Stesonen gråt da «Den evige toaren» endeleg vann: – Eg har skuffa dykk mange gonger

3 hours ago 5


– Kva skal eg seie? Eg har skuffa dykk så mange gonger tidlegare, men denne gongen var det vår tur. Eg har sagt det tallause gonger at den gongen det skjer så har me gjort det saman. Om du er heime eller på golfbanen med meg så føler eg me gjorde det saman. Eg er så takksam, seier Fleetwood i eit intervju med Sky Sports natt til måndag.

I det han senka den siste putten i Atlanta kunne ein sjå letta i smilet hans. Taktfast kunne ein høyre dei frammøtte rope «Tommy», medan 34-åringen skreik av full hals mot himmelen.

Tommy Fleetwood feirer sigeren

LETTE: Tommy Fleetwood fekk det endeleg til.

Foto: KEVIN C. COX / AFP / NTB

– Det er ganske vilt. Eg kjenner meg så stolt og det er også ein del lette innblanda. Historia har bygd seg opp til dette. Det har vore nærme fleire gonger, så det er ingen leiing som kjennest stor nok når ein har vore nærme så mange gonger, seier Fleetwood til HBO Max.

Emosjonell steson

Da sigeren i Atlanta var eit faktum blei han møtt av stesonen sin Oscar Craig, som omfamna han og gret. Fleetwood er saman med den 23 år eldre Clare Craig, i tillegg til stesonane Oscar og Murray Craig har dei sonen Frankie saman.

– Eg er så velsigna med den familien eg har. Og all kjærleiken og støtta eg har får frå dei. Det gjer alt mykje enklare for meg, om det går bra eller dårleg, uansett kva som hadde skjedd i dag hadde eg gått av banen og Oscar ville gitt meg ein klem. Me hadde reist heim og alt hadde vore fint, svarer Fleetwood på pressekonferansen når han får spørsmål om stesonens reaksjon.

Tommy Fleetwood holder trofeet sammen med stesonen Oscar Craig.

STOLTE: Tommy Fleetwood (til høgre) held beviset for sigeren saman med den 19 år gamle stesonen Oscar Craig.

Foto: KEVIN C. COX / AFP / NTB

Fleetwood er svært godt likt i golfmiljøet, og sigeren har blitt feira av tilnærma alle golffans. I publikum kunne ein også sjå Justin Rose, som enda på 21. plass. Trass i det kunne ein sjå han stå der og filme sigeren med eit enormt smil om munnen.

– Eg har alltid vore heldig med at eg kjem godt overeins med folk. Om eg kan gi borna mine eitt råd så er det å vere eit godt menneske først. Far min sa alltid det: «Å vere ein god person er på førsteplass, golf er på andre», svarer Fleetwood på spørsmålet om kvifor han er så godt likt.

Frå rot til siger

Fleetwood har ved fleire anledningar mista sigeren på brutale vis tidlegare. I juni leia han med to slag ned til andreplassen, men knota det til og mista sigeren til Keegan Bradley. Berre to veker seinare i Memphis rota han bort den same leiinga til Justin Rose.

– Eg har openbert gjort ting feil i avgjerande augeblikk i tidlegare turneringar, men eg har måtte bevise at eg har styrken til å kome tilbake i den same vinnarposisjonen, uansett kor mange gonger det ikkje går min veg og tvilen kjem krypande inn på ein, seier Fleetwood på pressekonferansen.

Med sigeren får han også pengepremien på 100 millionar kroner.

– Reisa di er ein påminning på at hardt arbeid, motstandskraft og eit stort hjarte betalar seg. Det er ingen som fortener det meir. Gratulerer Tommy, skriv golflegenda Tiger Woods på X.

God avslutning for Hovland

Viktor Hovland leverte sterkt på den avsluttande dagen i PGA-sluttspelet.

Totalt gjekk 27-åringen sju slag under par, medan han enda turneringa på elleve slag under par. Det heldt til ein 12.-plass.

en mann som svinger en golfkølle

SNUDDE TRENDEN: Viktor Hovland leverte godt på den siste dagen av PGA-sluttspelet.

Foto: Brett Davis / Reuters / NTB

Etter fredagens andre runde låg Hovland heilt sist i det 30 mann store startfeltet. Han klatra åtte plassar på laurdagens runde og byksa altså ytterlegare på avslutningsdagen.

Han enda likevel sju slag bak Fleetwood, som vann overbevisande med tre slags margin ned til amerikanarane Russell Henley og Patrick Cantlay, som delte andreplassen.

Det er berre de 30 beste gjennom sesongen som fekk spele helgas turnering på East Lake-banen i Atlanta.

Publisert 25.08.2025, kl. 07.38 Oppdatert 25.08.2025, kl. 07.56

Read Entire Article