– Slik situasjonen er no, er det heilt mogleg å senke matmomsen frå 15 til 10 prosent, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Han og forhandlingsleiar Geir Pollestad legg no fram partiet sine hovudpriotering før budsjettforhandlingane med regjeringa.
I førre veke la Arbeiderparti-regjeringa fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett.
Senterpartiet (Sp) og SV er sentrale for at regjeringa skal få fleirtal for budsjettet, når det no ligg til behandling i finanskomiteen på Stortinget.
For første gang på over 20 år skal Sp forhandle om ein budsjettavtale i opposisjon.
Ifølgje Vedum vil matmoms-grepet koste 2,25 milliardar kroner på revidert budsjett, medan det vidare vil koste staten 9 milliardar kroner i året. Sp har idear om kor dei skal hente desse pengane frå, men seier ikkje konkret kor dei skal hente dei frå.