To månader etter forliset, våga Julie seg til sjøs igjen

3 days ago 3


Julie Kolbeinsvik, tidlegare styrmann om bord på Northguider

– Det er ein kjempestor forskjell frå tida før og tida etter første tur om bord igjen.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Tankane begynte med ein gong eg kom heim igjen.

Det er den nest siste dagen av året 2018.

Julie Kolbeinsvik er akkurat heime igjen frå Svalbard. Frå ein jobbtur som enda på ein heilt annan måte enn nokon hadde førestilt seg.

Det er nesten uverkeleg at ho faktisk er her.

Eigentleg var ho sikker på at hennar siste time var komen, to dagar tidlegare.

Forliset i ishavet

Fredag 28. desember 2018 er trålaren «Northguider», med 14 menneske om bord, på jobb i Barentshavet.

Det er iskaldt, 22 minusgrader, snø og kraftig vind.

Stummande mørkt, både dag og natt.

Julie er 24 år og styrmann på trålaren som er på jakt etter barentshavreker.

No har dei bestemt seg for å gjere eit forsøk i Hinlopenstredet, mellom Spitsbergen og Nordaustlandet på Svalbard.

Men så skjer det som ikkje skal skje.

Vind og straum tek kontroll over båten, og vender kursen rett mot land.

"Northguider" på grunn

ISKALDT: I snøstorm og bitande kulde må mannskapet på 14 personar ut på dekk. Frykta er at trålaren når som helst skal vippe over på sida eller gå rundt.

Foto: Marcus Krogtoft/NRK

Julie, som ligg på lugaren og prøver å sove etter nattevakt, blir vekka av lyden av stål som møter stein.

MS Northguider har gått på grunn.

Er det ein plass du ikkje vil havarere, er det her. For hjelpa er langt unna.

Det nådelause havet

Medan bølger og vind dunkar trålaren hardt mot land, prøver Julie desperat å få kontakt med omverda.

Båten er for langt nord til at dei har tilstrekkeleg dekning.

I 40 minutt blir ho ståande å rope på radioens nødfrekvens, utan å få svar.

Det kjennest som at det aldri skal ta slutt.

Men så får dei omsider kontakt, og beskjed om at helikopter er på veg.

Men for Julie er det heilt usannsynleg at redningshelikopteret skal klare å finne dei.

Det krenger i den havarerte trålaren, og ho ser for seg at dei når som helst skal hamne i det iskalde vatnet.

Og havet er nådelaust.

Redningsaksjon Northguider

Foto: Lufttransport

Redningsaksjon i stummande mørke

I snøkaos og mørke prøver helikopteret å finne havaristen, som har mista straumen og er mørklagd.

Det er nesten som å leite etter nåla i høystakken.

Mannskapet om bord på trålaren skyt opp nødrakettar. Det gir akkurat nok lys til at helikopteret klarar å finne dei.

Det blir ein redningsaksjon på grensa til kva som er mogleg.

Fjorten iskalde fiskarar blir heist opp. Dei er redda.

Julie Kolbeinsvik blir reddet av helikopter

REDDA OPP: Julie er den niande personen som blir heist opp i redningshelikopteret, som flyr mannskapet til Longyearbyen på Svalbard.

Foto: Sysselmannen

Utover nokre brekte ribbein og frostskadar på hender og føter, blir ingen skadd i forliset.

Men på innsida er det mykje som er røska opp.

Motivert, men redd

Sjokk, sinne, fortviling.

Det er mange kjensler og ulike fasar Julie skal gjennom i tida etter forliset.

Ho prøver å forstå kva som eigentleg skjedde der ute på havet.

Vêr og vind blei for kraftig.

Statsadvokaten har i etterkant gitt bøter til både reiarlaget og kapteinen for grunnstøytinga.

Snart må Julie finne ut korleis ho skal klare å gå vidare.

Men ho har allereie tenkt tanken:

Shit, eg må om bord igjen.

Mannskaper fra Kystverket og Kystvakten ombord på Northguider 7. januer 2019 for å tømme tråleren for drivstoff etter grunnstøtingen romjula 2018.

FROSEN TRÅLAR: Ti dagar etter forliset, var mannskap frå Kystverket og Kystvakta om bord på Northguider for å tømme trålaren for drivstoff etter grunnstøytinga.

Foto: Kystverket/Kystvakten

Men det sit langt inne å oppsøke havet på nytt.

Det som heilt frå barndommen av har vore ein plass for leik, moro og etter kvart arbeid. No er det den siste plassen ho vil vere.

– Eg har ein jobb å gjere med å bli trygg igjen.

Julie veit at ho må jobbe igjen. Ho har framleis rekningar og huslån som må betalast. Og arbeidsplassen hennar er på havet.

I tillegg manglar ho eitt år til sjøs, for å få det siste maritime sertifikatet ho er på jakt etter: Kapteinssertifikatet. Men skal ho ha det, må ho om bord igjen.

Det blir ein motivasjon for Austevoll-jenta.

Valet ho tek, skal bli avgjerande. Og i etterkant skal ho bli hylla av andre for det ho vågar å gjere.

Opp på hesten igjen

Julie får fleire telefonar og tilbod frå reiarar som vil ha ho med ut igjen på havet. Dei veit at det er viktig å kome seg i gang igjen. Ikkje la frykta vinne.

Men kroppen stretar i mot.

Julie må overtyde seg sjølv om at ho kan klare det. Nærmast tvinge seg sjølv.

Ho snakkar med familie, vener og to timar hos krisepsykolog.

– Eg måtte fortelje hovudet og kroppen at det me var gjennom i Hinlopen var unntaket, ikkje regelen.

Det tek tid. Men Julie har bestemt seg for å klare det.

