Staten Israel drev stor kampanje før finalen

5 hours ago 5


Fleire har fått opp ein Youtube-reklame av årets deltakar frå Israel, Yuval Raphael, som ber dei stemme på henne.

I dagane før finalen kunne ein også sjå Raphael på storskjerm over Times Square.

Desse reklamane blei ifølge ei undersøking av Eurovision News Spotlight betalt av eit statleg eigd kampanje-byrå.

I år var budsjettet til den israelske TV-kanalen Keshet 12, som samarbeider med rikskringkastaren Kan, på rundt 11 milliardar norske kroner.

en mengde mennesker som holder et flagg

Israels deltaking er kontroversiell som følge av den pågåande krigføring i Gaza. Her protesterer publikum under finalen.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP / NTB

Staten tener på Eurovision-vinn

Eurovision-ekspert Anders Tangen meiner reklamekampanjen er eit bevis på at det er stor statleg interesse for eit land å vinne Eurovision.

– Dei gjorde det same i fjor, og med sånne kampanjar to år på rad ser ein at dei tenker dei har noko å vinne på det her, meiner Tangen.

Portrett av MGP-vitar Anders Martinius Tangen

Eurovision-ekspert Anders Tangen meiner det blir ein ubalanse når staten betaler for kampanjen.

Han seier det er interessant å sjå på motiva bak kvifor ein stat bruker masse pengar på ein kampanje for Eurovision.

– Det blir ein ubalanse i ressursbruk når staten viser interesse i dette.

 Skjermbilde av YouTube-reklame for å stemme på Israel. Angivelig sponset av israelsk regjering.

Eurovision 2025: Skjermbilde av YouTube-reklame for å stemme på Israel. Visstnok sponsa av israelsk regjering.

Foto: Skjermbilde / @VoteNewDayWillRise

Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage seier det har vore viktig for Israel sidan andre verdskrigen å marknadsføre seg overfor vesten og Europa.

– Dei har alltid brukt Eurovision som ei plattform for politisk marknadsføring. Og etter 7. oktober har det blitt enda viktigare, seier Henriksen Waage.

NRK har spurt Staten Israels pressesenteret spørsmål rundt den statlege finansierte reklamekampanjen, men ikkje fått noko svar.

Prosjektleiar i MGP, Mads Tørklep, meiner det er vanskeleg å seie om kampanjen er eit brot på EBUs interne regelverk.

– Ettersom det ser ut som dette er reklame betalt av staten, kan det tolkast som eit politisk grep, men det er EBU som må svare på desse spørsmåla.

EBU svarer

Eurovision Song Contest-direktør Martin Green skriv i ein e-post til NRK at mange delegasjonar nyttar seg av betalte promoteringstiltak for å støtte songen, profilen til artisten og vidare karriere.

– Før finalen mobiliserte Israel ein statleg finansiert reklamekampanje der dei oppfordra folk til å stemme på bidraget sitt. Er dette imot EBUs retningslinjer?

– Reglane våre forbyr ikkje deltakande kringkastarar eller tredjepartar som plateselskap eller andre frå å promotere bidraga sine på nett og andre stader.

Så lenge slik promotering ikkje bruker konkurransen som eit middel for andre formål eller bryt med dens redaksjonelle retningslinjer, svarer Green til NRK.

Folkets favoritt

Yuval Raphael vann klart publikumsstemmene under årets finale i Eurovision Song Contest, med 295 stemmer frå folket.

en person som holder en mikrofon på en scene

Yuval Raphael deltok for landet Israel med låta «New Day Will Rise».

Foto: Denis Balibouse / Reuters / NTB

Men juryens vurdering gjorde at Israel likevel hamna på andreplass, bak Austerrike.

Ifølge Eurovision-reglane, kan sjåarane gi opptil 20 stemmer kvar, anten via SMS eller på nettsida til konkurransen.

Men fleire oppdaga at avgrensinga på 20 stemmer på nett var knytt til bankkort, ikkje person.

Dermed har fleire brukt ulike bankkort og på den måten stemt langt fleire enn 20 gongar på sin favoritt.

Skjermbilde av en Facebook-tråd som viser at Israel-fans stemmer flere enn 20 ganger på Israel i Eurovision 2025. NRK påpeker at det er mest sannsynlig ikke bare Israel-fansen som har funnet dette smutthullet i EBU sine stemmesystemer.

Skjermbilde av ein Facebook-tråd som viser at Israel-fans stemmer fleire enn 20 gonger på Israel i Eurovision 2025. NRK påpeiker at det er mest sannsynleg ikkje berre Israel-fansen som har funnet dette smottholet i EBU sine stemmesystemer.

Foto: Skjermbilde / Facebook

I kommentarfelta til mellom andre organisasjonen Med Israel for fred (Miff) oppmodar fleire til å gjere dette, og stemme fram Israel.

Den flamske kringkastaren VRT og den spanske kringkastaren La 1 krev ei gransking av folkeavstemminga i Eurovision-finalen etter Israel hamna på andreplass.

Israel fekk desidert flest folkestemmer totalt, tolv poeng frå folket i heile tolv land. Blant anna skjedde dette i Belgia, men juryen der gav null poeng, skriv blant anna NTB.

 Stem på Israel-reklamekampanje. Delt i Facebook-gruppa "Med Israel for fred (MIFF)

Eurovision 2025: Stem på Israel-reklamekampanje. Delt i Facebook-gruppa «Med Israel for fred (MIFF)

Foto: Skjermbilde fra Facebook-gruppa "Med Israel For Fred" (MIFF) / Facebook

Det har ifølge Expressen, som siterer den belgiske nyheitsnettstaden HLT , ført til spørsmål om avstemminga var manipulert.

– VRT samarbeider godt med EBU på mange nivå, men utan eit seriøst svar på våre bekymringar om Eurovision, set vi spørsmålsteikn ved den framtidige deltakinga vår, heiter det i ei fråsegn frå kringkastaren VRT, som er den nederlandskspråklege allmennkringkastaren for radio og TV i Belgia.

Publisert 20.05.2025, kl. 14.01

Read Entire Article