– Det har vore veldig, veldig bra så langt. Eg merkar at eg kjem meir og meir inn i gjengen, inn i klubben og måten vi skal spele på, så det er kult.
Det seier Wolfe til NRK om den nye klubbkvardagen sin. Noregs landslagsback skifta i sommar klubb frå nederlandske AZ Alkmaar til Premier League-klubben Wolverhampton.
Dritslenging
Så langt har det meste vore som venta, men det er også sider av engelsk fotball som har overraska han.
– Det som har gjort mest inntrykk er kor stort Premier League er, og kor mange små «faitar» det er i løpet av ein kamp. Det får ein ikkje med seg på TV. Altså all dritslenging mellom trenarbenkene som blir forbanna på kvarandre og slike ting, seier han.
TIL ENGLAND: David Møller Wolfe har starta karrieren i Premier League.
Foto: Chris Radburn / Reuters / NTB– Ord som ikkje er eigna her
Sidan han speler på backen, fortel han at det er lett å få med seg ting som blir ropt frå sida.
– Ja, eg får med meg ein del. Og så har eg sete på benken i ein kamp òg, då fekk eg også med meg litt, seier han.
– Men ta oss med på innsida, vi som ikkje opplever det sjølv. Kva blir sagt?
– Nei, det er jo berre ting som blir sagt for å psyke ut motstandaren. Å få seg sjølv til å kjenne seg betre, eigentleg. Det er ikkje noko eg har halde på med tidlegare, men det kjem vel kanskje etter kvart, det òg, seier han og smiler.
Han meiner ein «kan tenke seg til kva som blir sagt».
– Det er vel ord som ikkje er eigna her, kanskje, flirer han.
VIKTIG BRIKKE: David Møller Wolfe har spelt det meste under Ståle Solbakken dei siste åra.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Slengde litt med leppene
Men det er ikkje berre trenarbenkene som tyr til slike «triks». Også mellom spelarar kan det gå ei kule varmt utan at nødvendigvis TV-sjåarane får det med seg, fortel han.
Wolfe, som så langt har vore på banen i tre kampar for Wolves, røper at særleg to oppgjer så langt har bode på mykje «shit-talk», som han kallar det.
– Det var jo nokre kantspelarar i både Bournemouth og Everton som slengde litt med leppene, men eg synest jo berre slikt er gøy og morosamt, så eg sleng litt tilbake, sjølvsagt, seier han.
23-åringen fortel at ved sida av den krasse tonen mellom motstandarar, lèt han seg også overraske over kor stor Premier League-operasjonen rundt klubbane faktisk er.
– Spesielt kor flinke alle rundt er til å legge til rette for at eg berre skal fokusere på fotball. Alt anna blir tatt hand om, så det er veldig lite eg treng å tenke på, seier han.
BLITT ENGLAND-PROFF: David Møller Wolfe.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBSolbakken: – Får manne seg opp
Landslagssjef Ståle Solbakken har gitt Wolfe mykje tilliit med flagget på brystet. Bergensaren har starta alle dei fire VM-kvalikkampane så langt.
Solbakken er slik middels fornøgd med Wolfes inntog i det mange meiner er den beste ligaen i verda.
– Starten har vore som venta. Overgangen frå Æresdivisjonen til Premier League er eit stort fysisk sprang, og han hadde ein rufsete «pre season». Han har ikkje spelt så mange kampar, men så blei han kasta hardt inn i det mot City. Å ta steget på strak arm utan å ha oppkøyring i kroppen er vanskeleg, innleier Solbakken.
– Men eg synest han har gjort det OK, omtrent som venta. Det har ikkje vore topp, men det er vanskeleg å ta det steget på strak arm utan å ha «pre season» i kroppen, seier landslagssjefen.
Om Wolfes møte med «dritslengingskulturen» i England, flirer Solbakken.
– Eg trur han er litt sår i starten, så han må manne seg opp, spøker han.
– Ting går mykje fortare
Wolfe sjølv held med Solbakken i at klubbskiftet har vore eit steg opp.
– Eg trur eg treng eit par kampar til for verkeleg å kunne svare på det, for ting går mykje fortare. Ein får mykje mindre tid med ball. Og så må ein alltid vere på alerten defensivt. Det går sprang bak deg heile tida, du møter alltid ein kant som er ivrig etter å utfordre, seier han.
Han noterte seg for sin første målgivande pasning i Premier League i sist kamp då ulvane tapte 2-3 heime mot Everton.
– Eg håpa at eg kunne få ein til, så vi ikkje tapte. Men det var fint å opne målpoengfangsten. Det er noko eg har jobba med over lang tid, seier han.
Wolfe startar truleg på Noregs venstreback når Noreg speler VM-kvalikkamp mot Moldova på tysdag. Solbakken proklamerte han som den beste på banen i privatlandskampen mot Finland torsdag.
Er dette verdens søteste hundeløp? 00:40
Publisert 07.09.2025, kl. 07.45