Ho takkar ja til ein reiar som vil ha ho med ut i Nordsjøen. Det kjennest som eit tryggare farvatn enn Barentshavet, med betre dekning og kortare reiseveg.

Ung kvinne sitter på kanten av en båt, kikker mot solnedgangen, har på seg regnbukse eller en fiskerbukse.

Foto: Privat / NRK

Likevel gruar ho seg veldig i tida før ho skal til sjøs igjen.

Minna frå den dramatiske turen berre nokre månadar tidlegare, sit framleis friskt i minne.

– Eg ville ikkje at det skulle gå ti år og så skulle eg framleis vere redd. Eg måtte opp på hesten igjen.

Det har gått drygt to månader sidan forliset, når Julie går opp landgangen og den nye arbeidsplassen hennar legg frå land.

På utsida ser ho kanskje kontrollert ut. Men på innsida er det full storm.

Suget i magen

Den første turen blir intens og krevjande.

– Det verste var å vere på frivakt, ligge på lugaren og ikkje vite kva som skjedde oppe på brua.

Kjenslene herjar på innsida.

I friperiodane brukar Julie lang tid på å hente seg inn igjen.

Ho kjenner korleis kroppen reagerer på det som skjer rundt henne, utan at ho har heilt kontroll.

– I starten kunne det smelle i ei dør, så var eg klar for å forlate bygget.

– Dei første to åra hadde eg mange fysiske reaksjonar som andre kanskje ikkje kunne sjå. Eg blei klam i hendene og fekk sug i magen. Krisepsykologen sa det var vanleg å ha i to år, og det stemte veldig godt for meg.

Julie Kolbeinsvik

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

Snart lærer Julie seg å ta kontroll over dei vanskelege tankane.

Når dei dukkar opp, fortel ho seg sjølv at ho har kontroll. Løfter blikket og ser rundt seg. Så fortel ho seg sjølv at dette går bra, at det ikkje er farleg.

– Eg klarar å vere rasjonell og ta pusten tilbake. Men draumane kan framleis bere preg av det som skjedde.

– Eit draumescenario

Julie sitt val om å oppsøke det som er vanskeleg, blir rosa.

– Dette er jo draumen vår, for å sei det slik.

Rolf Gjestad er førsteamanuensis og psykolog ved senter for krisepsykologi ved Universitetet i Bergen, og har jobba mykje med menneske som har vore involvert i kriser.

– Jo fortare ein kjem seg i gang igjen, når ein gjenerobrar det gamle livet, jo betre er det.

Gjestad meiner det ikkje er noko som tyder på at tida skal lege alle sår, heller motsett. At ein risikerer å setje seg fast i mindre heldige mønster.

Difor er det bra å kome seg i gang igjen, så snart som mogleg.

Krisepsykologen er klar på at det å vere involvert i slike hendingar eller ulukker, ofte skapar ein del uvanlege, men likevel normale reaksjonar.

Julie framfor raudt fartøy før heimreise

VENDE TILBAKE: Julie reiste til sjøs igjen drygt to månader etter forliset.

Foto: Privat

– Mange slit med alt som kan minne om det som har skjedd. Når ein står i ein ny situasjon som minner om det gamle, framkallar det ofte mange av dei same reaksjonane. Det skal gjerne ikkje så mykje til.

For å unngå ubehagelege reaksjonar, unngår vi ofte situasjonar der desse blir «aktivert», forklarar psykologen.

– Men å kome seg i gang igjen er oppskrifta på betring, rett og slett. Det å eksponere seg for ubehag, kan redusere og sløkke angsten.

Vann over frykta

Men folk har ulike måtar å handtere vanskelege situasjonar på.

– For nokre er det vanskelegare å kome i gang igjen, og ein blir gjerne sittande meir fast. Det kan vere ulike grunnar til at dette kan vere vanskeleg.

Viss ein ikkje eksponerer seg, ikkje prøver å kome i gang igjen, kva kan det føre til?

– I verste fall stoppar livet opp, i meir eller mindre grad. Ein blir eit slags offer for hendinga.

Krisepsykologen meiner det er viktig å gjere så godt ein kan. Både eksponere seg, men også gi seg fri frå det å tenkje på dette og passe på og leve best mogleg.

– Det er viktig å hugse på at denne prosessen må skje

Northguider

BÅTVRAK: Det tok over to år før vraket etter trålaren blei fjerna frå Hinlopenstredet. Aldri tidlegare har det vore gjennomført vrakfjerning så langt nord, ifølge Kystverket.

Foto: Kystverket

Nesten sju år etter forliset i isøydet, er Julie glad for valet ho tok om å reise ut igjen på havet.

– Det trur eg har vore heilt avgjerande. Eg har ikkje redselen på same måte, som eg trur eg hadde hatt om eg ikkje hadde reist om bord igjen.

I tida etter ulukka, har Julie fått seg familie og jobb på land. Men ho er framleis i den maritime næringa med sporadiske turar til sjøs.

– Eg er ein erfaring rikare, som gjer at eg i jobben min no ikkje berre tenker at det som handlar om HMS berre er papirarbeid. Det er faktisk hendingar me skal forhindre med å ha førebyggande tiltak.

Julie tenker annleis om risiko no enn før.

– Viss du jobbar med risikofylte ting, så kan det faktisk gå gale. Det er ikkje berre alle andre rundt deg det skjer med, det kan vere deg.

– Har du vunne over frykta?

– Ja, det vil eg sei. Den er der, men eg veit korleis eg skal leve med den og eg veit korleis eg sannsynleg vil handle om noko skjer igjen. Den har ikkje kontroll på meg, eg har kontroll på den.

Hei!

Takk for at du las denne saka!

Har du tankar eller innspel, send meg veldig gjerne ein e-post!

Publisert 08.09.2025, kl. 18.05

Read Entire Article