Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
KI endrar programmeringsfaget: – Lærarar bør endre måten dei måler programmeringsferdigheiter på, seier forskar.
Kunstig intelligens endrar programmeringsfaget. (Foto: Shane Colvin/ Universitetet i Oslo)

– Eg fekk mykje informasjon av å studere elevane medan dei lærer, sier Kristina Litherland. Ho har gjennomført doktorgrad ved Institutt for pedagogikk, UiO. (Foto: Shane Colvin/ UiO)
– Det handlar ikkje berre om å ende opp med riktig eller gale til slutt. Det handlar også om korleis elevane kjem fram til svaret, seier Kristina Torine Litherland.
Pedagogikkforskaren ved Universitetet i Oslo (UiO) vart nyleg ferdig med ein doktorgrad om programmeringsundervising i norske skular.
Mellom anna har ho studert elevane sin læringsprosess i valfaget programmering på ungdomsskulen, og i IT1 og IT2, som er programfag for elevar som vel studiespesialisering på vidaregåande.
– Det som er vanleg i vurderingssituasjonar, er at læraren ser på det ferdige programmet elevane leverer. Men då har elevane fjerna testar og «rydda opp» koden. Eg fekk mykje informasjon av å studere elevane medan dei lærer, sier Litherland.
Fleire elevar hadde praksisar som er nyttige i møte med KI
I arbeidet brukte ho det norskutvikla koderedigeringsverktøyet Scrimba, som har innebygde pedagogiske funksjonar, som skjermopptak, der elevane snakkar og forklarer samtidig som dei programmerer.
Det finst også andre verktøy som kan brukast, understrekar Litherland.
Ho såg at fleire av elevane jobba på smarte måtar, utan at lærarane hadde sjanse til å fange det opp. Desse elevane hadde også praksisar som er nyttige i møte med kunstig intelligens (KI).
Innsamlinga av informasjon vart gjort i 2022, altså før KI rulla inn i programmeringsfaget med full tyngde. I ein av studiane følgde ho arbeidet til 19 elevar.

Det handlar ikkje berre om det endelege resultatet. Det handlar også om korleis elevane kjem fram til svaret. (Foto: Colourbox)
– Når elevar gjorde smarte ting, var det ikkje noko dei hadde blitt lærte opp til. Men praksisane viser måtar å lære på som var nyttige då, og som blir endå meir nyttige når KI no endrar faget, seier Litherland.
Det som skilde elevane frå kvarandre, var om dei såg på programmering som ein éinvegsprosess, altså at dei laga instruksar til datamaskina og ferdig med det, eller om dei hadde ein dialog med programmet sitt.
Brukte teknologi som sparringspartnar
Av og til opplevde elevane at programmet dei jobba med å lage, plutseleg ikkje fungerte. For å finne feilen, hende det at nokre av dei sletta ulike delar av programmet slik at dei fekk opp ein tidlegare versjon som fungerte.
– Då kunne dei teste ulike delar av koden i koderedigeringsverktøyet og sjå kva slags svar dei fekk tilbake når dei køyrde programmet. Slik isolerte dei problemet, seiar forskaren.
Ein annan måte elevar snakka med teknologien på, var å legge inn ekstra element i koden som oppgåva ikkje bad om. Då kunne programmet sjølv fortelje dei om dei var på rett spor i utviklinga av programmet sitt.
– I staden for å tenkje at «eg må gjere alle ting rett for å få til dette», brukte desse elevane programmet som ein sparringspartnar. Det er nettopp det same vi ser skje i programmering med KI, seiar Litherland.
Bort med Java, inn med engelsk?
KI har dei siste åra endra programmeringspraksisen i mange verksemder. I Noreg tilbyr fleire universitet og høgskular no utdanningar i programmering med KI.
– Vi burde jobbe for å få inn fleire av desse praksisane i skulen. Det var jo ein del elevar som ikkje førte samtalar med programmet, òg, som fekk kjempegode karakterar. Men når du lærer programmering, er arbeidsmetoden vel så viktig som resultatet, seier Litherland.
I såkalla «vibe coding» – som har kome i 2025 – bruker ikkje programmerarane klassiske programmeringsspråk som Java eller C#. Her bruker dei berre engelsk og fører slik ein samtale med KI.
– Programmering går frå å vere ein einvegs samtale der ein person sit og tastar i veg, til at det både handlar om å taste, lese og byggje ei felles forståing med maskina. Dette liknar på nokre av dei praksisane eg observerte.
Er programmering med KI juks?
Litherland trur at IT-profesjonelle framover i mindre grad vil trenge grunnleggjande programmeringsferdigheiter. Dei må heller vite korleis dei kan styre ein interaksjonsprosess med maskina.
– Men eg trur også at vi må spørje oss sjølve kva vi reknar som grunnleggjande ferdigheiter, seier ho.
– Kanskje vil noko som har vore vanskeleg for studentar før gå raskare, som å skrive eit stort program med tusen linjer. Samtidig kan ting vi til no har sett på som enkelt, bli vanskelegare, fordi du ikkje har hatt bruk for å jobbe deg gjennom det.
Det vi uansett kan vere sikre på, er at KI er kjempegod på programmering, understrekar ho.
– Dette er folk i skuleverket nøydde til å ta stilling til. For eksempel må vi spørje oss kva vi ønskjer at elevane skal lære, og om programmering med KI skal reknast som juks eller ikkje.
Referanse:
Kristina Litherland og Anders Kluge. Learning to program as empirical inquiry: using a conversation perspective to explore student programming processes. Computer Science Education, 2023. https://doi.org/10.1080/08993408.2023.2290410
Om forskinga
Litherland si doktoravhandling Learning to program, programming to learn: Conceptual and methodological investigations of programming as a sociotechnical learning process er basert på arbeid i to tverrfaglege forskings- og innovasjonsprosjekt; ProSkap (Programmering og skaperverksted i skolen) og Kodesnakk (Programmeringsopplæring med interaktive screencaster).
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER