutviklinga.

– Klimaendringar har kome dit at vi allereie ser konsekvensar. Til dømes skogbrannar, flaum og storm. Å miste kunnskap om kvifor det skjer er djupt problematisk, seier ho.

Overvaking av tørke og matmangel

Trump-administrasjonen seier dei ønsker å kutte ut programma for å redusere kostnader, men fleire klimaforskarar fryktar at det er ein del av det dei meiner er Trump sin anti-klimapolitikk.

Kostnaden av å oppretthalde drifta av OCO er 15 millionar dollar i året.

Det kosta kring 750 millionar dollar å designe, bygge og skyte dei opp i atmosfæren.

Satellittprogramma har mellom anna hjelpt forskarar å mellom anna finne ut at regnskogen i Amazonas slepp ut meir karbondioksid enn han absorberer.

en stor elv med et skilt på

Amazonas er den største regnskogen i verda.

Foto: MAURO PIMENTEL / AFP / NTB

Satellitten kan òg hjelpe med overvaking av tørke og dermed føreseie matmangel.

Håper å finne ei løysing

David Crisp er ein tidlegare Nasa-tilsett. Han var med på satellittprosjektet OCO i oppstarten og fram til 2022. Han håper no at kongressen vil stemme for å oppretthalde finansieringa.

– Ser ein på det økonomiske, er det ein dårleg ide å avslutte eit Nasa-program som gir oss utruleg viktig informasjon, seier han.

Både i representanthuset og senatet er republikanarane i fleirtal. Det er det partiet som Trump representerer.

Ein anna løysing er å gå til private investorar, fortel Crisp.

Publisert 19.08.2025, kl. 21.01

Read Entire Article