Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_dc53480fd60f8b4396271dca999d3e7f, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Slik krympa lakseskatten frå milliardar til smular - NorwayToday

Slik krympa lakseskatten frå milliardar til smular

7 hours ago 2


– Å fjerne normprisrådet er heilt uforsvarleg og vil hòle ut systemet, seier Karen Helene Ulltveit-Moe, som blir kalla «arkitekten» bak lakseskatten.

– Eg stiller meg fullstendig uforståande til at Stortinget kan gå inn for dette, seier ho.

I 2019 leia ho utvalet som råda politikarane til å skatte oppdrettarane hardare.

Grunngivinga var enkel og bein fram: Dei som tener pengar på å bruke dei felles fjordane våre til oppdrett, må betale meir tilbake til fellesskapet i form av grunnrenteskatt.

Sju år seinare fortviler ho over lakseskatten si skjebne:

– Dei overlèt nærast til laksenæringa å bestemme sjølv kor mykje dei vil betale i skatt.

Karen Helene Ulltveit-Moe med grønne trær i bakgrunnen

– Å fjerne normprisrådet er heilt uforsvarleg og vil hòle ut systemet, seier Karen Helene Ulltveit-Moe, som blir kalla «arkitekten» bak lakseskatten.

Foto: Gorm Kallestad / Gorm Kallestad / NT

Då den nye «lakseskatten» vart innført i 2022, fantaserte Finansdepartementet om at staten kunne dra inn opp mot 17 milliardar kroner i året.

Etter fire år med omstruktureringar og politiske omkampar viser kvitteringane at lakseskatten ikkje vart den gullgruva for fellesskapet som regjeringa lova:

I 2023 fekk staten inn 868 millionar kroner i netto lakseskatt.

Året etter sokk inntektene til 468 millionar kroner ein tiandedel av det staten budsjetterte med (tala for 2025 er enno ikkje klare).

 Mímir Kristjánsson (R) fra Vandrehallen

– Det er trist at lakselobbyen får lov til å diktere norsk skattepolitikk, seier Mímir Kristjánsson (Raudt).

Foto: Jane Rasmussen / NRK

«Det administrative hjartet» blir skrota

Bak tala ligg eit skjørt politisk kompromiss som gradvis har smuldra opp, og denne veka vart lakseforliket enno meir ein skugge av seg sjølv.

Tysdag vart eit fleirtal på Stortinget (Høgre, Frp, Venstre, KrF og Senterpartiet) samde om å leggje ned Prisrådet for havbruk innan 2027.

Rådet har vorte kalla «det administrative hjartet» i skattepakken, og vart sett opp for å rekne ut ein teoretisk «normpris» på laksen i det han vert henta opp av sjøen.

Ifølgje kritikarar er lakseskatten knapt til å kjenne igjen etter denne siste «utholinga».

– Det er trist at lakselobbyen får lov til å diktere norsk skattepolitikk, seier Raudt-representant Mímir Kristjánsson.

Han legg til:

– Med dette vedtaket spring dei folkevalde næringa sitt ærend, og det betyr mindre pengar til fellesskapet, og meir pengar i lommene på nokre av dei rikaste i landet.

Sjå tidslinja til laksekatten under:

  • Regjeringa (Ap/Sp) foreslår ein heilt ny grunnrenteskatt på havbruk på 40 prosent.

    NTB scanpix

    2022

    Regjeringa (Ap/Sp) foreslår ein heilt ny grunnrenteskatt på havbruk på 40 prosent.

  • Stortinget

    Berit Roald / NTB scanpix

    2023

    Regjeringa må barbere skatten for å få fleirtal i Stortinget. Skattesatsen vert senka frå 40 til 25 prosent, og det vert innført eit botnfrådrag på 70 millionar kroner.

  • For å sikre stemmene til Venstre og Pasientfokus, lovar regjeringa å innføre ei miljøteknologiordning innan utgangen av året. Denne skal gi skattefordelar til oppdrettarar som investerer i lusefrie, lukka anlegg.

    Øyvind Sandnes / NRK

    2023

    For å sikre stemmene til Venstre og Pasientfokus, lovar regjeringa å innføre ei miljøteknologiordning innan utgangen av året. Denne skal gi skattefordelar til oppdrettarar som investerer i lusefrie, lukka anlegg.

