Sovna i baksetet på veg mot OL: Då ho vakna, var sjåføren død

7 hours ago 3


– Eg var glad for å sjå at lagkameratane mine gjorde det bra, men det var bittert på same tid. Eg visste jo at det eigentleg skulle vore sjansen min til å vere med i OL.

Bruna Moura fortel NRK om dei tøffe dagane frå sjukesenga i si eiga stove for fire år sidan.

2022 skulle bli året då den brasilianske langrennsløparen endeleg skulle få den store draumen sin oppfylt – å bli ein olympiar. Men bilturen på vegen dit enda i tragedie.

Moura

I AKSJON: Her gjekk Moura endeleg eit OL-renn.

Foto: MATTHIAS TRINKL / BILDBYRÅN / GEPA PICTURES

– Eg visste ikkje eingong sjølv korleis vi plutseleg svinga og krasja, seier Moura til NRK.

Ho hadde sovna i baksetet på ein bil som skulle frakte henne til München.

Det var planen å vere der nokre dagar, før flyturen gjekk vidare til Beijing.

Men då ho vakna, hadde bilen krasja med ein trailer.

Sjåføren som køyrde bilen døydde momentant av skadane.

– Eg anar ikkje kva som skjedde. Samtidig hadde eg i tankane at nokon døydde fordi eg ville oppnå ein draum.

en skiløper som ligger på alle fire

PÅ KNE: Det var ein tydeleg prega brasilianar i målområdet.

Foto: Lise Åserud / NTB

Dei tøffaste åra i livet

Så venta opptrening og fire nye år i jakta på OL-draumen.

– Vegen har vore tøff. Eg ville aldri gjort det igjen, seier 31-åringen.

Ho omtalar ulukka som den største fysiske utfordringa i livet sitt.

– Men også den vanskelegaste psykisk, fordi eg måtte handtere så mange ting på same tid. På eit vis hadde eg også dårleg samvit for sjåføren som døydde, sjølv om eg ikkje køyrde sjølv.

Moura

I NOREG: Her fekk Moura ei hjelpande hand etter målgang under VM i Trondheim i fjor.

Foto: Lise Åserud / NTB

Moura seier det tok lang tid å skjønne, og å akseptere, at det ikkje var hennar feil at sjåføren døydde.

– I løpet av sesongane, når eg har jakta denne OL-draumen, har eg hatt han og familien hans i tankane. Eg har aldri snakka med familien hans, men eg ber det framleis med meg. Det er noko som alltid kjem til å vere med meg, seier ho til NRK.

Bruna Moura

Foto: Skjermdump fra Instagram-kontoen til Bruna Moura, gjengitt med tillatelse

Mista aldri trua

Sjølv om det tok lengre tid enn venta, mista Moura verken håpet eller trua på at ho kom til å stille til start i OL 2026.

– Eg kunne sjølvsagt ikkje spå framtida eller vere sikker på noko. Men eg visste at eg var villig til å kjempe, og eg visste kor hardt eg kom til å kjempe for at dette skulle skje. Det gav meg sjølvtillit på at eg kom til å vere her i dag, seier ho til NRK i Italia.

Brasilianaren har gått både sprinten og 10-kilometeren.

– Korleis var det for deg å endeleg vere med i OL?

– Det var fantastisk. Eg var veldig glad då eg starta. Eg tenkte at så fort eg er ferdig, er eg ein olympisk utøvar.

OL-debutanten enda på 76. plass i sprint-kvalifiseringa, 45 sekund bak bestetida, og blei nummer 99 på 10-kilometeren. I lagsprinten onsdag rauk ho og lagvenninna Eduarda Ribera ut i kvalifiseringa.

– Eg er ikkje så fornøgd med at eg blei så nervøs at det sette seg i kroppen. Eg hadde svake armar og bein og eg skalv litt, så det hjelpte ikkje, seier ho om sprinten.

Og nå er du ein olympiar!

– Nå er eg ein olympiar!!! Dette er fantastisk. Eg kunne vore sist i dag, kanskje eg var det. Eg bryr meg ikkje. Nå er eg ein olympiar, så eg er glad.

Alle fedre i nabolaget så fort det snør 10 cm

Publisert 19.02.2026, kl. 13.47

Read Entire Article