Suksesstrenaren blir behandla for kreft: – Det er brutalt

13 hours ago 2


– Dei fleste som har vore borti det sjølv, kan kjenne på at det er brutalt.

Det seier Solberg til NRK om kreftbeskjeden.

Vi spolar fem månader tilbake i tid. Då merka trenaren at noko var gale.

Noko hadde forandra seg i munnhòla. Ein kul hadde utvikla seg så mykje at han kunne merke han då han tok på kjaken. 45-åringen tok raskt kontakt med helsepersonell som diagnostiserte han med kreft.

Kulen blei operert bort før jul. Vel éin månad seinare oppdaga han ein ny kul, denne gongen på halsen. Også den blei operert bort.

– Det er jo ein tøff beskjed å få. Det er det jo. Det er klart det første ein tenker er at det er mykje negativt assosiert med denne diagnosen, men i dag blir jo veldig mange friske. Heldigvis, fordi vi har dyktig helsepersonell og ein veit meir.

– Det kjem som eit sjokk

Eivind Henriksen, som tok OL-sølv i slegge under OL i Tokyo 2021 med Solberg som trenar, omtaler diagnosen som eit sjokk.

– Ein har ikkje sett for seg at han skulle få det, men sånn er det jo med dei fleste som får ein kreftdiagnose i tidleg alder. Ja, det kjem som eit sjokk, ja, seier Henriksen til NRK.

Eivind Henriksen under VM i Tokyo 2025

I AKSJON: Eivind Henriksen enda på ein niandeplass under VM i Tokyo 2025. På tribunen var trenaren Paul Solberg, som alltid, på plass.

Foto: VEGARD GRØTT / Bildbyrån

OL-sølvvinnaren fortel at han og resten av treningsgruppa har prøvd å støtte Solberg så godt dei kan gjennom dei siste månadene.

– Det er jo vanskeleg å få gjort så veldig mykje. Han må få litt tid til å bygge seg opp igjen, seier Henriksen.

No omtaler Solberg seg som kreftfri, men likevel skal han måndag inn til si første strålebehandling mot kreft.

– Eg skal i prinsippet vere kreftfri no. Strålinga, som eg har skjønt det, skal vere preventivt, som ei ekstra sikkerheit. Det kjennest trygt, seier Solberg.

Håpar at han er kjapt tilbake

No ventar ei anna sesongoppkøyring enn planlagt, både for Solberg og Henriksen.

– Eg har mange dyktige folk som også vil hjelpe meg i den fasen som kjem, både frå friidretten og frå Olympiatoppen. Så eg er ikkje redd for at det skal gå utover moglegheita deira til å prestere til sommaren, seier Solberg, og legg til at han håpar å vere klar til Bislett Games 10. juni.

– Eg håpar at han er kjapt tilbake, og at han ikkje blir sett altfor langt tilbake etter den strålinga. No har han førebudd alle programma framover, så då er ting på plass, seier Henriksen.

Paul Solberg (til venstre) og Eivind Henriksen i diskusjon under OL i Tokyo 2021

DISKUSJONSPARTNARAR: Eivind Henriksen er støtt og stadig borte hos trenar Paul Solberg for å få innspel under konkurransar.

Foto: JOEL MARKLUND / Bildbyrån

No sender 45-åringen ein stor takk til det norske helsevesenet, og rosar spesielt hjelpa han har fått ved Rikshospitalet og Radiumhospitalet i Oslo.

– Kva er beskjeden du har fått no?

Prognosane er veldig gode. Eg ser fram til å komme i gang. Eg har jo venta litt på det. Så det blir bra å få starta, og så blir det fint å komme seg igjennom òg, seier Solberg.

Publisert 20.04.2026, kl. 13.02

Read Entire Article