«Making a million dollars a year is easy»
«How I made one million dollars at only 18»
Den eine sjølvsikre mannen etter den andre, dukkar opp på skjermen til Tinius Aabøe-Løvvold når han skrollar på TikTok.
Dei vil alle motivere unge menn og gi råd til korleis ein kan tene millionar.
– Det er så lett å bli manipulert og tru på det dei seier, men det er så mykje tull, seier 16-åringen frå Stokke.
Han innrømmer at han har vore avhengig av mobilen sin. Før kunne han bruke opptil fem timar framfor skjermen kvar dag.
Så endra han livsstil. Fem timar skjermtid blei til fem minutt.
– Må ha sjølvdisiplin
Ni av ti nordmenn bruker sosiale medium, viser tal frå SSB. Barn og unge i alderen 16 til 24 år står for den største andelen.
– Ein må prøve å avgrense skrollinga, sånn at ein får meir tid til å gjere ting som faktisk betyr noko, meiner Tinius.
Han har derfor sett ei tidsgrense på kor lenge han «får lov» til å vere på sosiale medium kvar dag.
Etter fem minutt inne på TikTok, går alarmen.
Nedst i saka kan du lære korleis du gjer det.
Men varselet kan ein lett ignorere. Med eitt enkelt tastetrykk er videoane av rike menn i dress tilbake på skjermen.
– Ein må ha sjølvdisiplin og seie til seg sjølv at den knappen bruker ein ikkje, seier Tinius.
Tida han har til overs, bruker han på musikk. Han har starta sitt eige firma som DJ.
No kjenner Tinius på meir meistring, fortel han.
– Indirekte har eg blitt lykkelegare, fordi eg set av tida som trengst til å få til det eg har lyst til å få til.
Tolv år i snitt på mobilen
Ein heilt normal person bruker i snitt tolv år på mobilen i løpet av livet, seier Petter Bae Brandtzæg.
Han er professor i medium og innovasjon ved Universitetet i Oslo.
Brandtzæg forskar på mediebruk blant unge. Gjennom arbeidet, har han ei oppleving av at fleire unge ønsker å gjere som Tinius.
Ein doktorgrad frå Universitetet i Bergen viser det same.
– Mange er låste til korleis dei bruker sosiale medium. Det er der problemet ligg. Dei trur at dei ikkje kan påverke algoritmane, men det kan dei.
Professoren kallar skrolling i sosiale medium for eit samfunnsproblem, fordi ein ofte skrollar utan mål og meining.
Det kan føre til utfordringar for den fysiske og psykiske helsa. Ein kan få hovudverk, problem med å sove og smerter i kroppen grunna stillesitting, seier han.
– I tillegg kan ein kjenne på eit generelt ubehag psykisk om ein skrollar mykje. Ein føler at ein har kasta bort dagen.
– Eg sletta X
Elevar på Hjalmar Johansen vidaregåande skole i Skien seier at dei prøver å ta kontroll over eigen sosiale medium-bruk.
Julian Kasander Berntsen
– Det første steget er å vere klar over at du blir påverka. Eg sletta X fordi det blei for negativt. På TikTok og Instagram kan eg lettare styre kva eg ser.
Semine Stokke
– Eg trykker på "ikkje interessert" viss det dukkar opp innhald eg ikkje vil sjå. Då får eg meir av det eg likar.
Eirik Horgmo Nomme
– Eg tar pausar frå sosiale medium når eg treng det. Små ting som ein tur eller ein telefonsamtale hjelper meg å kople av.
– Spør deg sjølv: «Får eg noko ut av det?»
16 år gamle Tinius er glad for at han har klart å finne ein balanse som funkar for seg.
No blir han ikkje lenger påverka av rike menn på TikTok.
For sjølv om det kan freiste å tene mykje pengar raskt og enkelt, vil han heller drive med det han likar – og kanskje tene nokre kroner på det.
– Eg har eit mål om å bli rik, men aller mest vil eg halde på med noko som gjer meg lykkeleg.
Tinius rår andre på sin eigen alder til å ta kontroll over skjermbruken.
– Sett ei tidsgrense for deg sjølv. Det treng ikkje vere så strengt som fem minutt, men spør deg sjølv: «Gjer det meg lykkelegare? Får eg noko ut av det?» Viss svaret er nei, må ein ta nokre grep.
Her kjem i så fall forslag til grep.
Demp varslingar
Inne på «innstillingar» finn du «varslingar». Der kan du velje kva du vil ha varslar på og ikkje og om du vil ha på lyd. Blar du ned, kan du velje dette for kvar enkelt app.
Avgrens skjermtida
Vi du avgrense din totale skjermtid eller tida du kan bruke i enkelte appar, går du inn i «innstillingar», vel «skjermtid» og slår på «appgrenser».
Skru av utvalde varslingar i appane
Inne på de fleste appar, som på Snapchat, kan du også avgrense kva for type varslar du vil ha. Gå inn i den bestemte appen, finn «innstillingar» og deretter «varslingar».
Publisert 27.04.2025, kl. 07.52