– Vaskemaskina rauk, og panelomnen i stova rauk.
Det seier Knut Jetlund til elektrikaren som er på besøk i feriebustaden hans på Kvitfjell.
Knut Jetlund får beskjed frå elektrikaren om å følge med på elektronisk utstyr ei god stund framover.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKMot slutten av august datt eit tre ned på ein høgspentlinje i nærleiken.
Treet fell frå et berg like over høgspentleidningen.
Høgspentleidningen datt så vidare ned på straumlina til hyttegrenda, som har mykje lågare spenning.
Det gjorde at det kom altfor mykje straum til hyttene.
Fredag kveld, da dette skjedde, blei straumen borte.
Måndagen såg elektrikaren skadane.
– Da oppdaga dei at straummålarane var skotne ut av veggen. Det var sot i inntaka, så det er tydeleg at det har vore store krefter i spill. Du blir jo skremt, seier Jetlund.
Overspenningsvernet i det delte sikringsskapet tok den største støyten, då tre målare sprengde ut frå veggen.
Foto: Jon Bjørgum / Privat
Overspenningsvernet i det delte sikringsskapet tok den største støyten, då tre målare sprengde ut frå veggen.
Foto: Jon Bjørgum / Privat
Straumselskapet får kritikk
Det delte straumskapet tok den største støyten.
Hytteeigaren var ikkje i leilegheita da det skjedde.
Men han er tydeleg på at dette kunne gått mykje verre.
Varmtvasstank overlevde, men vaskemaskina døyde.
Foto: Bjørnar Morønning / NRK– Det var sikkert mange som hadde kome på plass på hytta og skulle lage mat. Nokon kunne plugga inn ein telefonladar akkurat da det smalt. Det kan du tenke på med gru, reflekterer Jetlund.
Eigarane fekk vite nøyaktig kva som hadde skjedd to og ein halv dag etter hendinga.
Nå peikar Jetlund på straumselskapet Vevig for deira formidling til kundane sine.
Han meiner det tok for lang tid før dei fekk vite kva som hadde skjedd og kva dei skulle gjere.
– Du sitt jo med ei uvisse. Både om kor alvorleg det er og korleis vi skal forhalde oss. Og ikkje minst med kva vi skal gjere med utstyr som ikkje er skada. Det er jo spørsmål der med seinskadar, seier Jetlund.
Elektrikaren tar med seg panelomnen i stova, som blei eit av to offer hos Jetlund etter hendinga.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKJetlund seier også at den dårlege formidlinga er skremmande, fordi straumselskapet har eit ansvar for beredskap i samfunnet.
– Når dei tar så lett på informasjon ut til folk når slikt skjer da blir eg jo skremt og provosert.
Knut Jetlund må sjå etter seinskadar på elektronikken sin, seier elektrikaren.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKTar lærdom
Tor Lillegård har ansvaret for drifta av Vevig sitt straumnett.
Han seier at hendinga først og fremst er lei for dei som er råka.
– Vi er lei oss for at dette har skjedd, og prøver å gjere så godt vi kan for å få opp att og retta på det. Men eg skjønner jo at dei syns dette var skummelt, seier Lillegård.
Tor Lillegård i Vevig seier dei er lei seg for at hendinga fann stad.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKDei syns sjølv at dei fortalde det dei kunne til kundane.
– Det er jo vår oppleving. Viss kundane meiner noko anna, så må vi jo prøve å bli betre. Vi vil jo at kundane skal oppleve det som bra, sjølv om det er ein dårleg situasjon, seier Lillegård.
Ønskjer betre sikring
Elektrikaren friskmelder sikringsskapet til Jetlund og tar med seg den øydelagde panelomnen.
Nå tar forsikringsselskapa over pinnen.
Elektrikaren måler spenninga i Jetlund sitt eige sikringsskap.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKJetlund lurar på korleis dette kunne skje og om ein kan unngå at det skjer igjen.
– Du blir jo skremt over at slike ting i det heile tatt kan skje, seier hytteeigaren.
– Om dei kanskje kan legge inn nokon mekanismar i nettet som gjer at det ikkje er mogeleg å sende ut så sterk spenning til vanlege husstandar.
Tor Lillegård i Vevig seier dei ofte kontrollerer straumlinkane.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKSist gong Vevig sjekka linja var i mai. Da hadde dei ikkje sett noko som kunne føresjå hendinga.
Lillegård i straumselskapet seier dei gjer det dei kan for at slikt ikkje skal skje.
– Vi jobbar jo heile tida med å halde nettet i stand. Vi tar tre som ligg utfor ryddebeltet vårt og prøver å føresjå slike ting. Men diverre så skjedde det likevel, forklarar Lillegård.
Publisert 07.09.2024, kl. 13.24