– Det er jo sjukt, det skal ikkje vere naudsynt å filme pasientane i skjul, seier kvinna til retten.
Ho er den første kvinna retten får sjå videobevis av i rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen.
Videoen viser det som skal vere ei valdtekt av kvinna.
Arne Bye nektar straffskuld for å ha valdtatt kvinna.
Forlèt rettssalen
Kvinna, som var i 50-åra da valdtekta skal ha funnen stad, var den siste av tre kvinner som fortalde historiene sine i Trøndelag tingrett tysdag.
– Eg føler at han har svikta oss, seier ho når aktor spør korleis ho opplevde å ha blitt filma.
Etter å ha gitt forklaringa si forlèt kvinna rettssalen.
Ho ønska ikkje å vere til stades når retten fekk sjå video frå legekontoret.
Aktor Eli Nessimo leste deretter frå gjennomgangsrapporten politiet har skrive frå videomaterialet.
I fleire minutt såg retten på videoklippa frå legekontoret i stillheit. Bye sjølv noterte på eit ark.
5500 timar med videoopptak
Heime hos Bye beslagla politiet 5500 timar med videomateriale frå legekontoret og undersøkingsrommet.
Totalt har 77 av dei 94 fornærma kvinnene blitt filma.
Bye har tidlegare forklart at han filma fordi han var redd for klagesaker.
Det var tidlegare venta at også pressa skulle få sjå videobevisa. Tingretten snudde derimot på dette.
No får pressa vere til stades i rettssalen, men utan at videoane blir vist på skjermar pressa får sjå.
Erkjenner misbruk av stilling
To kvinner til fortalde historia si i retten tysdag. Bye er tiltalt for å ha valdtatt disse og for å ha utnytta stillinga si for å oppnå seksuell omgang.
Bye erkjenner å ha misbrukt stillinga si overfor begge disse.
– Eg har erkjent straffskyld i denne saka. Grunnen til at eg har gjort det er basert på det eg høyrer pasienten har sagt, sa Bye etter at den første kvinna vitna.
Bye sa han i journalnotatet har brukt same skildring som i eit tilfelle han har sett på video. Denne behandlinga erkjenner Bye at ikkje var innafor.
– I ein gjennomgang av videoen har eg sett at det har vore gjennomført smørjing som er inadekvat.
Da Bye gav forklaringa si om den andre kvinna som vitna i dag, brukte han same grunn for at han erkjente misbruk av stilling.
Også før helga erkjente Bye å ha misbrukt stillinga si overfor ei av kvinnene som vitna. Han gav da same grunn.
Arne Bye har erkjent å ha valdtatt tre av dei 87 kvinnene han er tiltalt for å ha valdtatt. I tillegg har han erkjent å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang overfor 35 av kvinnene.
Hadde mistanke om at ho blei filma
Også den første kvinna som fortalde historia si i retten tysdag har blitt filma av Arne Bye.
Bye er tiltalt for å ha rørt kvinna si klitoris på ein «masturbasjonsaktig måte» under ei gynekologisk undersøking, men filminga viser ei anna konsultasjon enn Bye er tiltalt for.
Kvinna fortel at ho under ei undersøking hadde mistanke om at Bye filma.
– Det var ein gang eg tenkte tanken. Eg syntest han brukte lang tid på førebuinga til undersøkinga og han verka stressa.
– Du tenker det berre, men du trur det jo ikkje, fortsett kvinna.
Ho fortel at filminga er det verste med saka for henne.
– At han har brote den tilliten.
Hei!
Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?
Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!
All informasjon blir behandla konfidensielt.
Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit
Journalistar i NRK Trøndelag
Publisert 19.11.2024, kl. 14.14 Oppdatert 19.11.2024, kl. 14.21