Datert: 31.10.2024
Til behandling
Spørsmål
Alfred Jens Bjørlo (V): Det ligg no an til ei historisk stor nedbygging av eksisterande og over lang tid velfungerande behandlingstilbod til rusavhengige, som følgje av regjeringa sine politiske vegval i helse- og ruspolitikken.
Kva vil statsråden gjere for å sikre framtida til desse fagmiljøa, og dermed at rusavhengige kan bli møtt med heilskapleg og langvarig samanhengande behandling, ikkje berre samlebandsmodellar og kortsiktige tiltak, samtidig som regjeringa varslar at menneske som slit med rus, på nytt skal møtast med straff i staden for hjelp?