Steve Bannon (70) blei tysdag slept fri frå fengsel etter å ha sona ein dom på fire månadar for forakt for Kongressen.
I 2022 vart Bannon dømd for å ha nekta å forklare seg for ein komité i Representanthuset som etterforska storminga av Kongressen 6. januar 2021.
På pressekonferansen etter han blei slept fri blei han motteken med applaus frå salen og skaut laust mot demokratane. Han ber republikanarane førebu seg på kamp.
– Vi kjem til å ha ei reprise av 2020-valet. Dei kjem til å prøve alt dei kan for å nullifisere og delegitimisere Trump si andre presidentperiode. Eg kan seie akkurat no at middelklassefolka som støttar Donald John Trump ikkje kjem til å la det skje.
Han meiner framleis at valet blei stole av Demokratane i 2020.
Nekta å forklare seg
Åtaket mot Kongressen 6. januar 2021 var leia av Trump-tilhengjarar som prøvde å stoppe stadfestinga av Trumps valnederlag i 2020 mot Joe Biden. I granskinga i etterkant nekta Bannon òg å levere dokument til Kongressen.
Dagen før åtaket skal han ha sagt at «alt helvete kjem til å bryte laus i morgon». Han anka dommen, men tapte òg denne.
Bannon var ein viktig rådgjevar for Donald Trump under presidentkampanjen i 2016 og var sjefstrateg i Det kvite hus fram til han og Trump vart uvenner. Før han jobba for Trump, var Bannon ein leiar i høgreorienterte media. Etter at han forlét Det kvite hus, vende han tilbake til media. Likevel heldt han nær kontakt med Trump.
Bannon bekreftar at han har snakka med Donald Trump etter han blei sluppen fri, men vil ikkje seie kva dei prata om.
Sparka mot Pelosi
Han sparka hardt mot blant anna Nancy Pelosi, som tidlegare var leiar for Representanthuset for Demokratane.
– Ho trudde at føderalt fengsel skulle knekke meg, men det styrka meg berre. Eg har aldri vore i så god form, så Nancy Pelosi. Sug på den, sa Bannon tysdag.
Pelosi sat ned komitéen som granska storminga av Kongressen 6. januar 2021. Der nekta Bannon å forklare seg, som førte til at han måtte i fengsel.
I 2021, medan Nancy Pelosi var demokratanes leiar i Representanthuset kalla ho president Trumps viktigaste rådgjevar er ein rasist som ikkje har noko i det nasjonale tryggingsrådet å gjere.
Pelosi nemnde ikkje Steve Bannon ved namn da ho heldt den vekevise pressekonferansen sin, men det var ingen tvil om at ho sikta til den tidlegare redaktøren for den høgreorienterte nettstaden Breitbart.
Han skal no leie sin podkast «War Room».
Publisert 29.10.2024, kl. 22.27