Likegyldigheit er den vanskelegaste kjensla for meg å svelgje. Å vere likegyldig til noko med fleire kule biljakter burde ikkje ein gong vere lovleg.
Likevel er det her eg står med den nye thrilleren «Crime 101».
Mike Davis (Chris Hemsworth) veit kva han held på med: Komplekse ran utan å forlate spor eller la nokon komme til skade, alle utført langs motorveg 101.
Sharon (Halle Berry) er ein forsikringsmeklar som gir alt for ein takkelaus jobb.
FRÅ KVAR SIN KANT: Mike (Chris Hemsworth) har ein plan for Sharon (Halle Berry).
Foto: Merrick Morton / Amazon MGM Studios/SF StudiosVegane deira kryssar kvarandre då moglegheita oppstår for eit ekstraordinært kupp, men det viser seg kjapt at dei ikkje er dei einaste som vil ha ein bit av kaka.
Har sine høgdepunkt
«Crime 101» frustrerer meg, fordi det blir feil å kalle han ein dårleg film. På det tekniske planet ser alt bra ut. Lydsporet laga av Blanck Mass sitrar i spenning, medan fotograf Erik Wilson får solrike Los Angeles til å verke som den kaldaste plassen på jorda.
Skodespelargalleriet er også imponerande, og her har eg ingen klagar.
LOVAS LANGE ARM: Problem med kona, problem med politipartnaren Tillmann (Corey Hawkins). Lou (Mark Ruffalo) er den erketypiske, slitne detektiven med hjarte for rettferd.
Foto: Merrick Morton / Amazon MGM Studios/SF StudiosMitt personlege høgdepunkt er Mark Ruffalo som politidetektiv Lou Lubesnick. Han er ein klassisk skikkelse, den eine detektiven i departementet som set sanninga høgare enn omdømmet deira.
Lou er besett av ein einaste ting: Å finne den mystiske «101-tjuven».
To menn på ulike sider av loven vert låste i eit altoppslukande katt-og-mus-spel. Det er ikkje ein unik dynamikk på noko vis, men det er ein eg er skikkeleg svak for.
For flatt
Likevel er det noko her som fundamentalt ikkje fengjer meg. Medan «Crime 101» krøllar seg saman i eit stadig meir komplekst handlingsforløp, sit eg der og lurar på om me ikkje snart kan bli ferdige her.
Filmen er alltid i nærleiken av å vere interessant, men det er som om han aldri heilt kjem fram. Manuset stikk fingrane i mange sosialkritiske paiar: Effekten av å vekse opp fattig, diskriminering basert på alder og kjønn på arbeidsplassen, og den moglege moralske gråsonen i kriminalitet.
Brikkene fell likevel aldri heilt på plass, og spesielt dialogen held karakterane frå å nokosinne kjennest heilt levande.
Utan det som anker, blir den spreidde tematikken overflatisk pynt på ein forteljing som aldri tøyer grensene.
STEMNEMØTE: Maya (Monica Barbaro) og Mike (Chris Hemsworth) finn tonen.
Foto: Dean Rogers / Amazon MGM Studios/SF StudiosDet blir nesten verre av at ingenting her er direkte dårleg. Det er som om filmen er så glattpolert at eg ikkje får tak på han.
Spesielt vanskeleg er det for meg å kjøpe den sentrale romansen.
Ein absurd meet-cute leiar Mike til å møte Maya (Monica Barbaro), som han kjapt innleiar eit forhold til.
Maya eksisterer berre for å lære Mike å vere eit vanleg menneske og å vise han at det finst eit liv verdt å leve utanfor kriminaliteten. Sant nok, ein kan alltid smelte ned fiktive karakterar til funksjonen deira, men her er det så tydeleg at det er småpinleg.
Smak og behag
Det er godt mogleg at eg rett og slett ikkje er i målgruppa her. «Crime 101» har definitivt ein slags stilrein guttastemning. Mike er den einsame ulven, riven mellom tryggleik og kjærleik. Han ser ut som han har alt under kontroll, medan han eigentleg er ein ganske snål og sårbar fyr.
VILL OG VOND: Ormon (Barry Keoghan) held seg ikkje til den snille standaren til Mike.
Foto: Merrick Morton / Amazon MGM Studios/SF StudiosSamtidig er det som om filmen ikkje greier å finne balansen i han. Han er for rar for verda han bur i, og ikkje rar nok til å bryte ut frå han. Resultatet er ein fyr eg ikkje trur på, eller bryr meg særleg om.
Då blir to timar og tjue minutt i lengste laget.
Publisert 13.02.2026, kl. 15.48















English (US)