Sunt å bekymre seg for økonomien

7 hours ago 4


Høge bustadprisar, handelskrig og dyrtid.

Dei skremmande orda svirrar rundt oss. Får du også litt puls?

Da er du ikkje aleine.

– Eg blir jo usikker på korleis verdsøkonomien kjem til å gå generelt, så det gjer meg jo nervøs for korleis økonomien min kjem til å gå.

Teodor Børesen (22) får 10.343 kroner i månaden av Lånekassen som skal dekke alt frå husleige til mat.

Dei forsvinn fort.

I tillegg kjenst verda kaotisk og uføreseieleg.

Fleire og fleire unge i alderen 18 - 25 år bekymrar seg over at pengane ikkje strekk til. Det kjem fram i ungrapporten som NHO publiserte rett før nyttår.

Sunn bekymring?

Det å gå rundt å bekymre seg må da vere usunt, eller?

Vi høyrer med psykologen:

– Faktisk ikkje. Vi er inne i ei tid der det kanskje er lurt å bekymre seg, og ta tak i dei bekymringane, meiner psykolog Ingvild Stjernen Tisløv.

Ho har jobba mykje med unge vaksne som av ulike grunnar slit økonomisk. Mange av dei sit med stor gjeld som dei ikkje klarer å betale ned.

– Det å ha ansvaret for å halde oppe ein sunn økonomi for unge i dag stiller høgare krav til unge som enkeltmenneske enn det gjorde før.

Kjøpekrafta til studentar i dag er dårlegare enn for 20 år sidan.

– Likevel pratar politikarane i større grad om korleis alle bør ta meir individuelt ansvar for seg sjølv. Med ei stadig meir komplisert verd, er det ikkje ugrunna bekymring mange ber på.

Rødhåret gutt får sol i ansiktet. Han smiler og ser rett inn i kameraet.

Kristian Gregor Rønningen (20)

Han bekymrar seg ikkje særleg og har trua på at politikarane ordnar opp i økonomien.

– Eg har akkurat nok pengar til at det går rundt, så eg har ikkje nokon grunn til å klage.

To jenter, begge med brunt hår, står med sol i ansiktet og smiler til kameraet. Jenta til høyre har på seg et rødt skjerf. Begge har på seg sekk og ytterjakke.

Erika Ceballos (23)

Meiner studielånet ikkje er tilstrekkeleg for å dekke leige og mat.

– Eg har prøvd å sette opp eit budsjett, men det sprekk alltid. Kvar gong eg sparer opp pengar, må eg bruke det på rekningar eg ikkje hadde sett komme.

Gutt med brunt hår og bart. Han får sol i ansiktet, og har på seg en rutete jakke og ryggsekk. Han smiler og ser rett inn i kameraet.

Kristoffer Ekrem (22)

Han bekymrar seg ikkje så mykje generelt, men har mange venner som er bekymra på grunn av verdssituasjonen.

– Eg gjekk tom for sommarjobbpengane mine i november i fjor. Håpar berre ikkje eg får uventa rekningar.

To jenter, begge med brunt hår, står med sol i ansiktet og smiler til kameraet. Jenta til høyre har på seg et rødt skjerf. Begge har på seg sekk og ytterjakke.

Celina Le Tranh (22)

Ho bur i leilegheita til far sin, og meiner pengane akkurat strekk til.

– Eg skjønner ikkje korleis studentar som betaler leige klarer seg utan deltidsjobb.

Har du begynt å hamne bakpå med betalingar?

– Da er rådet å kontakte banken, NAVs gjeldsrådgivingstelefon eller snakke med ein venn som kan støtte deg i å få hjelp. Slike problem forsvinn ikkje av seg sjølve.

Om bekymringa er så sterk at ho går utover evna til å gjere noko med økonomien sin, oppfordrar Tisløv til å dele bekymringane med nokon.

– Først da er det lettare å begynne å ta tak i det som bekymrar deg, svarer Tisløv.

Spar til indre ro

Økonomi og psykisk helse går hand i hand. Dei påverkar kvarandre.

Å ha ein sterk økonomi som toler uventa utgifter aukar kjensla av tryggleik. Derfor kan det kjennast bra å ha litt ekstra pengar spart opp.

Åshild Augland studerer kryssinga mellom økonomi og psykologi. Ho har eit knippe med tips til korleis du kan fylle opp sparekontoen, og ei forklaring på kvifor spareplanen ofte sprekk:

Oscars triks for å unngå baksmell 02:29

Publisert 18.03.2025, kl. 21.16

Read Entire Article