Større enn Støre og Vedum til saman

2 days ago 4


Det har gått bra for Listhaug og partiet hennar lenge. Og difor er det stadig meir grunn til å lytte til orda ho repeterer i dag:

– Vi har sagt at det er naturleg at det største partiet får statsministeren.

For berre sjå. Alle dei andre grafane er langt unna den mørkeblå som viser Frps oppslutnad i målinga Norstat har gjort for NRK og Aftenposten i november.

Nasjonalt partibarometer november 2024

Kva ville du stemt om det var stortingsval?

PartiOppslutningEndring
25,3%

+3,3
21,0%

−1,7
17,5%

−1,8
9,3%

+0,3
5,4%

+0,5
5,3%

−0,9
4,4%

−1,6
3,5%

0
2,9%

+0,5
5,4%

+1,1
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 1000 intervjuer gjort i perioden 12.11.24–16.11.24. Feilmarginer fra 1–3,4 pp. Kilde: Norstat

Av «andre» parti er INP størst med 2,0, Noregsdemokratane nest størst med 1,1.

Det meste i målinga peikar Frp og Listhaugs veg:

  • Frp er største parti og meir enn doblar stortingsgruppa si
  • Frp og Høgre ville akkurat hatt fleirtal på Stortinget åleine med 85 representantar
  • 25 prosent vil ha Frp, fleire enn dei 23 prosenta som peikar på regjeringspartia Ap og Sp

Men Listhaug seier at for henne er ikkje statsministerposten det avgjerande:

– Det aller viktigaste er faktisk politikken, vi ønskjer ein heilt ny kurs for Noreg, understrekar statsministerkandidaten.

Sylvi Listhaug i Lom

MISNØYE: Frp-leiar Listhaug møtte skuleelevar i Lom i Innlandet denne veka. Der er misnøya stor med nedlegging av vidaregåande skular, og mange peikar no på Frp.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

– Er Frp størst fordi du er flink til å røre i folks misnøye?

– Nei. Eg trur folk ser at Frp er heilt nødvendig om ein skal få ein ny kurs. Ap og Høgre er blitt ganske like kvarandre på ein del område.

Byr Frp på kamp

– Det er ei høgrebølgje i Noreg, og folk ønskjer eit skifte, seier ein annan statsministerkandidat, Høgres Erna Solberg.

Erna Solberg

KAMPLYSTEN: Høgre-leiar Erna Solberg.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Men Solberg har ikkje tenkt å sitte stille og la Frp segle forbi.

– Det er bra med borgarleg fleirtal, men vi skal nok by Frp på litt kamp om veljarane. Dei har kanskje vore litt flinkare enn oss til å kome fram med sine retoriske saker.

– Så dette handlar om at Listhaug er ein god retorikar?

– Eg meiner jo det er forskjell på Høgre og Frp. Vi er einige om mykje, men på nokre område er vi opptekne av å sørge for langsiktig, god utvikling, og at vi har dekning for forslaga våre. Høgre lovar ikkje meir enn vi kan gjennomføre.

– Det gjer Frp?

– Eg meiner dei ikkje nødvendigvis har dekning for alle forslaga sine, men det får vi ta ein venskapeleg diskusjon om.

Mens Listhaug omtalar Høgre og Ap som for like, meiner Solberg veljarane må forstå at Høgre er eit meir ansvarleg alternativ enn Frp.

– Eg trur Frp treff på ei ånd der folk ønskjer seg veldig annleis politikk enn regjeringa byr på. Men Høgre byr på meir sikker politikk. For vi veit vi kan levere på det vi lovar.

– Kan du akseptere Listhaug som statsminister?

– Det får vi ta når vi kjem så langt. Høgre har sin statsministerkandidat, Frp har sin, seier Solberg, og understrekar samtidig at ho trur ingen parti har «absoluttar» om desse spørsmåla.

Frp-leiar Listhaug aksepterer ikkje påstandar om eit parti som byr på overbod og kortsiktige løysingar.

– Nei, det Frp gjer, er å peike på konkrete feilprioriteringar i det norske samfunnet, seier ho og ramsar opp grøn industri, innvandring, bistand og byråkrati.

Representantar på Stortinget

Fordeling av stortingsplassar dersom novembermålinga var val. Samanlikna med dagens storting.

Fremskrittspartiet48+27
Høyre37+1
Arbeiderpartiet35−13
Sosialistisk Venstreparti17+4
Rødt10+2
Senterpartiet10−18
Venstre80
Kristelig Folkeparti2−1
Miljøpartiet De Grønne2−1
Andre0−1
1000 intervjuer gjort i perioden 12.11.24–16.11.24. Feilmarginer fra 1–3,4 pp. Kilde: Norstat

Venstre og KrFs dilemma

Partia Venstre og KrF har begge plassert seg tydeleg på høgresida og vil ha Erna Solberg som statsminister.

Guri Melby

NJA: Inga krise. Men det har vore gøyare målingar å kommentere for ein Venstre-leiar.

Foto: Jonas Been Henriksen / NRK

Og Venstre-leiar Guri Melby har definitivt smilt breiare når ho har sett på ein politisk graf enn ho gjer når ho studerer denne. Venstre går tilbake, og i dagens tal trengst ikkje partiet for å sikre eit maktskifte.

Men det er ei politisk spesialøving å fokusere positivt:

– Vi kjem til å få eit skifte. Så kan veljarane påverke kva slags skifte det blir.

– Men denne målinga viser at det er fleirtal for ei Frp-Høgreregjering?

– Det er klart det er ein forskjell på om ei slik regjering er samansett av Høgre og Frp eller om Venstre er med. Alle veljarane som vil ha eit skifte, og samtidig vil ha offensiv klimapolitikk, sterkare internasjonalt samarbeid, meir fokus på tryggleik og liberale verdiar, må kjenne si besøkelsestid no.

– Viss ditt val står mellom å støtte Støre eller Listhaug då?

– Vi har peika på at det er mest naturleg at Høgre får statsministeren. Ein statsminister må evne å samle eit breitt fleirtal bak seg. Det kan ein statsminister frå Høgre gjere, og det er også det vi kan stille oss bak.

KrF-leiar Dag-Inge Ulsteins poeng er om lag det same:

– Tala er tydelege på at folk ønskjer eit skifte, men vi skal dra den politikken mot sentrum. Vi peikar på sentrum-høgre.

Og Høgre-leiar Solberg trur det trengst fleire enn to parti dersom høgresida skal gje Jonas Gahr Støre avløysing etter valet i 2025.

– Det er jo lettare jo færre parti som trengst, men eg trur nok at på valdagen vil vi sjå at det trengst eitt eller to parti fleire enn Høgre og Frp.

Publisert 19.11.2024, kl. 18.00

Read Entire Article