– Trump har gitt seg på så godt som alle punkt. Kostnadane var for store.
Det seier sjeføkonom i Sparebank 1 Markets, Harald Magnus Andreassen.
USA har nettopp kunngjort at dei har skrive under ein avtale med Kina.
I den nye avtalen har tre hovudpunkt:
- Varer frå Kina til USA går frå 125 til 30 prosent toll.
- Varer frå USA til Kina går frå 145 til 10 prosent toll.
- Avtalen varer i 90 dagar.
Andreassen meiner USA ville få mangel på mange typar varer dersom dei ikkje endra tollsatsane.
– Denne avtalen er godt nytt for økonomien i USA og amerikanske forbrukarar, men også for heile verdsøkonomien, seier han.
Sjeføkonom i DNB Carnegie, Kjersti Haugland, meiner tollnivået var så høgt at avtalen har tvunge seg fram.
– Med over 100 % toll var det i praksis ikkje handel mellom landa. Over tid ville varer blitt sendt via omvegar, men også det ville gjort ting dyrare.
Både Andreassen og Haugland omtalar avtalen som «leveleg».
– Etter denne avtalen kan det bli handel, men også med 30 % toll blir kinesiske varer mykje dyrare for folk i USA, seier Haugland.
Kjersti Haugland er sjeføkonom i DNB Carnegie, som tidlegare heitte DNB Markets. Meklarhuset lanserer sitt nye namn i dag etter oppkjøpet av svenske Carnegie.
Foto: William Jobling / NRKDNB Carnegie sine analysar er at det verste er bak oss. Dei trur det blir mindre turbulent i tollpolitikken framover.
– Mykje tyder på at Trump har fått kalde føter. Inntrykket er at han gjekk ekstremt hardt ut for å skape mest mogleg press i forhandlingane. Eg trur framleis Trump står fast ved å bruke toll som verkemiddel, men at dei vil unngå ekstremt høge tollsatsar.
Publisert 12.05.2025, kl. 10.27 Oppdatert 12.05.2025, kl. 10.32