På Meløya seter i Einunndalen går det i desse dagar føre seg eit unikt forskingsprosjekt.
Ein undersøker korleis geitene kan sleppe ut mindre metan når dei rapar, pustar og prompar, med ei metode som ikkje er brukt før.
– Eg har lese mykje, og eg har ikkje lese at nokon har gjort det vi gjer no, seier prosjektansvarleg i Metanhub, Eirik Selmer-Olsen.
Eirik Selmer-Olsen er ansvarleg for prosjektet Metanhub.
Foto: Geir Olav Slåen / NRK- Forskarar veit allereie ein del om korleis kyrne kan prompe og rape mindre skadelege gassar. Bønder er i gang med annleis fôring.
Målar metanutslepp
Drivhusgassen metan blir rekna som enno meir skadeleg for klimaet enn CO₂. Ifølge miljødirektoratet står landbruket for over 50 prosent av utsleppa av denne gassen.
På setra i Nord-Østerdalen går ein geiteflokk, som no blir forska på og beiter. I forskingsprosjektet går nokon på innmarksbeite og andre på utmarksbeite.
I tillegg blir nokon fora med kraftfôr som har metanhemmarar i seg. Resten får det vanlege kraftfôret.
Slik skal dei finne ut kva for faktorar som spelar inn på metanutsleppa frå geitene.
Dei har alt gjort forsøk på mjølkekyr, og har planar om å gjere det med ammeku og sau.
Foto: Geir Olav Slåen / NRKFleire gonger om dagen går geitene inn og ut av ein varebil som står ute på setra. Varebilen er full av kammer, og i desse blir det gjort målingar av kor mykje metan dei slepp ut.
Forskarane kartlegg og kva dyra et når dei er ute på beite. I fjellet er det nemleg mange plantesortar som er rike på tanin.
Fleire gonger om dagen er geitene innom varebilen for å måle kor mykje metan dei slepp ut.
Foto: Geir Olav Slåen / NRK– Forsking viser at dette kan ha ein metanhemmande effekt, seier Margrete Eknæs, forskar ved NMBU.
Difor kan beite ha innverknad på mengda metan geitene slepp ut. Dette skal forskinga forhåpentlegvis seie nok om.
Spent på resultata
Elsa Marie Rødby (Sp), Stortingsrepresentant for Akershus som er kommunen NMBU ligg i, var og på besøk på setra. Ho er svært positiv til prosjektet.
– Saman med forskarar frå Ås gjer landbruket ein kjempestor jobb for å gjere det dei kan når det gjeld klimautslepp.
Stortingsrepresentant for Akershus, Elsa Marie Rødby (Sp), er positiv til prosjektet.
Foto: Geir Olav Slåen / NRKHo er spent på kva som kan kome ut av forskinga.
– Vi har klimaforpliktelser som gjer at vi må jobbe betre med for eksempel metanutslepp, og no ser vi i praksis at det er mogleg. Det synst eg er utruleg positivt.
- Kyr reknast ofte som klimabomber, fordi dei et gras. Det viser seg også at planteetarane blant menneske prompar meir.
Publisert 05.09.2024, kl. 16.54