Tar grep etter vald mellom russebussar

1 week ago 9


Sidan 16. mai skal russ på bussar frå Østfold forfølgt og utøvd vald mot russ frå Oslo-området.

Fleire har hamna på sjukehus, og det skal ha vore brukt ulike slagvåpen.

Det er to pågåande straffesaker etter valdshendingar ved Tryvann og Hvervenbukta.

No tar politiet grep for å unngå fleire samanstøytar.

Bortvising

Oslo politidistrikt har sett i gang tiltak for å hindre fleire valdshendingar mellom russebussane.

– Dersom enkelte bussar kjem inn i Oslo, vil dei bli vist bort. seier politiadvokat Jørgen Brodal i Oslo politidistrikt til NRK.

Bortvisinga vil vare i 72 timar, ifølge Brodal.

– Vi følger dei vanlege trappetrinna når det kjem til bruk av tvangsmiddel. Lågaste trinn er bortvising, seier politiadvokaten.

Opphaldsforbod

Også politiet i Østfold er på saka. Dei jobbar med å ilegge tre russebussar opphaldsforbod i Oslo i 72 timar.

Bussjefen på ein av dei aktuelle bussane frå Østfold, stadfestar til NRK at dei har fått opphaldsforbod i Follo i 72 timar.

Bussjefane til dei aktuelle russebussane vil bli orientert så fort det lar seg gjere, ifølge Brodal.

Fleire av hendingane er filma og spreidd på sosiale medium.

Publisert 23.05.2026, kl. 15.42 Oppdatert 23.05.2026, kl. 16.36

Read Entire Article