Trump skal i pavens gravferd – Zelenskyj ønsker å møte han

5 hours ago 5


Pave Frans døydde andre påskedag 88 år gamal.

I helga strøymer verdsleiarane til Roma for å delta i gravferda på Petersplassen i Vatikanstaten.

Programmet er strengt. Seremoniane er planlagt ned til minuttet.

Men rundt om i Roma kjem det til å gå varmt i diplomatiet desse dagane. Over 50 statsoverhovud skal delta, ifølge Vatikanet sjølv.

– Anledningar opnar seg når ein går inn og ut av kyrkja til å knytte nokre kontaktar, seier Kåre Aas som er tidlegare diplomat.

– Det er ein del av normalen at ein bruker kvar ei anledning til å snakke saman.

Rundt om på hotell og ambassadar kjem verdsleiarane til å møtest for å snakke om heilt andre ting enn pavens bortgang denne helga.

– I nokre tilfelle så drar ein kanskje primært for bilaterale møter og i mindre grad for hovudpersonen, seier tidlegare diplomat Kåre Aas.

Pave Frans død i Peterkirken

Pave Frans ligg med open kiste i Peterskyrkja.

Foto: ANDREAS SOLARO / AFP / NTB

– Det er lite tid, så det blir den viktigaste som avgjer kven dei har tid til å møte, seier Janne Haaland Matlary som er professor i internasjonal politikk.

Det er kanskje ikkje så overraskande kven som er midtpunktet.

– Uhyre viktig no

USAs president Donald Trump skal delta i gravferda. Det skal også Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Klokka 08.15 landa den ukrainske presidenten i Roma.

Ein tenestemann opplyser til Reuters at dei to presidentane kan møtast under gravferda.

Dette er første gangen dei to møtes fysisk sidan Donald Trump skjelte ut Zelenskyj i Det ovale kontoret. Sidan den gangen har dei to snakka saman på telefonen.

– Når Trump kjem, så iler dei til alle saman, seier Matlary.

janne Haaland Matlary

Janne Haaland Matlary er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo. Ho er også tidlegare statssekretær i Utanriksdepartementet.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Den siste tida har mange statsleiarar reist til USA for å snakke med Donald Trump om handelskrigen og forhandlingane om krigen i Ukraina.

Seinast denne veka tok statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg turen.

Å drive med diplomati under spesielle høve som eit bryllaup eller ein gravferd er heilt vanleg, forklarar Matlary. Det er derimot ikkje tidspunktet:

– Det er akutt krise i Ukraina og Europa, seier Matlary.

Sidan Donald Trump blei innsett som USAs president har han arbeida for å til ein våpenkvileavtale mellom Ukraina og Russland.

President Donald Trump and Norwegian Prime Minister Jonas Gahr Støre during a bilateral meeting in the Oval Office of the White House, Thursday, April 24, 2025, in Washington

USAs president Donald Trump saman utanriksminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg. Under møtet snakka dei mellom anna om krigen i Ukraina, sa Støre i etterkant.

Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTB

Både russarane og ukrainarane har kvar for seg forhandla med amerikanarane. Ingen avtale ligg på bordet enda. Krigen i Ukraina held fram for fullt.

Fleire vil snakke med Trump

Zelenskyj har sagt at han ønsker å snakke med Donald Trump i Roma. Det vil EUs Ursula von der Leyen også.

– Ein vil jo prøve å påverke Trump til å ikkje trekke ut etterretning og våpenhjelp til Ukraina, seier Matlary.

Kåre Reidar Aas

Kåre Aas er tidlegare norsk diplomat og har vore direktør i Utanriksdepartementet.

Foto: Alf Simensen / NRK

Det trur ho derimot ikkje vil lykkast.

– Men det er jo hovudgrunnen til at Zelenskyj dukkar opp her, seier Matlary.

Under desse uformelle samtalane har gjerne berre nokre minutt til å snakke saman, forklarar Aas. Dagsordenen er heller ikkje avklart.

Kva er største utfordringa med å ha uformelle samtaler med Trump?

– At ein ikkje veit kva han skal ta opp. Kanskje kjem med overraskingar og det har vi jo sett under hans tid som president, seier Aas.

Haakon, kronprins av Norge, Mette-Marit, kronprinsesse av Norge smiler
Espen Barth Eide iført briller og dress

Kronprinsparet og utanriksminister Espen Barth Eide skal delta i Pavens gravferd.

– Må ikkje overspele viktigheita av det heller

Det er ikkje berre møtet med det den amerikanske presidenten som blir viktig, seier Aas.

Lista over kjente deltakarar er lang.

Frå Noreg kjem både Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit. Det gjer også utanriksminister Espen Barth Eide.

– Det er ikkje berre den amerikanske presidenten som blir viktig her, men også relasjonar innanfor regionar og andre europeiske leiarar, seier Aas.

en mann iført dress og slipsMohammad Mustafa i dress og slips

Espen Barth Eide skal møte Palestinas statsminister Mohammad Mustafa og Ukrainas utanriksminister Andrii Sybiha i Roma.

Espen Barth Eide skal ha fleire møter i løpet av helga, opplyser utanriksdepartementet.

Fredag møtte han både Ukrainas utanriksminister og Palestinas statsminister.

– Det er ein arena der alle kjem, og den bruker vi aktivt, sa han til NRK i etterkant.

Eide skal også møte utanriksministrane til Brasil og Colombia.

Pave Frans i hvit kappe snakker med en mann i dress

USAs tidlegare president Joe Biden skal også ta del i pavens gravferd.

Foto: KEVIN LAMARQUE / AFP / NTB

Men det er sjølvsagt ikkje berre diplomatiet som står i fokus denne helga.

– Desse samtalane tek jo heller ikkje over for sjølve hendinga, seier Aas.

Matlary seier at ein heller ikkje må overspele viktigheita av at toppleiarane snakkar saman i Roma.

– Om Trump ikkje hadde dukka opp, så hadde alle dei andre dukka opp likevel.

Publisert 26.04.2025, kl. 08.36 Oppdatert 26.04.2025, kl. 08.41

Read Entire Article