  • Tala for dei første skatteåra viser at staten berre får inn ein liten brøkdel av dei forventar milliardane. Samtidig vert regjeringas lova miljøordning stadig utsett. Næringa vert råka hardt av trafikklyssystemet, der mellom anna Vestlandet må kutte 6 prosent av produksjonen på grunn av lakselus.

    Frederik Winness Ringnes / NRK

    2024

    Tala for dei første skatteåra viser at staten berre får inn ein brøkdel av dei forventa milliardane. Samtidig vert regjeringas lova miljøordning stadig utsett. Næringa vert råka hardt av trafikklyssystemet, der mellom anna Vestlandet må kutte 6 prosent av produksjonen på grunn av lakselus.

  • Det blir kjent at laksegigantar som Mowi, Grieg Seafood og SalMar betaler tilnærma null kroner i lakseskatt.

    Hanne Wilhelms / NRK

    2025

    Det blir kjent at laksegigantar som Mowi, Grieg Seafood og SalMar betaler tilnærma null kroner i lakseskatt.

Slik krympar skatten

På Noregs handelshøgskole (NHH) har dei forska på korleis bransjen reagerte då skatten vart innført.

Ifølgje NHH-forskarane bruker dei store selskapa tre effektive grep for å krympe skatten sin:

  1. Tappar overskotet på land: Dei har skilt ut sjøfasen i eigne selskap. Landbaserte selskap (som produserer fôr, smolt eller leier ut utstyr) sel så tenester til sjøselskap med stiv forteneste. Dermed flyttar overskotet over på land – der det ikkje er lakseskatt.
  2. Super-smolt: Selskapa lèt laksen vekse seg mykje større på land før han vert sett ut i sjøen. Dermed er tida laksen bur i merdane i sjøen historisk kort.
  3. Frådrag: De store konserna har milliardar å investere, og desse investeringane kan trekkast direkte frå på lakseskatten.
  • Ole Troland

    Privat

    Ole Troland, Troland Fiskeoppdrett (Austevoll)

    Me synes at fjerninga av normprisrådet er eit riktig grep, spesielt for oss små, lokaleigde havbruksselskap. Rapporteringsbyrda er allereie veldig stor, slik at det har vore ei ekstra belasting på administrasjonen som ikkje gjer noko verdi for det me driv med.Me har ikkje nokre moglegheiter til å tilpasse drifta for å gjere dei tilpassingane nokre er redd for at ein skal gjere.

  • Bremnes seashore, Randi Bjelland, Simon Nesse Økland

    Eli Bjelland / NRK

    Simon Nesse Økland, Bremnes Seashore

    Normprisane har i periodar treft bra for standard laks. Men marknaden er meir samansett enn det ein normpris klarer å fange opp, til dømes for spesialprodukt og fastprisavtalar. Difor er det ryddig å gå tilbake til skattlegging av faktiske prisar. Då kan me bruka meir tid på trygg matproduksjon, lokalsamfunn og trygge arbeidsplassar langs heile kysten vår.

  • Marthe Hammer (SV) fra Vandrehallen

    Jane Rasmussen / NRK

    Marthe Hammer, SV

    Det er ekstremt naivt å avvikle normprisrådet. Når milliardkonsern kan setje prisane til seg sjølv, taper vanlege folk og kystkommunane. Fjordane våre skal ikkje vere skattefrie pengemaskiner for nokre få oppdrettsgigantar. Vi treng rådet for å stoppe skattetilpassing. Kysten tek miljøbelastninga med lus, då kan vi ikkje akseptere at selskapa finn nye skattesmutthull.

  • Krister Hoaas 2

    Sjømat Norge

    Krister Hoaas, Sjømat Norge

    Det er svært gledeleg at havbruksnæringa igjen får skatte av reelle inntekter, på linje med anna næringsliv. Normprisrådet har skapt uvisse, svekt tillit, feilbeskatning og ein stor rapporteringsbør. Eg vil rose stortingsfleirtalet, Høgre som fremma forslaget, og Senterpartiet som har lytta til næringslivet på kysten.

