Slår tilbake mot Solbakken-utspel: – Vi haussar det ikkje opp

2 hours ago 1


Etter Noregs nedsabling av Sverige på Ullevaal har trua på det norske landslaget (enda ein gong) skote til vêrs.

Eit tidleg startskot på VM-optimisme kom allereie i september 2025. Då melde NRK-ekspert Carl-Erik Torp at Noreg kunne vinne VM etter 11-1-nedsablinga av Moldova.

Det har ikkje blitt færre spådommar når det for alvor byrjar å tikke mot meisterskapsstart. Ni dagar før VMs opningskamp, og 14 dagar før Noregs første kamp, kom Kjetil Rekdal med påstanden sin hos VG: Kvartfinale burde vere «eit minimum».

Denne beskjeden blei kjapt nedsabla som «tullprat» frå landslagstrenar Ståle Solbakken.

– Vi er i eit gruppespel med afrikameistrane og dei største favorittane i VM. Det kjem til å bli små marginar om Noreg går vidare eller ikkje, sa Solbakken etter å ha høyrt Rekdals utspel.

Konfrontert med uttalen til landslagstrenaren, blir det fyrt på ekspertpluggane:

– Vi sit ikkje her på den høge hesten vår og er blinde på dei kvalitetane vi har, det er jo fakta! Ståle sin jobb er å spele det nede og halde beina planta på jorda, men vi haussar det ikkje opp om vi seier at Noreg har kvalitetane til eit kvartfinalelag, at Noreg kan vere topp åtte i verda.

Det seier Kristoffer Løkberg i NRKs Bakrommet-podkast som blei spelt inn berre timar etter at sluttsignalet gjekk på Ullevaal.

Carew-støtte

Trønderen blir openbert ivrig når det blir snakka om Noregs VM-sjansar og Solbakkens neddyssing. Orda går nærast på inn- og utpust frå studio.

– Målt opp mot det vi møter i VM, kan ein med rette argumentere at Noreg er eit kvartfinalelag og har kvalitetane. Alle andre fotballekspertar rundt om i andre land, vil legge Noreg i den same båsen, seier Løkberg.

Pokal i gull med en ball på toppen.

Kan Norge vinne vm?

Njei, da skal det virkelig graves dypt

Han er ikkje aleine om å komme med VM-påstandane sine. Ein annan NRK-ekspert, John Carew, stemmer også i:

– Eg ser eit lag med så mykje kvalitet at eg ikkje blir overraska over at vi kjem oss til ein kvartfinale, seier han.

En mann peker mot kameraet. Han har barbert hode, skjegg og tatoveringer. Mannen har på seg en svart jakke med hvite striper. Han smiler. Bakgrunnen er lys grå. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HAR DU TRUA?: Det har iallfall John Carew.

Foto: Robert Rønning / NRK

Den tidlegare landslagsstjerna lét seg begeistre av det han fekk sjå i Noregs siste kamp før reisa over Atlanteren startar tysdag ettermiddag.

Carew omtaler nasjonalarenaen for eit fort, men kvartfinale-spådommen blir ikkje delt heilt av Eirik Horneland.

– Det kan gå «hur godt som helst», men det kan gå til heilsike òg, for det er små avgjerande situasjonar og augeblinkar. Hadde det vore eit seriespel så kunne det gått verkeleg bra, men når det er utslagsrundar der små feil kan bikke det feil veg, så blir det vanskeleg å spå, seier Horneland, som også er NRK-ekspert.

– Noreg er favorittar mot Senegal

Noregs gruppe består av Irak, Senegal og Frankrike. Gjengangaren blant ekspertane for korleis ein skal komme seg vidare frå gruppespelet har blitt som følger:

  • Noreg «må» vinne i den første kampen mot Irak. Dette gir tre poeng.
  • Noreg burde spele uavgjort eller betre mot Senegal i kamp nummer to. Uavgjort gir eitt poeng.
  • Frankrike er blant VM-favorittane. Det er naturleg at Noreg gir frå seg poeng her.
  • Ved fire poeng skal det mykje til for at Noreg ikkje går vidare som éin av dei åtte beste trearane frå kvar gruppe. Det er totalt 12 grupper i VM.

Ekspertar drar fram Senegal-kampen som nøkkelen for suksess og vidare avansement til utslagsrundane.

– Solbakken seier det er femti-femti i kampen mot Senegal. Er du einig i det?

Det er eg ikkje einig i, Noreg er favorittar mot Senegal spør du meg. Det er nært ein femti-femti, men eg bikkar mot ein 60/40 til Noreg, seier Løkberg.

Kor langt Noreg kjem seg i VM er det framleis ingen som veit, sjølv ikkje ekspertane. Men éin ting er sikkert etter overkøyringa av Sverige måndag:

– Eg trur resten av Europa og verda lèt seg imponere, dei har sett seg i respekt. I verkeleg respekt, seier Horneland.

Publisert 02.06.2026, kl. 10.53

Read Entire Article