Slik forvandla Olav Thon bygda i Hallingdal

2 hours ago 2


– Olav Thon var verkeleg ei gåve til Flå kommune, seier ordførar Merete Høntorp Gandrud (Ap), til NRK.

I 2006 blei Thon stoppa av lensmannen i Flå.

Der kom samtalen inn på Bjørneparken og lensmannen tok han med på besøk i parken.

– Han spurde om eg hadde klart å halde fartsgrensa, sa Thon til Dagens Næringsliv i 2012 og fortel at samtalen raskt kom inn på Bjørneparken.

Der og då bestemte Thon seg for å forvandle bygda. Sidan 2007 investerte han og selskapa hans over 350 millionar i alt frå hotell til McDonalds.

For ordførar Gandrud er det ein trist dag, men ho vel å tenke på alt han gjorde for Flå.

– Han har jo forvandla denne kommunen vår frå ei mindre bygd til eit pulserande sentrum i Hallingdal. Han torde jo å satse der andre berre køyrde forbi.

Publisert 16.11.2024, kl. 14.42 Oppdatert 16.11.2024, kl. 14.42

Read Entire Article