  • Hjetland, Ola Helge

    Mowi

    Ola Helge Hjetland, Mowi

    Vi er svært glade for at Stortinget avviklar prisrådet og normprisane. Vi har heile tida åtvara mot at ordninga er byråkratisk og gjev feil skatt. Det er faktiske inntekter som må danne grunnlaget, ikkje teoretiske prisar. Rådet er overflødig når vi alt har eit strengt regelverk for internprising, ekstern revisorrevisjon og kontroll- og sanksjonsmogelegheiter frå skattemyndigheitene.

  • Bjørn Arild Gram

    Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

    Bjørn Arild Gram, Senterpartiet

    Normprisrådet har vore ei unødvendig byråkratisering, og grunnrenteskatten på havbruk gjev fellesskapet vårt inntekter til å ta vare på velferda i heile Noreg.

  • Abid Raja (V) i Vandrehallen på Stortinget

    Jane Rasmussen / NRK

    Abid Raja, Venstre

    Sjølv om Venstre støtta ei førebygd innføring av grunnrenteskatt på havbruk, har vi aldri vore for normpris og prisrådet. Det er derfor gledeleg at det nå er fleirtal for å avskaffe noko som utelukkande skaper frustrasjon i næringa.

  • Bård Ludvig Thorheim

    Pål Hansen / NRK

    Bård Ludvig Thorheim, Høgre

    Høgre ønskjer at næringslivet skal skape jobbar og verdiar, ikkje bruke tida på unødvendig rapportering. Derfor meiner vi at havbruksnæringa skal skatte av reelle verdiar kontrollert av Skatteetaten, og er glade for at normprisordninga blir avvikla.

  • en person som holder en drink

    Privat

    Hilde Grande, Frp

    Vi har vore mot heile grunnrenteskatten frå første dag. Avviklinga av normprisrådet er eit viktig første steg mot å fjerne ein skatt som hemmar investeringar, verdiskaping og arbeidsplassar langs heile kysten.

  • en mann som står foran en port

    Tore Ellingseter / NRK

    Harry Valderhaug, KrF

    KrF vil ha ein enklare kvardag for bedriftene. Ordninga med normprisar og prisråd har skapt ei stor rapporteringsbør for oppdrettsselskapa, særleg for dei små aktørane. Eg er glad for at denne børa no blir fjerna.

  • en person som har på seg lue og skjerf

    Trude Furuly / NRK

    Line Ellingsen, Ellingsen Seafood

    Vi er kjempefornøgde med at normprisrådet blir skrota. Det har vore ei enorm administrativ bør, spesielt for dei mindre selskapa. Det er berre éin måte å få dette rettferdig på, og det er at man skattar av reelle prisar.

  • Bent-Joacim Bentzen

    Benjamin Fredriksen / NR / Benjamin Fredriksen / NRK

    Bent-Joacim Bentzen, Sp

    Vi har lytta til næringslivet langs kysten. Normprisrådet har vore ei unødvendig byråkratisering. Nå får vi forhåpentlegvis eit betre system som legg til rette for like vilkår for både små og store oppdrettarar.

  • Mmir Kristjánsson (R) fra Vandrehallen

    Jane Rasmussen / NRK

    Mímir Kristjánsson, Raudt

    Det er trist at lakselobbyen får lov til å diktere norsk skattepolitikk. Med dette vedtaket løper man næringa sitt ærend, og det betyr mindre pengar til fellesskapet, og meir pengar i lommene på nokre av dei rikaste menneska i landet.

Miljø-løftet som vart borte

Påstanden om «utholing» har også ein annan komponent, nemleg miljøet.

For å få Venstre og Pasientfokus til å stemme for skatten i 2023, lova regjeringa ei storstilt miljøteknologiordning.

Tanken var at oppdrettarar som investerte i lukka eller miljøvennlege anlegg for å unngå lakselus og hindre at oppdrettsfisk døyr i merdane, skulle få økonomiske gulrøter og skattefordelar. Dette skulle leverast i 2023.

Etter store forseinkingar er ordninga framleis ikkje på plass, og er tidlegast venta å tre i kraft neste år.

Publisert 27.05.2026, kl. 13.54

Read Entire Article