Språkstrid: Meiner fleire vel nynorsk av feil grunn

12 hours ago 2


– Me har fått innspel på at ikkje alle som vel nynorsk gjer det fordi det er eit rikt og fint språk, seier rektor ved Fjelltun skule, Gerd Næss Barka.

Blant dei som vel bokmål er det fleire elevar som har fleirkulturell bakgrunn. Det er det ikkje i nynorskklassen, der har alle norsk som førstespråk.

– Dette er ting foreldra seier til oss i skulen. Det er ikkje noko eg dikta på, seier Barka.

I Strandbuen stiller rektor spørsmål om årsaka til at det er sånn. Vel nokon nynorsk, fordi dei fryktar at det kan vera fleire problem med åtferd i bokmålsklassane?

Barka påpeikar at denne grunnen ikkje gjeld for alle foreldre.

Gerd Næss Barka

Gerd Næss Barka, rektor ved Fjelltun skule ynskjer å byta hovudmål.

Foto: Hanne Høyland / NRK

No ynskjer skulen nynorskklassane vekk.

Forslaget Fjelltun skule har sendt inn til høyring i Strand kommune går ut på å endra hovudmål frå nynorsk til bokmål.

Statistikk frå SSB fortel at 1 av 9 har nynorsk som hovudmål i skulen i 2021.

Både Utdanningsforbundet og Noregs Mållag bekreftar at utfordringane Fjelltun skule står ovanfor også er ei problemstilling fleire stader i landet.

– Nokon plassar kan vi sjå det, men det er ikkje det som er det bærande argumentet for eller mot nynorsk, understrekar Peder Loftnes Hauge, styreleiar i Noregs Mållag.

Meiner nynorskforeldre risikerer rasiststempelet

Lars Fossåskaret, leiar i Strand mållag, meiner at argumentet Barka legg fram er å tillegga nynorsk-foreldre rasiststempelet og at nynorsk blir gjort til syndebukken.

Barka har forståing for frustrasjonen nynorsk-tilhengarar følar på.

Lars Fossåskaret, ledar i mållaget.

Lars Fossåskaret, leiar i Mållaget, meiner det er nynorsk skal bli verande hovudmålet i skulane.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Hauge i Noregs Mållag, meiner at det er viktig for nynorsken sin posisjon i lokalmiljøet at det blir halde i hevd som opplæringsmål.

– Ved å fjerna nynorsk som hovudmål, svekker det nynorsken sin posisjon. Det er også uheldig for den enkelte elev, seier Hauge.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Peder Loftnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, er kritisk til Fjelltun sitt forslag.

Foto: Tuva Åserud / NRK

Hauge og Fossåskaret meiner resultatet av den skeive fordelinga i klassane er ein konsekvens av følgjefeil.

Fossåskaret seier at løysinga ikkje er å fjerna nynorsk. Han meiner heller at nynorsken bør innførast i læringssenteret slik at vaksne elevar som skal læra seg norsk også kan læra seg nynorsk.

– Eg har snakka med fleire innvandrar som lurer på kvifor dei må læra seg eit slikt språk som dei snakkar i Oslo og ikkje slik dei snakka her, seier Fossåskaret.

Deretter seier han at det er naturleg at innvandrarforeldre vel bokmål for sine born, då det er det einaste språket foreldra kan.

Elevar vil velje

– Eg ynskjer å ha valet mellom nynorsk og bokmål, seier Benjamin Ulvestad Lendingen, elev ved Fjellstad skule.

Benjamin Ulvestad Lendingen, elev ved Fjelltun skule

Benjamin Ulvestad Lendingen, elev ved Fjelltun skule, vil at elevar skal ha valet mellom nynorsk og bokmål.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Han meiner skulen si ordning med å fordela nynorsk elevar og bokmålselevar i kvar sin klasse er fin. Sjølv har han, med foreldra valt nynorsk fordi han er oppvaksen med det.

Johanna Randås Aske som også er elev ved Fjelltun skule, forstår ikkje kvifor skulen ynskjer å byta hovudmål.

– Eg synest skulen er bra slik den er no. Dessutan er det viktig å læra seg begge målformer til seinare i livet. I tillegg er det mykje vanskelegare å byta frå bokmål til nynorsk enn omvendt, seier Aske.

Johanna Randås Aske

Johanna Randås Aske, elev ved Fjelltun skule er positiv til nynorsken.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Ynskjer ein betre klassemiks

Ibrahim Alishire fortel at det hadde vore mykje betre med ein miks i klassane.

– Eg har mange venar i nynorskklassen som eg gjerne vil gå i klasse med, men som eg ikkje får mogelegheita til slik det er no, seier Alishire.

Gaute Garsjø, leder i FAU meiner det viktigaste er at det er klassar som representerer lokalsamfunnet, ikkje om klassen skriv nynorsk eller bokmål.

– Eg tenkjer at det er heilt absurd at klassane er så ulike, seier Garsjø.

Gaute Garsjø, leder i FAU

Gaute Garsjø, leder i FAU meiner det er viktig å ha ein klasse som representerer samfunnet.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Garsjø meiner det er eit tydeleg problem. Han påpeiker at det påverkar klassedynamikk og at det utviklar seg ein uheldig integrering. Vidare meiner Garsjø at det er noko som skurrar når halvparten bytar over frå nynorsk til bokmål på ungdomsskulen.

Vitne til eit problem

No har saka hamna på bordet til politikarane i kommunestyret i Strand.

– Eg ynskjer eit større kunnskapsgrunnlag for å fatte eit vedtak for å forbetre dette, seier Randi Karlsen, leiar av levekårsutvalet ved Strand kommune.

Randi Karlsen

Randi Karlsen, leiar av levekårsutvalet, meiner det ligg meir i problemet enn ei målform.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Karlsen meiner at det folk no er vitne til eit problem som skapar eit sosial skilje. Karlsen trur ikkje det vil endre seg ved å skifte hovudmål. Ho tenkjer det ligg meir i problemet enn ei målform.

– Her snakkar me levekårsutfordringar. Det er ein skeivheit i dag. Me ynskjer difor å ta det opp i budsjettsamarbeid. Det er eit ynskje om å sjå på problemstillinga i ei større setting, seier Karlsen.

Kamp for inkludering

– Det er absolutt ikkje ein kamp mot nynorsken, seier Barka.

Det er heller ein kamp for jamn fagleg og sosial inkludering fortel ho.

At det no er politisk sendt vidare er Barka glad for. Ho meiner det er på høg tid at det blir ein debatt, og at målforma blir valt ut av dei riktige premissane.

– Det er kjempeviktig, avsluttar Barka.

Publisert 14.11.2024, kl. 05.45

Read Entire Article