Heretter skal alle stemmer, også dei omstridde poststemmene, vere levert innan valdagen.
Ordren krev dokumentasjon for statsborgarskap, som pass, for å kunne stemme i føderale val.
Den gir føderale byrå makt til å kutte finansiering til statar som ikkje følgjer ordren, og instruerer Justisdepartementet til å straffeforfølgje det dei kallar «valbrotsverk».
– Denne presidentordren er lovlaus, meiner Danielle Chang.
Ho er stemmeretts-advokat ved den ideelle organisasjonen Campaign Legal Center.
Stabssjef i Det Kvite Hus, Will Scharf, kallar ordren «den mest omfattande presidenthandlinga i nasjonens historie».
Tiltaket søker også å blokkere delstatar frå å akseptere poststemmer etter valdagen, uavhengig av når dei blir sendt inn.
Mange av bestemmelsane i ordren vil sannsynlegvis bli raskt utfordra og er juridisk tvilsame.
Den amerikanske grunnlova gir eksplisitt statar og Kongressen autoritet til å setje reglar for val og gir ikkje presidenten lov til å gjere det.
Etter at Trump signerte ordren tysdag, varsla Trump at kjem fleire valendringar dei neste vekene.
Då han tapte valet mot Joe Biden i 2020, påstod Trump at valresultatet var tukla med og Biden sin siger skuldast valfusk.
Det blei slått klart fast at og dokumentert at dette ikkje stemte.
Publisert 25.03.2025, kl. 23.06 Oppdatert 25.03.2025, kl. 23.07