– Før såg ein på hijaben som Berlinmuren. Om hijaben fall, ville også den islamske republikken falle, fortel historikar Mohammad Mehdi Izadi til NRK.
Det er to år sidan rasande iranarar samla seg i gatene for å protestere mot landets undertrykkande lover overfor kvinner.
Eit fellesskap oppstod. Rørsla fekk namnet «Kvinne, liv fridom» etter slagordet som blei ropt i gatene.
Eit politisk jordskjelv
Ungdom, vaksne, kvinner og menn stod saman om eit felles mål. Å tvinge det islamske presteskapet i kne. Izadi kallar det eit «politisk jordskjelv».
Protestane starta som ein reaksjon på at 22 år gamle Jina «Mahsa» Amini blei arrestert og mishandla til døde av det iranske moralpolitiet for å ha hatt på seg hijaben for laust.
I dei påfølgande protestane lét kvinnene sjalet falle. Hijab-påbodet blei raskt eit symbol på landets undertrykkande lover.
Samhaldet i gatene gav håp om endring.
I fleire månader demonstrerte folk i gatene i fleire byar i Iran. Moralpolitiets respons var brutal. Tusenvis blei arresterte og minst 500 drepne, ifølge menneskerettsgrupper.
Mange av dei som overlevde arrestasjonane, har fortalt om brutale valdtekter og andre former for overgrep til Amnesty.
Blitt meir fryktlause
Center for Human Rights in Iran har snakka med fleire unge iranarar som deltok i protestane, som ikkje let seg skremme.
Dei fortel at protestane gjorde dei meir fryktlause, og har ført til meir solidaritet mellom kvinner i landet.
Sjølv om ikkje folk lenger er i gatene, er Kvinne, liv, fridom-rørsla framleis i live.
Fleire iranske kvinner har droppa hijaben, skriv Center for Human Rights in Iran (CHRI), som kallar det ein stille revolusjon.
– På merkeleg og strålande vis har ikkje desse unge menneska slutta å utfordre regimet enno.
Det seier Moloud Hajizadeh, ekspertkommentator i BBC Persia.
– Iranske kvinner følger eit slagord i kvardagen sin. Dei seier: «Vi skal aldri tilbake».
Som journalist i heimlandet, uttrykte Hajizadeh seg kritisk til det konservative islamske styret. For dette blei ho dømd til ti dagar i kvinnefengselet Qarchak. Tidlegare fangar skildrar opphaldet som eit helvete på jord.
I 2021 klarte ho å flykte til Noreg, og fekk politisk asyl her.
Då dei første unge kvinnene og mennene tok til gatene i september for to år sidan, var Hajizadeh blant dei som hadde håp om endringar.
– Eg har ikkje så store forhåpningar til dette i dag. Men eg trur likevel at det iranske samfunnets søken etter fridom er større enn nokon gong før.
Hajizadeh er skuffa over korleis situasjonen i landet utvikla seg etter protestane, og fortel at undertrykkinga av kvinner har auka kraftig.
«Krig mot kvinner»
Tanken var jo at dersom hijaben fall, ville styret falle med han.
– Men no er hijaben kasta, i alle fall delvis, og styresmaktene består, seier Izad.
Ayatolla Khamenei sit framleis trygt ved makta, og landets lover er dei same.
Aldersgrensa for å gifte seg er 13 år for jenter, 15 år for gutar. Ein dommar kan godkjenne lågare aldrar, melder Human Rights Watch.
Er ei kvinne gift, må ho få løyve av ektemannen for å reise ut av landet. Mannen kan reversere løyvet når som helst.
Samstundes starta det iranske regimet det Amnesty kallar «ein krig mot kvinner» i april i år.
Moralpolitiet blei styrka for å slå hardt ned på alle som bryt med hijab-påbodet, med overvaking, slag, seksuell vald, elektrosjokk og tilfeldige arrestasjonar.
Hajizadeh har mista det vesle håpet ho hadde om regimeendring. Men trass i at regimet er det same, trur ho at samfunnet no går i ei meir progressiv og liberal retning.
Etterskjelva av opprøret
Moralpolitiet greidde å knuse gateprotestane i 2022, men historikaren Mohammad Mehdi Izadi meiner at presteskapet framleis må forhalde seg til Kvinne, liv, fridom-rørsla.
Han peiker på valet av Masoud Pezeshkian som ny president i sommar.
Sjølv om han kanskje ikkje er like reformvenleg som iranske styresmakter framstiller han, er han den einaste i makteliten som har innrømt at Amini faktisk blei drepen i varetekt, og at moralpolitiet ikkje kan halde fram slik.
– Han er heilt på kollisjonskurs når det gjeld Khamenei sitt syn på hijab, mellom anna. Så det at Khamenei likevel gav han posisjonen, tolkar eg som at han ikkje hadde anna val enn å prøve blidgjere folket, seier Izadi.
Publisert 15.09.2024, kl. 19.13