Dei berykta geitene på Kvist mellom Høyanger og Balestrand i Vestland har gått fritt i fleire tiår, men lever på lånt tid. No har politikarane bestemt skjebnen til flokken.
Framstegspartiet sikra tysdag fleirtal for å ikkje avvikle flokken innan 2026.
Dei støttar forslaget om å arbeide vidare for å finne løysingar som sikrar dyrevelferda til Kvistgeitene.
– Eg blei utruleg letta då det viste seg at det blir fleirtal. No kan vi sette alt inn for å finne gode løysingar som bergar geitestammen på Kvist, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, som også støtta forslaget.
Forvilla dyr
I fleire tiår har ein flokk med geiter gått fritt i fjella langs Sognefjorden.
Dei har blitt kjende som villgeitene på Kvist.
Geitene på Kvist har gått fritt i fleire tiår.
Foto: Odd Arild Løseth ODD ARILD LOSETH / ODD ARILD LOSETH; Odd Arild LøsethDet er uvisst kor mange dei faktisk er, men ein trur det kan vere opp til 60 dyr.
Foto: Odd Arild Løseth ODD ARILD LOSETH / ODD ARILD LOSETH; Odd Arild LøsethMattilsynet meiner dei er husdyr, og ikkje får tilstrekkeleg tilsyn.
Foto: Odd Arild LosethGeitene har skapt stort engasjement, og kampen for å redde flokken har gått i fleire år.
Foto: Odd Arild Loseth
Striden botnar i definisjonen om geitene er ville, eller tamme.
Mattilsynet meiner dei må reknast som husdyr, fordi dei ein gong høyrde til ein gard. Difor oppfyller dei ikkje krava til god dyrevelferd.
Motstandarane meiner flokken har gått fritt så lenge, at Mattilsynet sin definisjon er for rigid. Flokken gir stor glede for lokalbefolkninga, som støtt og stadig observerer dyra i sitt naturlege habitat.
Bergar dyra
Tysdag debatterte Stortinget eit representantforslag frå Raudt om å ta vare på geiteflokken. Då vart det klart at Frp vil stemme for å finne ei løying som ikkje involverer å avlive flokken.
Det justerte forslaget vil få støtte frå Høgre, Frp, SV, MDG og Venstre i tillegg til forslagsstillar Raudt.
– Det har skjedd ei utvikling i saka. Naboar har meldt seg. Mattilsynet kan instruerast, og Frp vil stemme for forslaget i saka, sa Bengt Rune Strifeldt, som først vart gjeve att av VG.
Endeleg vedtak vert gjort seinare denne veka, men er i praksis avgjort ettersom det er fleirtal på Stortinget.
Dette er noko Sofie Marhaug i Raudt er særs glad for.
– Dette er ein gledas dag for geitene på Kvist. Det er eit stort engasjement for geitene, og eg er glad for at Stortinget tek dei på alvor. I dag fekk vi kanskje ikkje ein politisk hestehandel, men i staden ein politisk geitehandel, seier ho i ei fråsegn, som er gjeve att av NTB.
Fekk ein ny sjanse i livet
Dei aller yngste i flokken har allereie fått ein ny sjanse i livet, Anne Jo Bjordal vert no truleg ein del av redninga for geitene på Kvist.
For nokre veker sidan bestemte den lokale bonden seg for å ta inn ni killingar frå geiteflokken.
Ho har lenge vore mot vedtaket til Mattilsynet, men ein telefonsamtale i vinter endra derimot alt.
Eit kje låg nedfryst og avmagra langs vegen, og Bjordal såg ingen anna utveg enn å ta killingen inn. Det enda med at ni killingar no bur heime hos henne.
I eit samarbeid med Statsforvaltaren, Norsk Genressurssenter og Mattilsynet har Bjordal øyremerka killingane, og dei får det tilsynet dei skal ha.
Dermed blir genane til flokken ført vidare.
Resten av flokken har no også fått eit nytt håp om å få leve vidare langs Sognefjorden.
Publisert 08.04.2025, kl. 19.30