Skogfinnane føler seg gløymde: – Veldig leit

3 hours ago 5


– Eg synest det er veldig leit. Det ekskluderer mange av dei nasjonale minoritetane vi har, seier Marikken Bruvold.

Ho er leiar i Unge Skogfinnar i Noreg – Norjan Metsäsuomalaisnuoret, og meiner politikaranes uvitande gjer vondt.

Førre veke skapte eit vedtak i landsmøtet til KrF reaksjonar.

Vekk med pride-flagget, berre det norske, samiske og kvenske flagget skal vere tillate i norske skulegardar.

Skogfinske flagget

På denne dato for to år sidan vart det skogfinske flagget for første gong heist på ein offentleg flaggstong. Då utanfor Oslo Rådhus.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Men Noreg har fleire nasjonale minoritetar.

Og skogfinnane krev no svar på kvifor deira flagg ikkje vart inkludert.

– Forskjellsbehandling

Bruvold synest heile vedtaket til KrF er skuffande, og eit bevis på kor lite folk veit om skogfinnane.

– Undersøkingar viser at skogfinnane er den minst synlege minoriteten av alle, hevdar Bruvold, og legg til:

– Dette gjer oss enda mindre synlege.

tog med mennesker som bærer skogfinneflagget

4. mai for to år sidan blei 200-årsdagen for «Tolvmannamarsjen» markert. Den 4. mai 1823 fekk 12 skogfinnar audiens hos kongen i Stockholm. Då hadde dei gått heile vegen frå Finnskogen med mål om å be om eit eige skogfinsk herred.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Organisasjonen Skogfinske Interesser i Noreg har sendt eit brev til sentralstyret i KrF.

I brevet skriv dei at det er behov for klargjering av haldningane partiet har til dei nasjonale minoritetane, og spør kvifor dei er behandla ulikt.

Styreleiar i Skogfinske interesser i Noreg, Terje Audun Bredvold, er spent på kva KrF kjem til å svare.

– Dei har jo gjort eit val der dei gjer forskjell på ein nasjonal minoritet frå dei andre. Korleis dei skal grunngi det, er eg spent på, Bredvold.

– Det jo forskjellsbehandling, og det er merkeleg.

Av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg, er det fleire av dei som har eige flagg.

En gruppe flagg

KrF seier ja til kvensk, samisk og norsk flagg – men ikkje skogfinsk eller romanifolkets flagg.

Foto: Laila Lanes / NRK

Bredvold seier det var sårt å sjå at Skogfinnane vart gløymd som nasjonal minoritet.

– Det er eit signal om at vi aldri kan slappe av i dette arbeidet. Vi må framleis kjempe.

– Ikkje meininga

Generalsekretær i KrF, Ingunn Ulfsten, skriv i ein SMS til NRK at dei fekk brevet rett før helga.

– Vi jobbar med eit svar. Skogfinnane sine rettar er viktige for oss, og vi set pris på deira engasjement, skriv ho.

en gruppe mennesker som står foran en stor skjerm

Flaggvedtaket skapte strid internt i KrF, men blei vedteke.

Foto: Vilde Handal, Nina Kausland / NRK

Det var ungdomslaget KrFU som kom med forslaget.

– Det var ikkje meininga å stenge ute skogfinnane, seier Ingrid Olina Hovland, generalsekretær i KrFU.

Ho seier til NRK at dersom vedtaket blir politisk realitet, vil dei sjølvsagt inkludere alle dei nasjonale minoritetane, også skogfinnane.

– Hensikta med forslaget er at det ikkje skal henge politiske eller ideologiske flagg i skulegarden.

– Start med pensum

Leiaren i Unge skogfinnar meiner vi må kunne ha høgare forventningar til at politikarar har kjennskap til kva for nasjonale minoritetar vi har i Noreg.

Særleg dei som sit på Stortinget burde vite dette, meiner ho.

– At dei har gløymd oss, seier jo litt om kor lite synlege vi er som minoritet, seier Bruvold.

en kvinne med rødt hår

Marikken Bruvold er leiar i Unge Skogfinnar i Noreg – Norjan Metsäsuomalaisnuoret.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

– Det er jo veldig leit, særleg no som vi har fått ganske mykje merksemd etter rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen, som også har vore oppe i Stortinget, seier ho.

For snart to år sidan la sannings- og forsoningskommisjonen fram ein rapport etter å ha granska konsekvensane av fornorskingspolitikken og urett ovanfor samane og nasjonale minoritetar.

Kommisjonen slo fast at kunnskap om skogfinnar, samar og kvenar er svært mangelfull blant befolkninga i Noreg.

Dei meinte auka kunnskap kan redusere diskriminering og hets av desse gruppene.

 stor markering om skogfinnedagen i Oslo. 
Den 4. mai markeres 200-årsdagen for «Tolvmannamarsjen» da skogfinnene gikk helt til kongen i Stockholm for å tale sin sak. I dag ble også det nye flagget for skogfinner brukt for første gang offisielt i Norge. Det ble heist på Rådhusplassen i Oslo kl. 8 i dag. 21. juni skal det også for første gang markeres en nasjonaldag for skogfinner

I 1823 var det 12 skogfinnar som marsjerte til kongen, den gong i Stockholm, for å be om eit eige skogfinsk herred. 200 år seinare, 4. mai 2023, gjekk eit langt større tal skogfinnar til det kongelege slott i Oslo for å markere «Tolvmannamarsjen».

Foto: NRK

Bruvold meiner politikarane i KrF no må setje seg inn i kva nasjonale minoritetar som finst i Noreg.

– Eg veit ikkje kva dei har lært på skulen, men det er tydeleg at dei ikkje har lært om oss, seier ho.

  • Høyr podkasten om mannen som gjekk til ein foss i Finnskogen for å selje sjela si til djevelen. Framleis skjer det rare ting der:

Publisert 04.05.2025, kl. 14.49

Read Entire Article