Støre reagerer på å verta kalla løgnar: – Då har de noko å skjula, når de brukar så sterke ord

5 days ago 4


– Då har de noko å skjula, når de brukar så sterke ord.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Fredag er det duka for den siste valsendinga i denne omgang.

Debatten starta med eit brak, ved at Sylvi Listhaug og Erna Solberg skulda Arbeidarpartiet og Støre for løgn gjennom valkampen.

– Det har vorte ført ein skremselspropaganda og løgner frå Arbeidarpartiet og deira hovudsponsor, LO, i denne valkampen, seier Listhaug.

Listhaug skuldar Støre og LO for å spreia løgner. Støre reagerer på språkbruken.

Fleire gonger tidleg i sendinga skuldar ho Støre, Arbeidarpartiet og LO for løgn.

Men Støre reagerer på at både Listhaug og Solberg kallar Ap-utsegner for «løgn», medan han sjølv peikar på «feil» hos dei borgarlege partia.

Støre, Skjervø, Listhaug og Velle på debatten på carls.

Simen Velle og Sylvi Listhaug starta tidleg med å skulda Støre for løgn.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Viss du har ambisjonar om å verta statsminister i Noreg, og så seier du om meiningsmotstandarane dine at dei lyg og driv med desinformasjon.. Då vert det eit anna Noreg, seier Støre til Listhaug.

Støre, Skjervø, Listhaug og Velle på debatten på carls.

Støre og AUF-leiar Gaute Skjervø.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Vestre-video

Bakgrunnen for fleire av skuldingane frå Frp og Høgre er ein video helseminister Jan Christian Vestre (Ap) delte på Facebook-sida si for nokre dagar sidan.

TV 2 er blant dei som har omtalt saka.

Der seier han mellom anna at Høgres barnehagepolitikk vil gjera det 19.000 kroner dyrare for dei med eitt born i barnehage, og at tannlegebesøk vert dyrare for dei under 28 år.

– Dei har laga ein film som er full av løgn. Eg synest jo det vitnar om ei regjering, eit Arbeidarparti som manglar visjonar for framtida. Difor må ein ty til sverting av sine politiske konkurrentar. Ikkje berre sverting, men det er løgn, seier Listhaug.

Erna Solberg bad Listhaug og Støre om å vera stille.

Solberg seier det i dagens samfunn med sosiale medium og kunstig intelligens er viktigare enn nokon gong å vera edrueleg.

– Me skjønar at ting kan bli tatt heilt ut av samanhengen sin. Me har sagt at kostnadene for ein familie har auka med 190.000, men me har også sagt at dei har fått meir inntekter. Men summane er framleis ei stor utfordring, seier Høgre-leiaren.

Vestre har allereie avvist skuldingane i eit langt innlegg på Facebook.

Frp får kritikk for reknestykke

Men òg Framstegspartiet har vorte kritiserte for feil i valkampen

I august sa Sylvi Listhaug mellom anna at ei «heilt vanleg familie» hadde fått nesten 200.000 kroner i auka utgifter med Støre-regjeringa.

Publisert 05.09.2025, kl. 20.22 Oppdatert 05.09.2025, kl. 20.56

Read Entire Article