Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Debattane har rasa i mange år. Ny forsking gjev svar.
Dette er knølkval som jaktar på loddestimar, rett aust av Jan Mayen i 2018. (Foto: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet)
Vågekvalar slukar i seg sild, nisene fortærer lodda og haverten jaktar på torsk langs sjøbotnen.
Kvart år et sjøpattedyr 11 millionar tonn fisk i Nord-Atlanteren.
Et dei opp fisk som fiskarane kunne fangsta?
Debatten har rasa i mange år og i mange land.
Heilt nye forskingsresultat syner korleis mengda sjøpattedyr og mengda fisk påverkar kvarandre.
– Funna var uventa, seier havforskar Benjamin Planque.
– Forholdet er veldig asymmetrisk. Vi ser at mengda sjøpattedyra kan ha store følgjer for fisken, men ikkje motsett. Fiskemengda påverkar ikkje sjøpattedyr særleg.
Kven et kor mykje av kven
Forskarane har granska årsakssamanhengen mellom sjøpattedyr som kval, niser og sel, og dei kommersielt viktigaste fiskebestandane i Barentshavet og i Norskehavet.
Ved hjelp av data frå tokt, frå fiskeria og frå diettstudiar, har havforskarane rekonstruert matvanane til rovdyrene over ein periode på over 30 år, frå 1988 til 2021.
Modellering av næringsnettet let forskarane rekne ut kor mykje av kvart bytte som kan gå til kvar predator.
Kombinert med årsaksanalysar, kan havforskarane undersøke konkrete samanhengar: Om ein ting vert endra i x, så vert dette effektane hjå y.
Eller, dersom mengda sjøpattedyr aukar med 1.000 tonn, kva skjer med fiskebestandane eller motsett?
Forskarane har undersøkt korleis marine pattedyr og fisk påverkar kvarandre, særleg om fleire marine pattedyr gir mindre fisk i Norskehavet og Barentshavet. (Foto: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet)
Eit tonn kval meir, er eitt tonn fisk mindre
Svaret: Då går fiskebestandane ned – og potensielt mykje.
Forskarane har granska over 1.000 mogelege samansetillingar av næringsnettet. I snitt var effekten negativ – omtrent 1 til 1.
– Det betyr at dersom det er 1.000 tonn meir sjøpattedyr i eit år, kan vi vente om lag 1.000 tonn mindre fisk i det neste, seier Planque.
Meir fisk i havet kan på si side ha ein positiv, men beskjeden, effekt på sjøpattedyra. Dersom det vert 1.000 tonn meir fisk eit år, kan det verte 13 tonn fleire sjøpattedyr det neste.
– Dette heng truleg saman med at sjøpattedyra er generalistar i matvegen. Om det vert dårleg tilgang på fisk, et dei noko anna – anten det er krill eller blekksprut, seier Planque.
Får ikkje meir fisk av å fjerne sjøpattedyr
Resultata betyr vidare at dersom sjøpattedyr-populasjonane aukar mykje, kan dei potensielt by på utfordringar for fiskeriet.
– Då kan fiskebestandane minke. Særleg dersom det er fiskebestandar som allereie er under press frå andre faktorar, som overfiske eller klimaendringar, seier Planque.
Samstundes peikar studien på at rette medisin for styrka fiskebestandar ikkje er å redusere talet sjøpattedyr, til dømes gjennom meir jakt.
– For å ha ein positiv effekt, slik at det skal verte meir tilgjengeleg fisk å fiske på – måtte ein jakta enorme mengder sjøpattedyr. Langt meir enn det som er etablert praksis i dag, seier Planque.
I eit langtidsperspektiv på 30 år er utslaga mindre – då har effektane dempa seg.
– Det er ulike mekanismar i økosystemet som kompenserer – som at ein bestand byter matvanar når tilgangen på favorittmåltidet vert dårleg, eller at det vert betre oppvekstvilkår og mindre konkurranse blant bytta som er att, seier havforskaren.
Treng meir overvaking
Samstundes påpeikar forskaren at det er store usikkerheiter i estimata. Medan dei negative effektane frå sjøpattedyr på fisk potensielt er store, er dei også usikre.
Effekten kan vere mindre, men han kan óg vere tre gongar så høg. Motsett veg, når det gjeld effektene fisk har på sjøpattedyr, er effektane sikrare.
– Desse stammar både frå datamangel og frå at samhandlingane i eit næringsnett er veldig komplekse og berre delvis forstått, forklarar forskaren.
For å redusere usikkerheita, er ein av nøklane betre overvaking og meir presise estimat over tid både av kor mange sjøpattedyr som lever i Nord-Atlanterhavet og kva desse et.
Referanse:
Benjamin Planque mfl.: From trophic flows to causal effects: marine mammal–fish interactions in the Norwegian Sea and Barents Sea. Proc Biol Sci., 2026. Doi.org/10.1098/rspb.2025.2363

5 hours ago
4












English (US)