Skrekktal for norsk hoppsport: Har mista éin av tre sjåarar

1 week ago 10


– Det er sjølvsagt synd og slitsamt for oss viss vi må vinne mange hopprenn for å klare å halde på sjåarane, men samtidig så er det jo det som er målet, seier Halvor Egner Granerud til NRK.

Ifølge ein medierapport frå Det internasjonale skiforbundet (FIS), utarbeidd av analyseselskapet The Nielsen Company, så blei 20 millionar færre norske TV-sjåarar eksponerte for herrehopp i løpet av 23/24-sesongen.

  • Utvikling, TV-tall, hopp

    Hopp har hatt en betydelig nedgang i det etterlatte medieinntrykket det siste året. I tillegg har det kumulative publikumet krympet. Også timene til eksponering har gått ned.

  • Utvikling, TV-tall, Everviz, alpint

    Alpint har økt eksponering i antall timer. Likevel gikk både det etterlatte medieinntrykket og det kumulative publikumet ned det siste året. (Merk at tallene på aksen til venstre er ulike fra graf til graf).

  • Langrenn, tall

    Også langrenn har økt eksponering i antall timer fra 22/23- til 23/24-sesongen. Likevel gikk både det etterlatte medieinntrykket og det kumulative publikumet ned det siste året. (Merk at tallene på aksen til venstre er ulike fra graf til graf).

  • utvikling, tv-tall, kombinert

    Kombinert har positiv utvikling i både eksponering, kumulativt publikum og medieinntrykk. (Merk at tallene på aksen til venstre er ulike fra graf til graf).

  • Utvikling, tV-tall, totalt

    Totalen blir dermed slik. Økning i eksponering til tross, både medieinntrykket og det kumulative publikumet har krympet for de fire vintersportene.

Frå sesongen 2022/23 til 2023/24 var det ein nedgang i det kumulative publikummet i Noreg frå 52,49 millionar til 32,86 millionar sjåarar. Dette representerer ein nedgang på 37,4 prosent.

– Det liker vi ikkje. Men så har det nok kanskje litt å gjere med kven som sit på rettane til kva renn, og størrelsen på dei konkurransane, som kan ha ein effekt på det, seier sportssjefen til hopparane Jan-Erik Aalbu til NRK.

– Jobbar knallhardt

Totalt sett er den internasjonale medieeksponeringa på TV omtrent på staden kvil. Når det gjeld medieinntrykk totalt, så har Noreg også gått ned rundt 36 prosent, ifølge rapporten.

«Blant toppnasjonane er det Austerrike (+29%) og Finland (+13%) som ser den sterkaste auken i mediepåverknad, mens trenden i Noreg (-36 %) går i motsett retning», står det i rapporten.

Hopplandslaget er i økonomisk krise. Hopp må blant anna skaffe 2.5 millionar friske sponsormidlar i løpet av hausten, ifølge VG. I tillegg har dei gått i underskot i fleire år.

– Kor mykje vanskelegare gjer tal som dette det for dykk i sponsorjakta?

– Eg har ikkje lyst til å bruke ordet vanskeleg, for dette er noko eg har tru på at vi skal få til. Men det er jo klart at det ikkje er positivt at vi har færre sjåarar, seier Aalbu og held fram:

– Men vi jobbar knallhardt for å snu den trenden. Det viktigaste vi kan gjere det er å bli meir attraktive.

zvquZR-P0Cs

POSITIV: Jan-Erik Aalbu er sportssjef for hopplandslaget.

Foto: NTB

Eit turbulent år

Johann André Forfang og Eirin Maria Kvandal var dei beste norske hopparane i verdscupen i fjor. Begge enda på sjuandeplass i verdscupen samanlagt.

Under VM i skiflyging i Kulm i januar blei det ingen medaljar på det norske hopplandslaget. For første gong i ein meisterskap sidan 2003.

– Det er jo sånn at det er fleire som har lyst til å sjå på når dei kan skru på når Noreg vinn. Og det var veldig mykje meir vinning for to år sidan enn det det var i fjor, seier Granerud.

Landslagstrenar Magnus Brevig trur det handlar om meir enn å berre vinne renn.

– Du må by litt meir på deg sjølv, også på sidelinja, eller ved sidan av sporten. Og det trur eg utøvarane er veldig modne for no, seier Brevig til NRK.

Den førre sesongen til landslagshopparane vil truleg best bli hugsa for utanomsportsleg dramatikk.

I løpet av januar varsla mangeårig sportssjef Clas Brede Bråthen sin avskjed. I mars slutta han i protest før oppseiingstida var ferdig etter at utøvarane uttrykte misnøye med mangeårig landslagstrenar Alexander Stöckl. I mai blei Stöckl einig med Skiforbundet om sluttpakke.

Publisert 12.11.2024, kl. 05.44

Read Entire Article