Det er femte gong dei to statsleiarane møtest etter at Donald Trump blei president i USA i januar for snart eitt år sidan.
Denne gongen, som tidlegare, er det venta at den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu reiser til USA med ei bøn til Trump om å føre ei hardare linje mot Israel sine fiendar.
På trappa utanfor Trump sin luksuseigedom Mar-a-Lago i Florida seier Trump at han og Netanyahu har fem hovudtema dei skal diskutere saman i dag.






Trump tar i mot Netanyahu i Florida.
ReutersVåpenkvile i Gaza og Iran sitt atomprogram blir nemnde når dei to statsleiarane møter. Det er også venta at dei skal snakke om Israel sine angrep i Syria og ein mogleg krig med Hezbollah i Libanon.
Også kalkun skal vere eit samtaletema, Sa Trump like etter han møtte Netanyahu.
I tilsynelatande koordinerte antrekk møtte Netanyahu og Trump pressa før eit lukka møte.
Foto: Alex Brandon / AP / NTBDet er likevel samtalane om våpenkvila i Gaza det er knytt mest spenning til. Dei er framleis ueinige i nokre punkt i avtalen, før den går inn i ein andre fase.
Våpenkvile på prøve
I oktober reiste Donald Trump på det som kunne likne ein siste seiersetappe til Midtausten for å ferdigstille våpenkvileavtalen for Israel si krigføring mot Gaza.
Sjølv meinte Trump at med ein våpenkvile i boks hadde han fått fred i Midtausten for første gong på 3000 år.
Men på bakken i Gaza har israelsk aggresjon framleis prega kvardagen.
80 dagar etter signering, har Israel drepe 414 palestinarar i Gaza, viser tal frå Gaza sine helsemyndigheiter som er kontrollerte av Hamas.
Mange i Gaza bur framleis i telt. Dei siste dagane har vore prega av mykje nedbør, flaum og sterk vind.
Mykje nedbør har ført til flaum på Gaza. Slik såg det ut i flyktningleiren Maghazi første juledag.
Foto: EYAD BABA / AFP / NTBI ein ny IPC- rapport blir matmangelen i Gaza ikkje lenger rekna som ein hungersnaud. Likevel peikar FN på at situasjonen er alvorleg der tre av fire personar står overfor akutt svolt og underernæring.
Våpenkvileavtalen er delt inn i tre fasar. No begynner tida å renne ut for Trump for at avtalen skal kome inn i si andre fase. Men nokre sentrale punkt gjenstår.
Eit krav frå Israel i våpenkvileavtalen var at Hamas skulle legge frå seg våpena. I dag gjentok Hamas at dette ikkje kjem til å vere eit alternativ:
– Folket vårt forsvarar seg sjølve og vil ikkje gje opp våpena så lenge okkupasjonen held fram, sa den nye talspersonen for Ezzedine al-Qassam-brigaden, Abu Obeida.
Andre punkt som Trump lova var at Israel skulle trekke seg tilbake, at det skulle bli etablert tryggingsstyrkar i Gaza og at Trump skulle etablere eit fredsråd.
Ingenting av dette har skjedd så langt.
Eit vennskap i turbulens
Israel og USA har hatt eit tett samarbeid over mange år. Ingen anna statsleiar har besøkt Trump enn Netanyahu sidan Trump blei president.
Men det siste året har vore prega av opp- og nedturar for dei to statsleiarane.
Donald Trump tok personleg i mot den nye leiaren i Syria Ahmed al-Sharaa i mot med opne armar. Det har provosert den israelske statsministeren. Den siste tida har fleire syrarar blitt drepne i israelske angrep.
Ingen anna statsleiar andre har besøkt Trump så mykje som Netanyahu. Her er dei saman i Det kvite hus i september.
Foto: Evan Vucci / AP / NTBNetanyahu og Trump er også ueinige om kva utanrikspolitikk som gangar Midtausten mest. Trump ynskjer å stabilisere og bygge fred, noko han ved fleire høver har sagt hastar. Netanyahu har eit større fokus på Israel sine tryggingsutfordringar i regionen.
Interessert i å følge med på det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonen sin podkast:
Publisert 29.12.2025, kl. 19.32 Oppdatert 29.12.2025, kl. 19.59














English (US)