Bustadprisane hadde eit fall på 0,5 prosent i november, visar tal frå Eiendom Norge.
Justert for sesongvariasjonar, steig prisane med 0,4 prosent.
Så langt i år har bustadprisane i Noreg stige med 6,3 prosent.
Den heite bustadmarknaden merkast for dei som vil kjøpe bustad i Bergen.
I Bergen sank prisane med 0,4 prosent i november, men korrigert for sesongvariasjonar steg prisane med 0,8 prosent.
– Det var veldig mange på visning. Eg trur ikkje eg har ein sjanse, eigentleg.
Førstegongskjøpar Sunniva Bauck Dahl (27) kikar seg rundt i ein treroms sjølveigarleilegheit på Laksevåg i Bergen.
– Det er første visning på ei stund, der eg faktisk har råd til å kjøpe.
Ho er ein av mange som draumar om å kjøpe eigen bustad.
– Eg prøver å finne noko som passar meg, som ser bra ut, er greitt plassert, og er innanfor budsjettet mitt.
Sunniva Bauck Dahl
Foto: Silje Rognsvåg / NRKKnivar om den sterkaste prisveksten
Bergen hadde sterkast prisutvikling i oktober, og tok over for Stavanger som den sterkaste bustadmarknaden.
Administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge, forklarte prisveksten med at det er i Bergen det eksportrettede næringslivet holdar til, og som også drar opp ein elles ganske så svak norsk økonomi for augneblinken.
Tal for november viser at bustadprisane i Noreg fall 0,5 prosent.
Bergen og Stavanger er byene med høgast prisstigning i år. 12,5 for Stavanger og omland og 12,1 prosent for Bergen sidan årsskiftet. Det kan bli spenning rundt tala for desember.
– Stavanger og Bergen knivar om å få den sterkaste prisveksten i 2024, seier Lauridsen i Eiendom Norge.
Få bustader på marknaden
I Bergen er det definitivt seljars marknad for tida. Etterspørselen er langt høgare enn tilbodet, opplyser eigedomsmeklar Trude Gunnlaugsson i Kaland & Partners.
– Marknaden er litt tømt for bustadar akkurat no. Vi ser derfor at veldig mange bustadar no går over takst, seier Gunnlaugson og legg til:
– Spesielt går bustader i 3–5 millionars klassa over takst. Nokre går langt over, nesten 1 million, seier Gunnlaugsson.
Eigedomsmeklar Trude Gunnlaugsson frå EiendomsMegler1-
Foto: Silje Rognsvåg / NRKTysdag kveld var 20 interessentar med følgje på visning på leilegheita i Laksevåg. Leilegheita hat ein takst på nettopp rundt 3 millioner.
– Det kom ein drøss med påmeldingar i dag og i går. Veldig mange har råd til denne prisklassa, seier meklaren og.
Sunniva Bauck Dahl sjekkar ut eine soverommet i leilegheita.
Foto: Silje Rognsvåg / NRKHadde håpet det var lettare
– Eg hadde håpa at bustadmarknaden var litt greiare å ha med å gjere. Eg tenkte at marknaden kanskje var litt rolegare enn andre stadar, i alle fall Oslo, seier Sunniva Bauck Dahl og legg til:
– Men det er jo ein fin by, så eg forstår at mange har lyst til å bu her.
Trass det krevjande marknaden, forsøker ho å halde seg positivt.
– Det er jo litt kjipt om ein må ha foreldre som hjelper til. Då kjenner ein seg ikkje så sjølvstendig. Men eg håpar å finne noko, og så får det ta den tida det tar.
NHH-professor: – På kort sikt vinnar dei som skal inn i bustadmarknaden
I 2025 vil ein trenge 10 og ikkje lenger 15 prosent eigenkapital for å kjøpe bustad.
Professor Trond M. Døskeland ved NHH har delte meiningar om endringa.
– På kort sikt vinn dei som skal inn i bustadmarknaden. Når dei treng mindre eigenkapital, vil dei komme seg lettare inn på bustadmarknaden, seier Døskeland og legg til:
– Men det ein er bekymra for på lang sikt, er at bustadprisane allereie er høge og kan auke enda meir. Får ein da ein ei vedhaldande høg bustadrente, eller høgare bustadrente, vil det vere folk som begynner å slite med å betene bustadlånet.
NHH-professoren omtaler kravet om 15 prosent eigenkapital som ei sikkerheit.
– Dei som no kan kjøpe bustad med berre 10 prosent eigenkapital, vil med ei høg rente eller uventa bustadprisfall måtte selje og da få problem. Det er derfor ein har hatt kravet om 15 prosent eigenkapital, kravet har verna folk mot seg sjølve, seier Døskeland.
– Bankane får no eit auka ansvar. Det blir no meir opp til bankane å velje ut dei som har råd til bustadlån, og dei som ikkje har det.
Publisert 04.12.2024, kl. 10.59 Oppdatert 04.12.2024, kl. 11.24