Snart er kvinnene i fleirtal på legekontora

3 hours ago 3


– Held dette fram vil vi i løpet av få år ha ei overvekt av kvinnelege fastlegar, seier leiar i Allmennlegeforeningen, Nils Kristian Kleiv.

Dei siste åra har 7 av 10 medisinstudentar vore kvinner. Fleire av dei vel også å bli fastlege.

No er det omtrent like mange kvinnelege og mannlege fastlegar i Noreg.

Kvinnelege fastlegar er meir populære

At det blir fleire kvinnelege legar på fastlegekontora rundt om i landet, er godt nytt for dei som er opptatt av kva kjønn legen har.

For berre tre år sidan hadde kvinnelege fastlegar over 60 prosent fleire pasientar på ventelistene, enn sine mannlege kollegaer.

No viser nye tal frå Helsedirektoratet at det er i ferd med å snu.

I april 2025 har kvinnelege fastlegar i median 40 pasientar på venteliste, og mannlege 46 pasientar.

kvinneleg lege sit i stol på kontoret sitt

Tonje Siren Bjørset har full pasientliste, og ventelista er nokså lang.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

– Eg har eit inntrykk av at mange kvinner er meir opptatt av å ha fastlege med same kjønn, enn det menn er, seier fastlege ved Førde legesenter, Tonje Siren Bjørset.

Kvir seg til legebesøket

Bjørset trur det heng saman med at kvinner oppsøker fastlegen oftare, i forbindelse med anbefalte rutineundersøkingar, som celleprøve for livmorhalskreft.

Det er mange som kvir seg generelt for gynekologisk undersøking. Eg opplever ein del kvinner som seier det er lettare å gjere det med ein kvinneleg lege.

  • Gynekologstol

    Dei fleste kvinner kjenner godt til denne stolen, men det er ikkje alle som er like komfortable med å ligge i den.

    Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK
  • Hender som held eit spekel

    – Undersøkinga er eigentleg veldig enkel og grei, og stort sett smertefritt.

    Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK
  • Ei kvinne sit på ein stol framfor ein gynekologstol

    Bjørset oppmodar kvinner til å ta opp med fastlegen sin, om dei synest slike undersøkingar er vanskelege.

    Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

På legesenteret i Førde gjer dei fleire tiltak for å trygge kvinner som kjem inn for slike undersøkingar.

Pasientane kan be om å få ha kvinneleg helsepersonell i rommet, om det er ønskeleg.

Dei arrangerer også årleg ein celleprøvekveld, i forbindelse med sjekkdeg-kampanjen.

– Då er det alltid tilbod om å få kvinneleg lege, og det er ein del kvinner som nemner at det er enklare å få gjort undersøkinga når dei har ein kvinneleg lege.

  • Ung kvinne med svart topp sit i sofa

    Ann Beate Eikås Hovland / NRK

    Ingeborg Rørvik

    Bryr du deg om kva kjønn fastlegen din har?

    No har eg ei dame til fastlege, og det synest eg er ganske fint. Men eg trur ikkje eg hadde brydd meg om det var ein mann eller ei dame.

    Visste du at du kan be om å få ha kvinneleghelsepersonell i rommet under gynekologiske undersøkingar?

    Nei, det visste eg ikkje. Det trur eg kan vere tryggande, at ein har det valet.

  • Kvinne med svart genser på eit kjøpesenter

    Ann Beate Eikås Hovland / NRK

    Tina Eide

    Bryr du deg om kva kjønn fastlegen din har?

    Nei. Det viktigaste er at det er ein god lege, og at ein blir sett og høyrt. Om ein tenker på gynekologiske undersøkingar, så synest eg menn nesten er meir varsame.

    Visste du at du kan be om å få ha kvinneleg helsepersonell i rommet under gynekologiske undersøkingar?

    Eg har høyrt om det ja. Men det er nok mange som ikkje veit om det.

  • Kvinne med kvit genser

    Ann Beate Eikås Hovland / NRK

    Kari Indrebø

    Bryr du deg om kva kjønn fastlegen din har?

    Nei, eigentleg ikkje. Lege er vel lege. Det er kanskje meir behageleg med ei kvinne, når du skal ta celleprøver og sånt. Men det går heilt fint med mannleg også.

    Visste du at du kan be om å få ha kvinneleg helsepersonell i rommet under gynekologiske undersøkingar?

    Nei, det visste eg ikkje. Det er sikkert greit for dei som synest det kan vere ubehageleg.

Våg å prate med fastlegen din

Sjølv om Noreg er i ferd med å få ein kjønnsbalanse i fastlegeordninga, er det framleis for få legar.

I år er det rundt 136 000 innbyggjarar som ikkje har fastlege.

Kan ein då krevje at legen din skal vere mann eller kvinne?

– Det bør vere eit mål om at ein har nok fastlegar til at folk har eit reelt val når det kjem til fastlege, slik at ein kan finne ein som ein trivst med, anten det går på kjønn, stil eller personlegdom.

Siri Dalsmo Berge er allmennlege, og seniorforskar ved allmennmedisinsk forskingssenter på Norce i Bergen. Ho trur mange pasientar synest det er lettare å opne seg for folk dei føler er meir lik dei sjølve.

Kvinne med briller som smiler til kamera

– Det å få pasientane til å føle seg sett og varetatt har stor betydning for korleis både kvinnelege og mannlege fastlegar møter pasientane sine.

Foto: Mona Hauglid

– Mange kvinner synest nok det kan vere vanskeleg å kle av seg framfor ein mannleg lege. Det er viktig å sei at både kvinnelege og mannlege legar har ei profesjonell tilnærming til slike legebesøk.

Ho fortel at det dei siste tiåra har vore eit større fokus på kommunikasjon med pasientar, i spesialistutdanninga for allmennmedisin.

Mannleg lege med grønn skjorte, sit i ein stol på eit legekontor

– Vi mannlege fastlegar ønsker jo å hjelpe alle, men vi kan ikkje tvinge nokon til å gå til oss om dei ikkje vil, seier fastlege Johannes Hustveit.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK

Johannes Hustveit valde å spesialisere seg på kvinneklinikken i Førde, då han skulle bli fastlege. Han håpar det kan gi pasientane hans ei ekstra tryggleik, og bryte nokre av dei vanskelege barrierane.

– Eg prøver å gjere jobben min så godt eg kan, og ved å gi god informasjon, så opplever dei fleste at vi kan gi veldig gode tilbod, vi òg.

Hei!

Takk for at du las saka!

Har du innspel, eller tips til andre saker eg burde sjå på?

Send meg gjerne ein mail! 

Publisert 24.04.2025, kl. 16.49

Read Entire Article