Sverige vil stramme inn våpenlovene etter masseskyting

3 hours ago 2


SVT melder at regjeringa har blitt einige med Sverigedemokraterna om å stramme inn landets våpenreglar etter den tragiske masseskytinga i Örebro onsdag.

– Den forferdelege valdshandlinga i Örebro reiser fleire sentrale spørsmål om våpenlovgivinga, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Eitt av forslaga som blir vurdert, er å avgrense tilgangen til enkelte typar halvautomatiske våpen.

Halvautomatiske våpen lader automatisk etter kvart skot, men skytteren må trykke på avtrekkaren for kvart skot.

Halvautomatiske våpen kan vere farlege fordi dei kan skyte fleire skot raskt, noko som aukar risikoen for alvorlege skadar og dødsfall i situasjonar med vald.

Vil stramme inn

I tillegg vil regjeringa følgje opp tiltak frå ei våpenutgreiing som vart oversend i mai i fjor, melder SVT.

Statsministeren i Sverige, Ulf Kristersson har kalla masseskytinga den verste i Sveriges historie.

Dette har skjedd

Tysdag klokka 12.33 fekk politiet dei fyrste meldingane om skyting på ein skule i Örebro.

Dei fyrste politipatruljane var på plass berre fem minutt etter alarmen.

Etterforskningsleiar Anna Bergqvist opplyser til nyheitsbyrået AFP at ofra har ulik nasjonal bakgrunn, ulike kjønn og forskjellige aldrar.

Områdesjef i politiet, Lars Wiren, skildrar situasjonen politifolka møtte på staden som eit «inferno».

– Døde personar, skadde personar, skrik og røykutvikling. Det var svært kaotisk, seier han.

Politiet vart også skotne mot då dei kom til skulen.

Ifølgje SVT fann politiet fleire våpen på åstaden. Funna blir omtalt som omfattande.

Assisterande politisjef, Niclas Hallgren opplyser at våpena var lisenspliktige og tilhøyrde same person.

Etter å ha skote og drepe minst ti personar, tok den mistenkte gjerningsmannen sitt eige liv, ifølgje politiet.

Dette veit vi om gjerningsmannen

Den mistenkte er ein 35 år gamal mann utan tidlegare straffehistorikk.

Politiet opplyser at alt tyder på at han handla aleine. Per no ser det ikkje ut til at handlinga var politisk motivert.

Ifølgje opplysningar til SVT har han hatt null i inntekt dei siste åra.

Til Aftonbladet fortel ein slektning at mannen ikkje var i jobb og sleit både sosialt og psykisk.

– Som barn var han annleis, men livleg. Dei siste åra har han hatt det vanskeleg, seier vedkomande.

Ein annan slektning skildrar han som ein einstøing utan stor omgangskrets.

Publisert 07.02.2025, kl. 10.47 Oppdatert 07.02.2025, kl. 10.55

Read Entire Article