Nordmannen blei ifølge meksikanske medium skoten og drepen i Mexico. Meksikansk politi seier det skjedde natt til fredag.
Mannen skal ha sete i ei drosje då han blei skoten på av to gjerningsmenn på ein motorsykkel. Det er førebels uklart kva motivet skal ha vore.
Politiet i Agder stadfestar overfor NRK at mannen er frå Sørlandet.
– Politiet i Agder er informert av Kripos om at ein norsk statsborgar i 50-åra, med bustadadresse i Agder, er funnen død. Dette er ikkje ei sak som blir etterforska i Agder og vi er difor berre informert om dødsfallet, skriv politiinspektør Terje Kaddeberg Skaar i ei melding til NRK.
Det var Fædrelandsvennen som først omtalte at mannen var frå Sørlandet.
Politiet ønsker ikkje å seie noko om kven mannen er, eller kvar i Agder han bur.
Publisert 25.11.2024, kl. 10.52 Oppdatert 25.11.2024, kl. 10.58