Skreiv at kvinne skulle bli «tatt ut» – skal nesten ha blitt drepen, ifølge aktor

1 week ago 7


I starten på den femte veka av rettssaka mot dei to IS-tiltalte søstrene, la politioverbetjent Martin Bøyum fram elektroniske beslag frå mobiltelefonen til den eldste søstera.

Då ho brukte denne mobiltelefonen, var ho i den overfylte Al Hol-leiren i Syria saman med borna sine. Denne leiren var prega av vald og stor naud.

På mobilen hadde den eldste søstera frå Bærum lasta ned IS-propaganda og ein avretting-video.

Rettssak to søstre

Dei to søstrene teikna i retten saman med forsvararane sine.

Foto: Ane Hem / NTB

Ho meiner ho måtte ha dette på telefonen, for å framstå som ein tilhengar av IS. Om ikkje, ville dette sette ho i fare.

Mobilen har norsk politi fått frå britisk politi. Britane tok telefonen då dei arresterte den eldste søstera i Al Hol-leiren. Det var fordi ho hadde omsorga til barnet til ein kjend framandkrigar.

Denne kvinnelege framandkrigaren frå Storbritannia skal ha ønska å vere den første til å halshogge personar frå vesten, ifølge fleire medium.

– Ein ting er hennar radikale meiningar, men ho var ein hyggeleg person, svarar søstera i retten.

Den eldste av dei to søstrene er tiltalt for å ha «handtert hendingar og reaksjonar» mot kvinner som blei sett på som fiendar av IS, eller som ikkje støtta IS sin ideologi i leiren.

På denne telefonen fann politiet fleire samtalar som dei meiner beviser dette.

Dei to søstrene nektar straffskuld i saka. Ifølge dei sjølve reiste dei til Syria for å drive hjelpearbeid, og at dei aldri støtta IS.

– Banke driten ut av dei

I mars 2021 chatta den tiltalte med ei kvinne ho trur var finsk-somalisk. Temaet i samtalen var kva ein skulle gjere med fem kvinner i leiren som blei sett på som «spionar».

Denne flyktningleiren var driven av ein kurdisk milits. Dei som budde der, kom frå tidlegare IS-kontrollerte område.

Til retten fortalde ho om eit tøft miljø der dei måtte følge IS sine spelereglar, samstundes var det et «lovlaust samfunn».

Rattsak to søstre

Statsadvokat Marit Formo fører saka mot dei søstrene frå Bærum.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Søstera forklarte kva den russiske-talande gruppa ville gjere med «spionane» fordi dei hadde forårsaka så mykje skade i leiren.

– Dei skulle banke driten ut av dei, fortel søstera i retten.

Påtalemakta meiner derimot at tiltalte sjølv var involvert i handteringa av «spionane».

I chatten fortel søstera om planane:

«Vi gjer ingenting akkurat no. Vi ventar berre på løyve til å gjere jobben», skreiv den eldste søstera.

Det var ein dommar i IS som skulle gje dette løyve.

I retten blei den tiltalte pressa på kven ho meinte vi var. Søstera innrømte at vi var ho sjølv og den russiske-talande gruppa med kvinner, men ho avviste at ho skulle vere med på dette.

– Om dette er nokon andre enn deg, kvifor skriv du ikkje «they»?

– Eg skriv det seinare. Ein bruker «we» og «they» om kvarandre.

– Det forstår eg ikkje, men ok, svarar aktor.

Kvifor involverer du deg da, legg ho til.

Eg budde i deira nabolag. Når du er så tett på det så er du ein del av vi-et, sjølv om du ikkje har ein intensjon om å gjere noko.

Deretter blei ho spurt av aktor om kva «jobb» som skulle bli utført.

– Det var å utøve fysisk vald mot desse kvinnene.

De to søstrene som reiste fra Bærum til Syria i leiren Roj nordøst i Syria i oktober 2021.

NRK møtte dei to søstrene i Syria.

Foto: Gunnar Bratthammer

I chatten skreiv den eldste søstera vidare at ho hadde brukt dei siste dagane til å følge med på «spionane».

Søstera forklarte at desse kvinnene var farlege fordi de fortalde vaktene om kven som hadde telefonar, planla å rømme og liknande. Sikkerheitsvaktene kunne då stele og banke opp kvinner, forklarte søstera.

– Ikkje så alvorleg som språket ser ut

I chatten frå mars 2021 skreiv den tiltalte at «søstrene» ville at alle dei fem kvinnene skulle bli «taken out». I retten forklarte den tiltalte at med «søstrene» refererte ho til gruppa med russisk-talande kvinner i leiren.

«Fem spionar er involverte og søstrene vil «ta ut» alle saman», skreiv den tiltalte.

– Språket er veldig veldig tøft. Det var ikkje så alvorleg som språket ser ut. Intensjonen var å stoppe desse kvinnene frå faren og trusselen dei var mot samfunnet i Al Hol, sa den tiltalte.

Ifølge aktor meiner PST at dei har identifisert ei av den fem «spion-kvinnene».

– Er du kjent med om ho blei utsett for vald, spør Formo.

– Eg er ikkje kjent med det. Ingenting skjedde med desse kvinnene medan eg var i Al Hol-leiren.

– Det har kome fram opplysningar om at ho nesten blei drepen. Har du kjennskap til det?

– Nei, svarar den eldste søstera.

Den tiltalte forklarte at ho følgde med på desse «spionane» fordi dei kunne sette henne i ein farleg situasjon.

Det var viktig å vite kven ho skulle unngå, sa forsvarer Tor Omar Nyquist til NRK då retten var heva.

Statsadvokat Marit Formo seier påtalemakta ikkje kjøper denne forklaringa.

Vi meiner ho hadde ei rolle i det som skjedde der, og at forklaringa hennar ikkje fremstår som truverdig, seier Formo til NRK.

Les meir om kva dei er tiltalt for her:

Publisert 13.11.2024, kl. 14.10

Read Entire Article