Torsdag ettermiddag landa eit russisk fly i Alaska. Det tok av frå Moskva litt før klokka sju, og landa i Anchorage rundt klokka 16.40 norsk tid.
Flyet var av typen Ilyushin Il-96-300, ein flytype som blir brukt av president Vladimir Putin.
Men presidenten sjølv var ikkje om bord. Truleg er det ei gruppe medarbeidarar, ein såkalla fortropp, som no er på plass i Anchorage for å førebu toppmøtet mellom den russiske og den amerikanske presidenten.
Møtet startar klokka 21.30 norsk tid fredag.
Dette russiske flyet som landa i Anchorage torsdag ettermiddag. Biletet er frå mai 2024.
Foto: Mikhail Metzel / AP / NTBSamtidig som russarane flaug inn over amerikansk territorium, kommenterte Donald Trump det kommande møtet i eit intervju med Fox News Radio.
Hovudtema for møtet er krigen i Ukraina.
Bord og stolar skal på plass i eit mellombels pressesenter som er etablert i Dena'ina Civic and Convention Center i Anchorage.
Foto: Jae C. Hong / AP / NTB– 25 prosent sjanse
– Eg veit ikkje om vi blir samde om ei våpenkvile her og no, men eg trur vi kjem til å inngå ein avtale, sa Trump.
Trump sa at dersom møtet går bra, vil han ringje den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj og europeiske leiarar når det er over. Men han la til:
– Det er 25 prosent sjanse for at møtet ikkje blir vellukka.
Vladimir Putin sin talsperson, Dmitrij Peskov seier at det ikkje er planar om å signere noko dokument i samband med toppmøtet.
– Det vil vere ein stor feil å prøve å spå utfallet av høgnivåforhandlingane mellom Russland og USA, sa han torsdag.
Trump sitt arbeid for våpenkvile og fredsavtale i Ukraina
Volodymyr Zelenskyj saman med den britiske statsministeren Keir Starmer i London torsdag.
Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTBVil ha møte med Zelenskyj og Putin
Donald Trump ser for seg at det kan bli aktuelt med eitt eller to oppfølgingsmøte.
– Vi har tre stader som er aktuelle for eventuelle oppfølgingsmøte. Eg trur ein avtale vil komme først i eit toppmøte der også Zelenskyj deltek, sa han.
Trump ønskjer eit slikt møte raskt.
Zelenskyj var torsdag i møte med den britiske statsministeren Keir Starmer i London. Tema for møtet var blant anna tryggingsgarantiar for Ukraina.
Det er utarbeidd eit forslag om at europeiske og allierte styrkar skal kunne bidra til å sikre Ukraina «på land, til sjøs og i lufta», med ein mogeleg amerikansk tryggingsgaranti som støtte.
Tysklands forbundskanslar Friedrich Merz tok imot president Volodymyr Zelenskyj i Berlin onsdag.
Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP / NTBEuropeisk møtemaraton onsdag
Zelenskyj deltok også på fleire møte med europeiske leiarar onsdag. Den tyske forbundskanslaren Friedrich Merz var vert for ein videokonferanse med leiarar frå Frankrike, Storbritannia, Italia, Polen, Finland, EU og Nato.
Dei hadde deretter eit møte der også Donald Trump og visepresident J.D. Vance deltok.
Dei europeiske leiarane understreka blant anna at det er viktig å få på plass ei våpenkvile raskt, og at det ikkje må takast ei av avgjerd om Ukraina si framtid utan at Ukraina deltek.
– Er håpefull
Den amerikanske utanriksministeren, Marco Rubio seier det er nødvendig å diskutere både tryggingsgarantiar og territorielle spørsmål dersom det skal bli fred i Ukraina.
Han la til at han er håpefull framfor møtet i Alaska.
Putin rosa torsdag Trump for arbeidet med å stanse krigshandlingane og å få på plass «avtalar som er i alle involverte partar si interesse».
Russland og Ukraina har torsdag utveksla 84 krigsfangar kvar. Opplysningane er stadfesta både at det russiske forsvarsdepartementet og president Volodymyr Zelenskyj.
Samtidig som toppmøtet nærmar seg, aukar intensiteten i krigen i Ukraina, særleg i aust.
I byen Druzjkivka i Donetsk gjekk det torsdag kveld ut ordre om omfattande evakuering av barnefamiliar som følgje av russiske angrep.
Publisert 14.08.2025, kl. 21.05 Oppdatert 14.08.2025, kl. 21.48